
Møre og Romsdal Politidistrikt · ålesund
Om stillinga Vi har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved støttesenteret for kriminalutsette i Møre og Romsdal politidistrikt. Vi søkje...
Vi har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved støttesenteret for kriminalutsette i Møre og Romsdal politidistrikt.
Vi søkjer etter ein engasjert rådgjevar/seniorrådgjevar som kan lose borgarar utsett for kriminalitet gjennom straffesaksprosessen. Likar du å jobbe sjølvstendig, er empatisk og har god evne til å arbeide med ulike menneske kan dette vere rette stillinga for deg.
Støttesenteret for kriminalitetsutsette skal vareta og bistå dei som er blitt utsett for integritetskrenkande kriminalitet, herunder fornærma utsett for seksuelle overgrep og fornærma i vald i nære relasjonar. Tilbodet inneber psykososial støtte, oppfølging, informasjon og støtte upartisk gjennom heile straffesakskjeda. Primært er dette gjennom samtalar med fornærma og pårørande, men også i drøfting utan at det føreligg melding til politiet.
Støttesenteret driv ikkje med behandling, men skal ha kunnskap om behandlingstilboda i politidistriktet. Det er eit mål å lose den utsette vidare til riktig hjelp. Sjå https://www.politiet.no/kontakt-oss/stottesenter-for-kriminalitetsutsatte/
Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig ei fast rådgjevarstilling.
Arbeidsstad er Ålesund, Molde, eller Kristiansund etter nærare avtale.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å hjelpe andre menneske som av ulike årsakar er utsette for kriminalitet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet.
Evnen til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
For å bli vurdert som seniorrådgjevar må du ha relevant mastergrad eller tilsvarande og minimum fem års relevant erfaring. I denne vurderinga kan relevant erfaring kompensere for kravet til mastergrad. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
Det er også ønskjeleg med
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Om stillinga Statsforvaltaren i Vestland lyser ut éi fast stilling for jurist på barnevernsområdet. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til forsvarlege og trygge tenester for barn og unge. Tilsyn med barnevernsinstitusjonar er ein sentral del av stillinga. Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ansvar for tilsyn, rettleiing, klagesaksbehandling og andre forvaltningsoppgåver innan barnevern, sosialtenester, helse og omsorg. Vi jobbar i skjeringspunktet mellom juss og barnevernsfag på velferdsområdet. Vi løyser oppgåvene med høg kvalitet, fagleg tyngde og er i kontinuerleg utvikling. Stillinga ligg til kontorstad Leikanger. Arbeidsoppgåver Ein vesentleg del av arbeidet er tilsyn med barnevernsinstitusjonar, der du vil • planleggje, gjennomføre og følgje opp tilsyn • vurdere praksis opp mot barnevernslova og forskrifter • utarbeide rapportar og eventuelle pålegg • samarbeide tett med kommunar, institusjonar og andre aktørar Andre sentrale oppgåver er • behandling av klager og andre forvaltningssaker • råd og rettleiing til tenester og brukarar • formidling av faglege vurderingar • deltaking i fagutvikling og kompetanseheving Andre relevante oppgåver kan bli tildelte etter avtale med seksjonsleiar. Kvalifikasjonar • Juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap • Gjerne erfaring frå barnevernsfeltet • God innsikt i offentleg forvaltning • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål • Evne til strukturert og sjølvstendig arbeid • Trygg i møte med komplekse faglege vurderingar • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø • er analytisk, grundig og fagleg trygg • kommuniserer klart og forståeleg • bidreg positivt til arbeidsmiljøet • er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsretta Personlege eigenskapar blir vektlagde. Som tilsett hos Statsforvaltaren får du • interessante arbeidsoppgåver • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø • ein arbeidsplass i utvikling • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning • trening i arbeidstida • delvis heimekontor • fleksibel arbeidstid • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Vi ønskjer mangfald Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Vilkår Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir. Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000–770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok. Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om stillinga Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar. Seksjonen arbeider med implementering og forvaltning av EU-regelverk som har stor betydning for den digitale samfunnsutviklinga i Noreg, mellom anna KI-forordninga, forordning om digitale tenester og regulering av elektronisk identitet. Seksjonen har òg ansvar for digital tryggleik, digital inkludering, kommunikasjonsvern og personvern. Du vil bidra til utviklinga av politikk på eit område med høg politisk merksemd. Bruken av teknologi og digitalisering aukar, og påverkar kvardagen til kvar og ein av oss, og samfunnet som heilskap. Det gir store moglegheiter, men krev òg strategisk styring og regulering. Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit nødvendig verkemiddel for å møte desse krava, samstundes som vi tek vare på rettstryggleik og tillit. Hos oss vil du bli del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø som består av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og har ein kultur prega av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men òg svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på å byggje relasjonar og samarbeid både internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar. Arbeidsoppgåver Du vil inngå i eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og arbeide med sentrale problemstillingar knytte til digitale rettar og regulering. Arbeidet vil spenne frå langsiktig utgreiing og regelverksutvikling til løpande oppfølging av saker med korte fristar. Du vil få ei sentral rolle i å bidra til kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming. Du vil mellom anna: • utarbeide regelverk, herunder delta i innlemming og gjennomføring av EØS-relevant regelverk • arbeide med utgreiing og analyse • førebu saker for, og gi faglege råd til, politisk leiing • delta i fagdialog med underliggjande verksemder • behandle førespurnader frå publikum • bidra i seksjonen si øvrige oppgåveløysing innan digitaliseringsfeltet Vi søkjer deg som har Du må ha: • mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen eller innan samfunnsvitskaplege fag • minimum tre års relevant erfaring for stilling som rådgjevar og fem års relevant erfaring for stilling som seniorrådgjevar • erfaring med regelverksarbeid, utgreiing eller digitaliseringsrelaterte problemstillingar • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det er ønskjeleg at du har: • kjennskap til EØS-prosessar • kjennskap til regelverk og forvaltning knytt til digitalisering og/eller ID-regulering Personlige eigenskapar Vi ser etter deg som: • tar initiativ og driv arbeidet framover • evnar å handtere fleire parallelle prosessar og korte fristar • arbeider strukturert og planmessig • er fleksibel og løysingsorientert • samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • har stor arbeidskapasitet Det vil bli lagde vekt stor vekt på personleg egnethet. Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi tilbyr Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr: • kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø • fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommar-/vintertid • moglegheit for trening i arbeidstida • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar • eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette og eige bedriftsidrettslag Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 650 000-750 000 kroner per år eller seniorrådgjevar i lønnsspennet 750 000-850 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse. Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her. Vi er opptekne av Mangfald er ein styrke og bidrar til endå betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg dersom du har behov for det. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir ikkje brukt til andre føremål enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Informasjon til deg som søkjer • Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir. • DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. • Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden. Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Åste Marie Skullerud på tlf 90967304 eller e-post aste-marie.skullerud@dfd.dep.no. For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no.
Kva gjer vi i seksjon for grønn omstilling? Seksjonen har tre hovudfelt: energiomstilling, berekraftig næringsliv og berekraftig finans. Samanhengen mellom økonomisk utvikling og grøn omstilling er ramma for arbeidet i seksjonen. Seksjonen har ansvar for viktige verkemiddel som skal bidra til å leggje til rette for grøn omstilling i industrien og i næringslivet. Seksjonen forvaltar statens eigarskap til Enova. Seksjonen har òg ansvaret for CBAM-forordninga (EUs mekanisme for karbonprisjustering på import til EU/EØS), noko som inneber innlemming av forordninga i EØS-avtalen og gjennomføring i norsk rett. Seksjonen har òg ansvaret for CO2-kompensasjonsordninga. Videre følgjer seksjonen opp departementet sitt arbeid med berekraftig næringsliv og energiomstillinga. Seksjonen har òg ansvar for departementet sitt arbeid med berekraftig finans. Seksjonen jobber òg med rettferdig omstilling, mellom anna Rådet for rettferdig omstilling og vurdering av EUs sosiale klimafond. Seksjonen koordinerer òg departementet sitt arbeid med skatt og avgift og har det overordna ansvaret for arbeidet med samfunnsøkonomiske analysar i departementet. Dine arbeidsoppgåver inneber: • juridisk rådgiving og utgreiingsarbeid innanfor heile ansvarsområdet til seksjonen • lov- og forskriftsarbeid, særleg knytt til gjennomføring av CBAM og endringar i CO2-kompensasjonsordninga • arbeid knytt til innlemming av CBAM i EØS-avtalen, mellom anna forhandlingar med EØS/EFTA-statane og Europakommisjonen om underliggjande rettsakter og revisjon av ordninga • generelle koordineringsoppgåver knytt til CBAM, inkludert intern saksførebuing og oppfølging av medieførespurnadar og arrangement • oppfølging av anna EU-regelverk innanfor ansvarsområda til seksjonen • arbeid knytt til oppgåver som skal leggjast til ansvarleg styresmakt, samt løpande oppfølging av denne • oppgåver knytte til dei øvrige ansvarsområda til seksjonen Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn: For å være kvalifisert til stillinga må du ha: • fullført juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap med gode karakterar • minst to års relevant arbeidserfaring for å bli vurdert som rådgjevar og minst fem års relevant arbeidserfaring for å bli vurdert som seniorrådgjevar • nyutdanna og kandidatar med kortare relevant arbeidserfaring er også velkomne til å søkje og vil bli vurderte for tilsetjing som førstekonsulent • god samfunnsforståing og politisk innsikt • god formuleringsevne på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg Det er en fordel om du har: • god kompetanse i forvaltningsrett og EØS-rett • interesse for og erfaring frå EU/EØS-arbeid • erfaring frå offentleg sektor Stillinga krev at du må kunne autoriserast for tilgang til informasjon gradert BEGRENSET etter sikkerheitsloven. Se nsm.no For å lukkast trur vi at du: • har ein analytisk tilnærming og evne til raskt å setje seg inn i nye fagområde og problemstillingar • er strukturert og effektiv, samtidig som du kan handtere uforutsigbarheit og arbeider godt under press • har gode samarbeidsevner og bidrar positivt i team og arbeidsmiljø • arbeider sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver • har god rolleforståing • er fleksibel og serviceinnstilt Det vil bli lagt stor vekt på personlige eigenskapar. Kvifor skal du jobbe hos oss? Departementsarbeid gir stor systemforståing og innsikt i arbeidet til regjeringa. Det gir òg høve til å arbeide med både høgaktuelle saker og viktig langsiktig arbeid, ofte i tverrfagleg samarbeid med økonomar og samfunnsvitarar. Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin. Hos oss får du gode moglegheiter for læring og utvikling. Du vil bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte og få eit unikt høve til å gi faglege råd til politisk leiing. Klima- og miljødepartementet gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, og vi er opptekne av at alle skal ha eit godt arbeidsmiljø. Vi har fleksibel arbeidstid, betalt overtid og en god pensjonsordning. Vi tilbyr eit breitt spekter av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, mellom anna 1,5 time trening i arbeidstida kvar veke. Møt våre medarbeidere - regjeringen.no Klima- og miljødepartementet har nyleg flytta inn i det nye regjeringskvartalet, med aktivitetsbasert kontorplasskonsept i den nye, moderne A blokka. Når flytter departementene inn og når er nytt regjeringskvartal ferdig? - regjeringen.no Vi er opptekne av: Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter, og fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet. Tilleggsinformasjon Lønn: Førstekonsulent: kr 580 000,- til 660 000,-, rådgjevar: kr 650 000,- til 770 000,-, seniorrådgjevar: kr 690 000,- til 910 000,-. Du vil bli tilsett som førstekonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar, avhengig av erfaringa di. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Arbeidsstad: Einar Gerhardsens plass 1 0179 Oslo (Oslo Kommune) Er dette stillinga for deg? Les dette: • Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar. • Utanlandske vitnemål må vere godkjent, sjå meir på hkdir.no. • Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR. • Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand. • Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søkje.