Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bidra til å styrke ein person si sjølvstende og meistring i kvardagen?
Vi har ledig inntil 100 % fast stilling med og er pr dags dato i hovudsak knytt til oppfølging av ei vaksen person med erverva kognitiv svikt. Stillinga vil innebere i hovudsak 12,5-timarsvakter i 3-7, 4-7 turnus.
Me søkjer deg som likar å jobbe med menneske, som er dyktig til å bygge relasjonar og som spreier livsglede til folka omkring deg. Du ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og utvikle eigen arbeidsplass.
Er du nyutdanna, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.
Inntil 100 % fast stilling med tilbod om langvakter, der dei fleste vaktene med 12,5 timer, arbeid kvar 3. helg, gode friperiodar og årsturnus. Det er organisert eigen nattevaktsturnus i tenestene.
Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som legg vekt på fagleg kvalitet. Hjå oss får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg, innovative fagmiljø som stadig er i utvikling. Her er du garantert ein variert og spanande jobb. Du har gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg.
Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Ellers har me:
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.
Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du på vår heimeside.
Stillinga er pr dags dato primært knytt til ein bruker, men du må rekne med å utføre oppgåver i heimetenesta eller ved andre avdelingar i kommunen når tenestene sine behov tilseier dette.
Personlege eigenskapar blir tillagt vekt.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt ål