
Avdeling for patologi, Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken · Bergen
Ønskjer du å arbeide i ei stor avdeling med høg fagleg kompetanse og mange spennande oppgaver? Avdeling for patologi ved Haukeland universitetssjukehus har no f...
Ønskjer du å arbeide i ei stor avdeling med høg fagleg kompetanse og mange spennande oppgaver? Avdeling for patologi ved Haukeland universitetssjukehus har no fire ledige faste bioingeniørstillingar.
Avdeling for patologi er ei stor og velutstyrt avdeling med nærmare 150 tilsette og eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, obduksjon og rettsmedisin, elektronmikroskopi, nyre- og nevropatologi. Vi tek årleg imot om lag 110 000 prøvar og utfører rundt 300 obduksjonar. Avdelinga har omfattande forskingsaktivitet i samarbeid med Universitetet i Bergen og andre fagmiljø i sjukehuset, mellom anna Biobank Haukeland, og utfører molekylærpatologisk diagnostikk i samarbeid med Kreftgenomikk.
Patologifaget er i rask utvikling, med aukande bruk av ny teknologi, digitalisering og molekylære analysar. Vi ønskjer derfor engasjerte og nysgjerrige bioingeniørar som vil vere med på denne utviklinga. Hos oss blir du ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med stort fokus på kvalitet, pasientsikkerheit og fagleg utvikling, og får gode moglegheiter til å utvikle deg vidare både fagleg og personleg i eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonRanja Christiansen, Einingsleiar, +47 55973207, ranja.christiansen@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5154956561
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2026
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012. Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Vi søker etter ein positiv, engasjert og dyktig medarbeidar til 100 % stilling i ett års vikariat som bioingeniør ved avdelinga med oppstart snarest. Stillinga vil vere knytta opp mot Seksjon for flowcytometri. Seksjon for flowcytometri har eit breitt tilbod av analysar for diagnostisering og monitorering av blod- og beinmargssjukdommar. Bioingeniørar ved seksjonen deltar i ei beredskapsordning, og det kan vere behov for analyserarbeid utanom ordinær arbeidstid på helgar og på høgtidsdagar. Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss. Arbeidsoppgåver • Dagleg analysearbeid ved seksjonen • Bruk og vedlikehald av seksjonens instrument • Bidra i opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette • Delta i vaktberedskap • Delta på avdelingas blodprøvetakingsrunder Kvalifikasjonar • Må ha norsk autorisasjon som bioingeniør • Det er ønskeleg med erfaring frå flowcytometriske analysar • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar • Systematisk og ryddig • Må meistre norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik • Du kan arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert og fleksibel • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø, meistrar høgt tempo og likar varierte arbeidsoppgåver • Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din • Du er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen du er tilknytta, og avdelinga for øvrig • Du har høg arbeidsmoral, er punktleg og ansvarsbevisst Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst • Gode pensjons-og forsikringsordningar • Gode opplæringsprogram • Faglege utfordringar og varierte oppgåver Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJannike Lundervik Sælen, Seksjonsleiar flowcytometri, 55974639, jannike.lundervik.selen@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5139703240 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 27.07.2026
Vil du bruke helsesekretærkompetansen din i eit fagmiljø der nøyaktig arbeid har stor betydning for pasientane? Ved Laboratorium for patologi får du ei fast heiltidsstilling på dagtid, varierte arbeidsdagar og grundig opplæring i eit moderne laboratorium. Du blir ein del av eit motivert og dyktig team, der helsesekretærar, bioingeniørar og patologar samarbeider tett om viktig diagnostikk. Hos oss får du jobbe i eit moderne laboratoriemiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka. Ved Laboratorium for patologi arbeider vi med diagnostikk av sjukdomar ved å undersøkje vevs- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår. Arbeidet vårt er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose, og vi samarbeider tett med kliniske avdelingar for å sikre best mogleg pasientbehandling. Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk, frå mottak og registrering av prøvar til kvalitetssikring og koordinering av undersøkingar. Du er velkommen til å søkje hos oss. Oppstartsdato etter avtale. Kva går jobben ut på? • Betene ekspedisjon, telefonførespurnader, post- og prøveforsendingar. • Prøvemottak og registrering av pasientprøver. • Arkivering av pasient- og prøvedata. • Assistere patologen i makroskopiarbeid med vevs- og operasjonspreparat. • Andre kontor- og laboratorieoppgåver, samt betening og vedlikehald av medisinsk-teknisk utstyr. • Utføre arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halde seg oppdatert på endringar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Autorisert helsesekretær. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. • Grunnleggande IKT-kompetanse. • Kunnskap og erfaring i bruk av digitale løysningar i spesialisthelsetenesta er ein stor fordel. • Erfaring frå laboratorie verksemda og patologi er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: • er motivert, dyktig og tek ansvar i arbeidskvardagen • er punktleg og påliteleg • tilpassar deg nye oppgåver og situasjonar, og finn gode løysingar • ser kva som må gjerast, og både tilbyr og tek imot hjelp • bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø • samarbeider godt med andre • meistrar krevjande situasjonar og periodar med høgt arbeidstempo Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss? • Ein spennande, variert og utfordrande jobb. • Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling. • Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium. Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHåvard Valvatne, Funksjonsleiar, havard.valvatne@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundsgt. 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152506395 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.08.2026
Vil du vere fagbioingeniør i eit moderne patologilaboratorium i utvikling? Vi har ledig stilling som fagbioingeniør på laboratorium for patologi og ser etter deg som ønskjer å arbeide med spennande oppgåver og bidra til presis diagnostikk for pasientane vårer. Ved internt opprykk kan det bli ledig grunnstilling/vikariat. Dersom dette er aktuelt for deg, oppmodar vi deg til å opplyse om det i søknaden. Sjå litt frå kvardagen vår her: Blimedoss Her arbeider vi tett saman om diagnostikk på vev- og celleprøvar. Ein diagnose frå patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gir eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi mottek prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Avdelinga arbeider med digital patologi, molekylær diagnostikk og persontilpassa medisin, og er i kontinuerleg fagleg utvikling. Avdeling for patologi i Helse Førde har kring 25 medarbeidarar som arbeider i lag for å sikre diagnostiske funksjonar innan histologi, immunhistokjemi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Som fagbioingeniør får du ansvar for prosedyrar, kvalitetsarbeid, metodeutvikling og opplæring innan eige fagområde. Du vil samarbeide tett med patologar og bioingeniørar i eit laboratorium med høg fagleg aktivitet. Sidan vi er ein liten avdeling, har vi gode moglegheitar for rullering på lab, slik at kvardagene blir varierte og at tilsette får brei kunnskap innan fagfeltet vi jobbar med. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt på Vestlandet med nærleik til fjell, fjord og kyst. Byen har eit aktivt kultur- og idrettsmiljø og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Ved avdelinga har vi eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg og sosial trivsel. Arbeidsoppgåver • Fagansvaret omfattar mellom anna prosedyrar, kvalitetsarbeid, opplæring og metodeoppfølging innan cytologi og frysesnitt. • Ansvarsområde blir tildelt av seksjonsleiar og kan bli endra over tid. • Delta i dagleg drift ved patologilaboratoriet; preanalytisk- og analytisk arbeid med diagnostiske prøver • Rettleie/lære opp studentar, nytilsette og andre medarbeidarar • Variert arbeid som omfattar fargeteknikkar, betening av instrumentpark og deltaking i kvalitetssikring. • Dagtidsarbeid måndag til fredag. • Delta i anbudsprosesser og verifisering av metodar og utstyr Kvalifikasjonar • Autorisert bioingeniør • Anna relevant utdanning kan bli vurdert i eventuelt vikariat • Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie/medisinsk laboratorium tel positivt • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk • Grunnleggande IT-kunnskapar Personlege eigenskapar • Du er ansvars- og kvalitetsbevisst • Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø • Du er positiv og omgjengeleg • Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper • Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø • Opplæringsplan for nytilsette • Fagleg utvikling • Fleksitidsordning med kjernetid kl. 08.30 til 15.00. • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons - og forsikringsordningar • Leiing med fokus på psykososial tryggleik • Bistand til å skaffe bustad - opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonCecilie Bruflot, Seksjonsleiar, (+47) 412 35 613 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5149801550 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.07.2026