Vil du vere med å lede et av landets største Nav-kontor?
Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert og utviklingsorientert assisterande leiar som ønskjer å gjere ein skilnad for både innbyggjarar og medarbeidarar. Hos oss får du moglegheita til å bidra til leiing og utvikling av eit av landet sine største Nav-kontor, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.
Som leiar i Nav skal du utøve tillitsbasert leiing med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Du byggjer tillit gjennom å sjå og utvikle potensialet hos medarbeidarane dine. Gode relasjonsevner og evne til å skape eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er difor sentrale eigenskapar i denne rolla.
Nav Bergen Sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Kontoret har ein todelt leiarmodell med ein statleg og ein kommunal leiar, og har over 300 tilsette fordelt mellom stat og kommune.
Som assisterande leiar for statleg linje ved Nav Bergen Sentrum blir du ein sentral del av kontorleiinga og får ansvar for drift og utvikling av tenestene ved kontoret, i tett samarbeid med kommunal leiar. Du får personalansvar for fire dyktige avdelingsleiarar, samt stabstilsette. Som assisterande leiar blir du og ein del av regionen si leiargruppe.
Kva går jobben ut på?
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kva ser vi etter hos deg?
Kvifor velje oss?
Les meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonMette Johnsen Bentdal, Regionleiar/Avdelingsdirektør, 41184104
ArbeidsstedMøllendalsveien 6
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5152994689
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen