
Ortopedisk seksjon, Kirurgisk serviceklinikk, Helse Bergen HF, · Bergen
Vi søkjer ein engasjert og strukturert kollega som vil vere med på å løfte det faglege nivået på avdelinga vår. Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege ...
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar?
Vil du ha ein arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid med fagleg utvikling, rettleiing og organisering?
Hos oss får du ein unik moglegheit til å forme din eigen kvardag, samstundes som du sikrar at pasientane våre får det aller beste tilbodet.
Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med andre fagsjukepleiarane i operasjonsavdelinga. Du vil også samarbeide opp mot ortopeder, ulike avdelingar og leverandørar.
Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonLinda Kristine Jansson, Seksjonsleiar, +47 99524423
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5151974807
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Fagutviklingssjukepleiar – operasjonsavdelinga (OPA) i kirurgisk serviceklinikk (KSK) Vil du vere med og utvikle operasjonssjukepleiefaget i ei av landets største operasjonsavdelingar? Vi har no ei sjeldan moglegheit: ei stilling som fagutviklingssjukepleiar hos oss blir ledig etter mange år med same medarbeidar. Dette er ei sentral rolle for deg som ønskjer å påverke utviklinga av faget og bidra til høg kvalitet i pasientbehandlinga. I Kirurgisk serviceklinikk (KSK), operasjonsavdelinga, har vi seks seksjonar som driftar operasjonsstover innan ulike fagfelt. Til saman arbeider om lag 185 operasjonssjukepleiarar hos oss. Som fagutviklingssjukepleiar vil du ha ei sentral rolle i å utvikle fag, kompetanse og kvalitet på tvers av desse fagmiljøa. Stillinga er organisert i operasjonsavdelinga (OPA) og rapporterer til avdelingssjef. Du vil samarbeide tett med fagsjukepleiarar og seksjonsleiarar, og med fagutviklingssjukepleiarar innan anestesi, intensiv og sterilforsyning. Rolla er sentral i arbeidet med fagutvikling, kompetansebygging og kvalitet i operasjonssjukepleiefaget. Du vil arbeide både strategisk og praktisk, i tett samarbeid med fagmiljøa i klinikken. Arbeidsoppgåver • Ha ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av undervisning innan operasjonssjukepleie • Medverke til systematisk kompetanseutvikling i tråd med klinikken sine planar • Planleggje og koordinere fagdager og opplæringstiltak • Ha ansvar for opplæringsprogram for nytilsette • Organisere kurs ved innføring av nytt utstyr og nye prosedyrar • Bidra i utvikling og oppfølging av strategiske kompetanseplanar • Leggje til rette for fagleg samarbeid på tvers av seksjonane • Delta i lokalt og regionalt fagutviklingsarbeid • Initiere og følgje opp fagutviklingsprosjekt • Delta i anbod og bidra i klinikken sitt anbodsutval Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i operasjonssjukepleie • Minimum to års relevant klinisk erfaring • Master i operasjonssjukepleie er ønskjeleg. Erfaring frå fagfeltet kan kompensere for manglande master • Svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Gode IKT-kunnskapar Personlege eigenskapar • Du har interesse for fagutvikling og ønskjer å påverke utviklinga av operasjonssjukepleiefaget • Du arbeider strukturert og evnar å følgje opp fleire prosessar samtidig • Du trivst med å undervise og formidle kunnskap • Du har gode samarbeidsevner og byggjer relasjonar på tvers av fagmiljø • Du tek initiativ og driv arbeid framover Vi tilbyr • Ei sentral fagutviklingsrolle i ei stor og spesialisert operasjonsavdeling • Moglegheit til å påverke kompetanse og praksis på tvers av seksjonar • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement • Godt tverrfagleg samarbeid i klinikken • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSolveig Tveit Songstad, Avdelingssjef, +47 99609824 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5151860043 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du jobbe med avansert intensivmedisin i et sterkt fagmiljø – og gjere ein forskjell når det gjeld som mest? Haukeland universitetssjukehus søker intensivsjukepleiarar til fleire av våre spesialiserte intensivavdelingar. Hos oss får du anledning til å jobbe breitt innan intensivmedisin, i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking. Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane: Kirurgisk serviceklinikk: • Dagkirurgisk seksjon • Postoperativ seksjon • Postoperativ Glasblokkene • Intensivmedisinsk seksjon Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. Vi gleder oss til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Kirurgisk serviceklinikk (KSK) har ansvar for store delar av tilbodet tilknytta anestesi, intensivmedisin, akuttmedisin og smertebehandling i Helse Bergen HF. KSK er den største somatiske klinikken i sjukehuset med sju avdelingar og ca. 1400 tilsette. Operasjonsavdelinga (OPA) er ein av sju avdelingar ved KSK og består av ca. 350 operasjons- og anestesisjukepleiarar. OPA har ansvar for store delar av tilbodet innan anestesi -og operasjonsverksemd, og våre tilsette har kunnskap og kompetanse innan fleire ulike fagfelt. Dagkirurgisk seksjon er ein av dei seks avdelingane i OPA, og har 6 operasjonsstover, 15 oppvakningsplassar og 6 plassar på ØNH dagkirurgisk eining. Stillinga er for tida på dagtid, med enkelte vakter fram til kl. 17 eller 18. Ein må rekne med noko vaktarbeid ved eventuelle framtidige endringar i organiseringa av eininga. Seksjonen behandlar dagkirurgiske pasientar innan generell kirurgi, ØNH, gynekologi og ortopedi, frå barn til vaksne. Seksjonene held høg standard og har eit godt og spennande miljø. Kontakt: Karen Ugelvik, tlf. 55970473. Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker. Kontakt: Mette Ravnøy, tlf. 55972436. Kvalifikasjonar (overskrift)Postoperativ Glasblokkene er ein del av Intensiv- og postoperativ avdeling i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Vi er ein relativt ny seksjon ved Haukeland universitetssjukehus. Sidan oppstarten i november 2023 har vi vore lokalisert i Glasblokkene. Vi har eit engasjert fagmiljø prega av høg kompetanse, og tett samarbeid på tvers av fag og profesjonar. Vi yter postoperativ overvaking og sjukepleie. I Glasblokkene driftar vi over to etasjar, der U2 hovudsakleg er for vaksne pasientar (døgndrift) med eige kirurgisk mottak. Dagkirurgi utgjer ein stor del av verksemda innan fagfelta gynekologi og obstetrikk samt bryst- og endokrinologi. Øyeblikkeleg hjelp (ØH) frå Kvinneklinikken utgjer ein vesentleg del av drifta vår. I U1 held vi ope mandag til fredag kl 08-18. Her overvakast primært barn, etter operasjon eller undersøking/behandling i narkose. I tillegg drifter vi to gonger i veka postoperativ overvaking i Augebygget. Hos oss får du variasjon, i ei moderne postoperativ eining med ulike pasientforløp og eit engasjert og faglig sterkt arbeidsmiljø. No ønskjer vi fleire dyktige intensivsjukepleiarar med på laget. Hos oss får du ein variert og allsidig arbeidskvardag med både heildøgnspasientar og dagkirurgi. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagutviklingssjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Kontakt: Svanhild Sangolt Foldnes, tlf. 47515846. Intensivmedisinsk seksjon behandlar oppunder 600 pasientar årleg i alle kategoriar frå barn til vaksne. Seksjonen held høg fagleg standard og har eit godt og spennande miljø. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir brukt er respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Seksjonen har pasienten i sentrum med eit stort fokus på fag, forsking og utdanning. Intensivmedisinsk seksjon er ei topp moderne intensiveining på 11 intensivsenger. Det er nærare 100 intensivsjukepleiarar og 12 intensivlegar tilsette ved seksjonen. Vi har ledig 100% faste stillingar for intensivsjukepleiar med arbeid for tida kvar tredje helg. Kontakt: Siril Iren Sagstad, tlf. 55972443/41454282. Arbeidsoppgåver: • Overvaking, behandling og pleie av kritisk sjuke pasientar • Handtering av avansert medisinsk-teknisk utstyr • Samarbeid i tverrfaglege team med legar og anna helsepersonell • Ta vare på pasienten og dei pårørande sine behov i ein krevjande situasjon • Bidra til fagutvikling, undervisning og rettleiing av studentar og kollegaer Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som sykepleier • Videreutdanning i intensivsykepleie • Relevant erfaring fra intensiv, akuttmedisin eller lignende er en fordel Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum • B2/NOR-U3- nivå eller høgare Personlege eigenskapar: • Evne til å arbeide strukturert og håndtere akutte situasjoner • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Ansvarsbevisst og faglig engasjert • Fleksibel og løsningsorientert • Interesse for faglig utvikling og ny kunnskap Vi tilbyr: • Et sterkt fagmiljø med høy kompetanse og engasjerte kollegaer • Lønn etter gjeldande avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordninger • Turnusordning med arbeid dag, kveld og natt • Langvakter på nokre av avdelingane • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5140998194 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026
Me søkjer etter ein fagsjukepleiar på Vindafjordtunet. Fyrste året vil du arbeide på avdeling Sør demenesomsorga medan avdelingsleiar er i fødselspermisjon for så å vera fagsjukepleiar for Vindafjordtunet institusjon når ho er attende. Ein annan avdelingsleiar tek personalansvaret slik at du skal få konsentrera deg om fagutvikling og oppfølging i avdelinga. Me søker deg som er genuint interessert i eldreomsorg og som brenn litt ekstra for å heva kompetansen i tenesta! Du arbeidar dagtid med kvar fjerde helg den tida du er på avdeling Sør og går over til kvar tredje etter endt permisjon hjå avdelingsleiar. Om arbeidsplassen: Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og gir tenester til personar med demens og somatisk langtidsbebuarar. Me har pasientvarslingssystem inkludert Roommate og gode hjelpemidlar. Me har eige kjøkken som lagar mat til våre bebuarar samt ein tilsynslege i 50%. Om stillinga: Stillinga er med arbeid på dagtid med kvar fjerde helg første året på avdeling sør. Etter at avdelingsleiar kjem tilbake frå permisjon, går du over til kvar tredje helg og framleis dagtid i vekene. Du er med å arbeidar på tvers for ein god heilhet i drifta knytt til fag og teneste. Som fagsjukepleiar er du genuint interessert i eldreomsorg og systematisk arbeid for å heve kompetanse. Me trur at gjennom fellesskap og kompetanseheving vert ein tryggare og har det betre på arbeid. Ikkje minst blir tenestene våre betre i eit strukturert arbeid for å nå dette. Ein arbeidar ope og er opptatt av å skape motivasjon og gode arbeidsdagar for alle våre tilsette. Som fagsjukepleiar vil du arbeide tett med avdelingsleierane til ei kvar tid. Du har ikkje personalansvar som fagsjukepleiar. Me søker kompetansemidlar kvart år slik at ein har muligheita til å gi kompetanseheving for alle tilsette. Har DU lyst å vera med på innovativ og utviklande arbeid for bebuarane våre og dei tilsette? Då må du søke! Du kan og nytte Facebook til å bli litt betre kjent med oss og ta gjerne kontakt om du vil ha ein prat om stillinga! Hovudarbeidsoppgåver: Fagansvar avdeling Sør: • Oppfølging av dokumentasjon. • Sjå til at planar vert fulgt. • Kjennskap til bebuarane, tiltak, oppfølging mm. • Iverksette prosessar for å betre teneste, miljø osv. • Kartlegge/halde oversikt over kompetansemuligheiter- frå store til små, enkle ting. • Arbeidsplanar og IKOS. • Fordela oppgåver i vaktbok. Fagansvar på huset: • Igangsette tilsette med å utarbeide planar der det er naudsynt. • Oversikt over behov for kompetanseheving, tiltak, planar mm i samarbeid med avdelingsleiar. • Kartlegge/halde oversikt over kompetansemuligheiter- frå store til små, enkle ting. • Kompetansekartlegging. • Igangsette intern og ekstern opplæring. • Oversikt og mottak av elevar og studentar samt fordele desse. • Vera med å utarbeide kommpetanseplanen for drifta. Kvalifikasjonar: • Offentleg godkjent sjukepleiar. • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning, men ikkje eit krav. • God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal. • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar - me nyttar nynorsk som skriftspråk. Personlege eigenskapar der du: • Brenn for eldreomsorga og vil meir for tenestene! • Har interesse for faget og held deg oppdatert. • Likar å veilede andre. • Bidrar til godt arbeidsmiljø gjennom din kjennskap til tilsette og tenestebehov. • Søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og tilsette. • Evnar å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta. • Arbeidar godt i team og er ein som er med på å spela teamet og avdelinga god. • Trives med til tider hektiske arbeidsdagar og er fleksibel i arbeidsoppgåvene. • Innvolverar, delegerar, engasjerar og deler kunnskap gjennom di leiing. • Er løysingsorientert. • Evnar å vera analytisk men og innovativ. • Ønsker å utvikle deg sjølv og andre. Personlege eigenskaper vert vektlagt Me kan tilby: • Utviklingsmuligheiter/Kompetanseheving. • Variert arbeid i eit positivt miljø. • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson. • God opplæring og samarbeid med andre. • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. • Bedriftskunstlag. • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no). • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning). Lønsvilkår: Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Andre opplysningar: Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her