
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Institutt for informatikk ønskjer å rekruttere ein førsteamanuensis i kvanteteknologi og kvanteberekning i innstegsstilling. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden.
Digitalisering av bedrifter, industri, offentleg administrasjon og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet vårt skal lukkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning på eit høgt internasjonalt nivå i algoritmar, bioinformatikk, informasjonstryggleik, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, visualisering og didaktikk. Tilknytte senter og laboratorium inkluderer Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab, som er ei viktig forlenging av instituttet sine aktivitetar innan utdanning og forsking.
Instituttet tilbyr utdanning for framtida på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Instituttet er i rask vekst med omsyn til talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå over 35 land, der 37 er vitskapelege tilsette og 50 er doktorgradskandidatar.
Kvanteteknologi er eit nytt satsingsområde ved Universitetet i Bergen. Fakultet for naturvitskap og teknologi etablerer no UiB Kvante – Senter for kvanteteknologi i Bergen, som vil vere forankra ved Institutt for informatikk og ha tett samarbeid med Institutt for fysikk og teknologi. Senteret, som blir operativt i august 2026, er finansiert av Trond Mohn Forskingsstiftelse og involverer både akademiske og industrielle partnarar. Institutt for informatikk deltek òg i det nye integrerte 5-årige masterprogrammet (sivilingeniør) i kvanteteknologi, som no tek opp dei første studentane. For å styrkje forskingskompetansen vår innan kvanteteknologi, samt undervisnings- og rettleiingskapasiteten i det nye studieprogrammet, lyser instituttet ut ei innstegsstilling.
Ved instituttet er fleire forskingsgrupper involverte i kvanteberekning og UiB Kvante; særleg forskingsgruppene innan sikker kommunikasjon, bioinformatikk, optimering og maskinlæring. Med denne utlysinga søkjer vi kandidatar som kan styrkje ei av hovudretningane i UiB Kvante: kvanteoptimalisering og simuleringar, med tydeleg vekt på maskinlæring. Vi søkjer spesielt kandidatar med ekspertise innan kvanteteknologi og kvanteberekning, og med kompetanse og sterk interesse for optimering eller maskinlæring (helst begge delar). Den som blir tilsett, vil bli medlem av forskingsgruppa innan anten optimering eller maskinlæring, og vil òg bidra til forsking, undervisning og rettleiing i gruppa.
Det er forventa at kandidaten søkjer ekstern forskingsfinansiering.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Personlege og relasjonelle kvalitetar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje når søkjarane blir evaluerte.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding. Universitetet i Bergen tilbyr pedagogisk opplæring og høve til å opparbeide utdanningsfagleg kompetanse for å kunne oppfylle krava innan den fastsette tidsramma.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan 3 år etter tiltreding.
Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Ordninga med tilsetjing i innstegsstilling skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til ein full fast stilling som professor. Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon. Alle tilsette ved Institutt for [institutt] vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet.
Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå, og dessutan rettleiing av minst ein ph.d.-student gjennom til fullført grad for å oppnå dei påkravde kvalifikasjonane til professor ved utløpet av 6-årsperioden.
Vi tilbyr
Søknaden skal innehalde
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ahmad Hemmati, Institutt for informatikk, telefon +47 55584163/e-post: Ahmad.Hemmati@uib.no eller instituttleiar Inge Jonassen telefon +47 55584713/e-post: Inge.Jonassen@uib.no.
For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Maria Svåsand, på telefon +47 55 58 86 62/e-post: maria.svasand@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Arbeidsavtalen, saman med utlysingstekst og stillingsomtale, fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som professor.
I tillegg til krava som følgjer av Reglement for ansettelse i undervisnings-og forskningsstillinger, rekrutteringsstillinger og lederstillinger på åremål, skal følgjande krav vere oppfylte for å få fast tilsetjing:
I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast professorstilling. Innan fire år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om professorkompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som professor.
Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.
Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgangen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.
Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som professor.
For å få fast tilsetjing som professor ved Institutt for [institutt] (jamfør Kapittel 3. Undervisnings- og forskningsstillinger, rekrutteringsstillinger og innstegsstillinger i forskrift til universitets- og høyskoleloven) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande krav til professorkompetanse som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi.
Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.
Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis II i kunsthistorie (arkitekturhistorie) Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv - «bistilling») som førsteamanuensis II i kunsthistorie med spesialisering i arkitekturhistorie ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden. Om instituttet: Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette, og kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Me tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap, og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. For tida arbeider tre stipendiatar og seks fast tilsette i kunsthistorie. Arbeidsoppgåver: • Undervising og rettleiing i europeisk og norsk arkitekturhistorie frå antikken til samtida, bygningsvern, arkitekturteori og historiografi. • Andre fagleg-administrative oppgåver etter behov. • Deltaking i den kontinuerlege utviklinga av undervisingsmiljøet. Undervisingsspråket er norsk eller skandinavisk. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Forskingskompetanse innan arkitekturhistorie tilsvarande norsk doktorgrad. • Dokumentert relevant utdanningsfagleg kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB. • Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2. Pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir tillagt vekt. Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga, og ein vil leggja vekt på at kandidaten er skikka til å driva undervisingsarbeid. Samarbeidsevner, formidlingsevner og entusiasme for arbeidet blir óg tillagt vekt. Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Brutto årsløn på 790 900,- til 820 900,- i full stilling (kode 1011). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei utgreiing om forskingsinteressene dine og din motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverandre eller tidlegare overordna. • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument: • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat. Følg denne lenka for informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar. • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte grader (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar. • Fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar med lenker til fulltekst. • Inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju og eventuelt prøveforelesing. Nærare om tilsettingsprosessen her. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, tlf: 55 58 36 53. Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis II i norrøn filologi Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv – «bistilling») som førsteamanuensis II i norrøn filologi ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden. Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette, og kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Me tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap, og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Lektorutdanninga i nordisk (norsk) er også ein del av LLE. Instituttet er òg vertskap for to senter: Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk. Til instituttet ligg også arbeid med tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. For tida arbeider to fast tilsette, ein forskar og ein stipendiat innan norrøn filologi ved instituttet. Det er fleire med norrønkompetanse i tilstøytande fag og ved Universitetsbiblioteket. Arbeidsoppgåver: Arbeidet består hovudsakleg av undervisning (emne på 100-, 200- og 300-nivå), rettleiing og eksamensarbeid for studentar innanfor BA- og MA-programma i norrøn filologi og i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen. Administrative oppgåver knytt til undervisning og deltaking i den kontinuerlege utviklinga av faget høyrer også med. Undervisningsspråka er norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: • Forskingskompetanse tilsvarande norsk doktorgrad innan norrøn filologi, nordisk språk og litteratur eller tilsvarande er eit krav. • Dokumentert kompetanse i norrønt språk og norrøn litteratur er eit krav. Ei brei fagleg orientering og kunnskapar innan tilstøytande mellomalderdisiplinar er ein føremon. • Undervisningskompetanse er eit krav, og erfaring med undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå vil verta særleg vektlagt i vurderinga av søkjarane. Erfaring med å utvikla læremiddel ein føremon. • Gode norsk- (hhv. svensk-, dansk-) og engelskkunnskapar er eit krav; det er forventa at søkjaren kan undervise både på skandinavisk og engelsk etter behov. • I tillegg vil det vera ein føremon med dokumentert kompetanse i moderne islandsk. Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, formidlingsevner og entusiasme for arbeidet blir tillagt vekt. Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer. Krav om nærvær på campus kan variera gjennom tilsetjingsperioden. UiB dekkjer som hovudregel ikkje reise- eller bukostnader for den som vert tilsett. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Brutto årsløn på kr 757 600-785 000 i full stilling (kode 1011). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg. • Språkferdigheiter. • Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna. • Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument: • Liste over vitskaplege publikasjonar og inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga. • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar. • Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar. Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til fagkoordinator, førsteamanuensis Jens Eike Schnall på e-post: eike.schnall@uib.no, tlf: 415 99 161 eller instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, tlf: 55 58 36 53 Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultetet på e-post: fakadm@hf.uib.no. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Mangfald er ein styrke og gjer at me kan løysa oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis i italiensk ved Institutt for framandspråk Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei fast stilling som førsteamanuensis i italiensk ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart er 1. august 2027 eller etter avtale. I stillinga får du ein unik sjanse til bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Innanfor desse faga blir det forska på språk, litteratur, historie/samfunn og fagdidaktikk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, kring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette. Faget har tilbod på alle nivå frå bachelorgrad til ph.d. Studietilbodet inkluderer og nettbasert vidareutdanning. Dei tilsette på faget er aktive forskarar med nettverk langt utover UiB og Noreg. Arbeidsoppgåver • Forsking innan fagområda italiensk språk, kultur og/eller litteratur, med om lag 46 prosent forskingstid. • Undervising på eit breitt spekter av kurs på bachelor- og masternivå, inkludert meir spesialiserte og avanserte kurs, samt rettleiing på alle nivå, medrekna ph.d. • Fysisk undervisning, nettbasert undervisning og hybrid undervisning (som kombinerer nett- og campusundervisning). • Deltaking i vurdering av skriftlege og munnlege eksamenar. • Undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan eige kompetanseområde ved andre fag eller institutt ved Det humanistiske fakultet etter behov. • Delta i utviklinga av faget og kurstilbodet. • Ta del i formidling og utvikling av forskingsmiljøet. • Deltaking i nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid. • Prosjektutvikling og søking av eksterne midlar. • Andre fagleg-administrative oppgåver. Kvalifikasjonar Søkjaren må ha: • Forskingskompetanse i italiensk språk, kultur eller litteratur som svarar til norsk doktorgrad. • Erfaring frå undervising og rettleiing i italiensk på minimum bachelornivå, og kompetanse til å undervise på alle nivå. • Dokumentert relevant utdanningsfagleg kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB. Det er ein stor føremon med: • Dokumentert forskingsaktivitet og publiserte forskingsresultat utover doktorgrad innan italiensk språk, kultur og/eller litteratur med særleg vekt på 1900-talet og samtidskultur, eller italienske kulturuttrykk i ein internasjonal kontekst. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet blir det lagt særleg vekt på forsking frå dei siste fem åra. Det er ein føremon med: • Erfaring frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. • Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar. • Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging. • Kompetanse innan omsetjingsdidaktikk, inkludert erfaring frå omsetjing mellom eit skandinavisk språk og italiensk. • Kompetanse innan digital didaktikk, inkludert erfaring frå nettbasert undervisning og hybrid-undervisning (dvs. kombinasjon av campus- og nettundervisning) Instituttet ser etter ein kandidat som passar inn i forskings- og undervisningsprofilen på faget. Det blir lagt vekt på pågåande forsking og potensiale til å styrkje den faglege tyngda ved instituttet i åra framover. Administrasjonsspråket er norsk, og det er eit krav at den tilsette kan norsk på B2-nivå innan tre år frå tilsetjinga. UiB tilbyr norskkurs for tilsette frå utlandet. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som har: • Gode samarbeidsevner. • Gode evner til å kommunisere og samhandle med både studentar og kollegaer. • God formidlingsevne og entusiasme for arbeidet. • Ønske om og evne til å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. • Sjølvstende og fleksibilitet. • Vilje til å ta initiativ og ansvar. Vurdering av søkjarane Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité. I rangeringa av kvalifiserte søkjarar blir heile breidda av kvalifikasjonar trekt inn og vurdert eksplisitt etter følgjande prioritert rekkjefølgje: 1. Vitskaplege kvalifikasjonar. 2. Utdanningsfaglege kvalifikasjonar. 3. Kvalifikasjonar innan områda formidling, administrasjon og leiing. 4. Andre kvalifikasjonar som er relevant for stillinga slik ho er skissert i denne utlysinga. Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju og til å gje ei prøveforelesing. Det skal gjerast ei avsluttande vurdering av dei samla kvalifikasjonane. Vurderinga skal sjåast i lys av det karrierestadiet søkjaren er på. Det blir lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og på at vedkomande er eigna for stillinga. Hos oss får du • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Attraktive vilkår for forsking, inkludert 46 prosent forskingstid i stillinga, og høve til å søkje forskingstermin. • Gode karrierevegar, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor etter ei akademisk kompetansevurdering basert på retningslinene frå Universitets- og høgskulerådet. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som førsteamanuensis (stillingskode 1011), som for tida svarar til ei brutto årsløn på 790 900,- til 830 900,- i full stilling. Vidare lønsopprykk etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, tilgang til uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Det er forventa at den tilsette hovudsakleg har arbeidsstaden sin på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i den daglege drifta av instituttet og rettar seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga. Slik søkjer du stillinga Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst» ønskjer vi at du skriv om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga. • Under «CV» vil vi ha opplysingar om: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar, inkludert administrativ røynsle og andre relevante kvalifikasjonar. Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna. • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument: • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar. • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat. Følg denne lenka for informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar. • Fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar med lenker til fulltekst. • Inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga. Arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar/kapittel. Dersom upubliserte arbeid blir lagde ved, må dette grunngjevast særskilt. Ved samforfattarskap må søkjaren gjere greie for kva bidraget hans/hennar er til publikasjonen. Trykk her for rettleiing til utforming av søknad. Søknadstekst, CV, vitnemål, karakterutskrifter og utdanningsfagleg mappe må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vitskapelege arbeid som skal takast omsyn til i vurderinga kan leggjast ved på originalspråket. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Nærare om tilsettingsprosessen her. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Martin Paulsen på m.paulsen@uib.no eller tlf. 55 58 23 86 eller fagkoordinator Marco Gargiulo på marco.gargiulo@uib.no eller tlf. 55 58 23 47. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no. Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.