Vi har ledig 100 % faste stillingar som sjukepleiar med todelt turnus. Du har rom for å påverke arbeidstida di. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje langvakter kvar 4. I tillegg er det mogleg med langvaktsturnus i vekene. Langvakter er ei prøveordning som vi starta med for to år sidan, og som vi ser fram til å få fleire erfaringar med.
Velferdssenteret er ein av fem sjukeheimar i Alver Kommune og ligg 2 mil frå Knarvik. Sjukeheimen har plass til 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personar med demens. Vi har ei korttidsgruppe med plass til sju pasientar, der tre av dei er for pasienter med behov for palliativ tilnærming. Den største gruppa har plass til 17 pasientar som er somatisk sjuk. Omsorgsbustad pluss på Manger er òg organisert under sjukeheimstenesta. Her er det 21 leiligheter og tre blir brukt til avlastning. I omsorgsbustad pluss bur brukar i eigen heim og mottar tenester ut frå hjelpebehovet. Sjukepleiar på Velferdssenteret har ansvar for desse bebuarane også.
Hos oss jobbar det mange ulike yrkesgruppar, til dømes lege, spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedhjelparar. Som sjukepleiar hos oss vert du ein del av eit godt fagmiljø der vi har fokus på «kva er viktig for deg». Du vil få kollegaer med glimt i auge, og ein arbeidskvardag der latteren ofte sit laust.
Velferdssenteret har deltatt i TØRN-prosjekt på vegne av Alver kommune. Vi jobbar med oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning.
Vi søker deg som er klar for å ta fatt på utfordringar med eit smil og eit ope sinn.
Arbeidsoppgåver
Kompetansekrav
På Velferdssenteret ønskjer vi oss sjukepleiarar som er handlekraftig og fleksibel, som finn gode løysingar sjølv i pressa situasjonar. Det er viktig at du kan jobbe strukturert, og at du kan prioritere og delegere oppgåver. Som sjukepleiar bidreg du aktivt til at pasientane får ein trygg og god kvardag, til tross for utfordringane dei har. Du er ein lagspelar som trivs i tverrfaglege team og er klar for kunnskaps- og erfaringsdeling med kollegaer. Du må ha gode kommunikasjonsferdigheter.
Du er open for ulikskap og evner å byggje relasjonar basert på respekt og tillit.
Vi tilbyr
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Alver