
Vest politidistrikt · Bergen
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, Seksjon for operative tenester er det ledig eit antall faste og mellombel...
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, Seksjon for operative tenester er det ledig eit antall faste og mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 med funksjon som operatør. Stillingane inneber turnusteneste.
Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for operative spesialfunksjonar, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerheit og beredskapskoordinering og Seksjon for felles tenestekontor.
Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet. Seksjon for operative tenester har fire avsnitt, tre for operasjonssentralen og eit avsnitt for fag og metode. På operasjonssentralen er det tre team på kvart avsnitt og kvart team har følgjande samansetjing: ein operasjonsleiar, ein oppdragsleiar og eit antal operatørar.
Operasjonssentralen har eit hektisk miljø med fokus på fagleg utvikling og gode relasjonar på teama.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømande og utvida) må innhentast ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Personlege eigenskapar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, tjenesteeining Bergen vest politistasjonsdistrikt, avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjing, er det ei ledig stilling som politibetjent 3/2/1 med funksjon som fleirkjeldeanalytikar. GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt: Bergen sør, Bergen vest, Bergen sentrum og Askøy og Øygarden. Stillinga er plassert ved Bergen vest politistasjonsdistrikt, under avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjing. Stillinga har ansvar for å delta i analyseprosessar i heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden, samstundes som stillinga har ansvar for å utarbeide og presentere etterretningsprodukt. Stillinga samhandlar tett med dei andre funksjonane ved avsnittet. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi er ser etter ein motivert medarbeidar med engasjement for etterretningsfaget. Du må ha analytiske evner, og kunne blant annet sammenstille, bearbeide og analysere informasjon til etterretningsprodukter. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, samstundes som du samhandlar godt med kollegaer. Det vektleggjast at medarbeidarar i stillinga må vere komfortabel med å presentera ulike produkt for leiargruppa og andre på bestilling. Som medarbeidar vil du samhandle tett med kollegaer i andre etterretningsmiljø, både lokalt, sentralt og eksternt. Vi ser etter deg som evner å arbeide under tidspress og trives i ein hektisk arbeidskvardag. Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping og som tenkjer førebyggjing som primærstrategi. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral, motivasjon og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • Innhente, omarbeide og analysere informasjon på ein- og fleirkjelde-nivå • Gjennomføre oppdragsanalyse, og ha oppdragsdialog med beslutningstakarar • Vere i stand til å tenkje førebyggjing som primærstrategi for kriminalitetsnedkjemping • Utarbeide samanstillinger/ analyseprodukt • Bidra til å beskytte politidistriktets informasjon, materiell og objekt • Utføre kvalitetskontroll av informasjons- og etterretningsprodukt • Delta i avsnittet sine arbeidsoppgaver i oppsatt struktur • Vurdere forventet utvikling og konsekvens Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Vitnemål fra politiskule/ politihøgskule. Vedlagt karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden • Søkjarar til stilling som politibetjent 2 eller 3 må tilfredsstille gjeldande kompetansekrav for desse stillingane • God kunnskap om dataverktøy og spesielt datasystema til politiet • God skriftleg og munnleg formuleringsevne • Erfaring frå bruk av Indicia prosjektmodul • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering i forkant av eventuelt intervju. Det er også ønskjeleg med: • Erfaring innanfor etterretningsfaget eller analysearbeid • Relevant videreutdanning innan etterretning og/eller operativ krimanalyse blir vektlagt • Kunnskap om førebyggjande politiarbeid blir vektlagt • Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel • Språkkompetanse utover engelsk er ein fordel Personlege eigenskapar • Samarbeidsvillig • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk • Evne til å identifisere, analysere og leggje fram informasjon på ein forståeleg måte • Gode samarbeidsevner og evne til heilskapstenking og -handling • Gode evner innan kommunikasjon og relasjonsbygging • Gode analytiske evner med bevissthet rundt kognitive bias • Ynskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) med funksjon som fleirkildeanalytikar med årslønn: • politibetjent 3/ SKO 1461: frå kr 630 000.- brutto per år. For politibetjent 3 kommer etterforskartillegg etter gjeldende reglar i tillegg. • politibetjent 2/ SKO 1459: frå kr 540 000.- brutto per år • politibetjent 1/ SKO 1457: frå kr 510 000.- brutto per år • Vidare lønnsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester • Vest politidistrikt er ei IA-versemd • Bedriftshelseteneste Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, avsnitt for etterforsking av miljøkriminalitet, er det ledig ei fast stilling som politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar. Miljøavsnittet har ansvar for etterforsking av alvorleg miljøkriminalitet innanfor m.a. fiskeri, akvakultur, forureining, natur og fauna, kulturminne og dyrevelferd. Avsnittet etterforskar og førebyggjer alle typer saker innan indre og ytre miljø og dessutan store ulykker. Miljøavsnittet består av ein avsnittsleiar, fire politifaglege etterforskingsleiarar, miljøkrimkoordinator og to spesialmedarbeidarar. Avsnittet samhandlar tett med fire faste påtalejuristar. Stillinga er stadsplassert i Bergen. Stadsplassering i Florø kan vurderast for aktuell kandidat. Ein må rekne med noko reiseverksemd i heile distriktet. Våre medarbeidarar er fagleg dyktige og dedikerte innanfor sitt fagfelt, og arbeider sjølvstendig og i team med komplekse straffesaker. Me tilbyr eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer og leiarar, som saman spelar kvarandre gode og ønskjer å utgjere ein forskjell. Me søkjer deg som er heilskapsorientert, evnar å nå mål saman med andre, og ønskjer å setja retning innan etterforskingsarbeidet. Du evnar å utfordra det etablerte for å driva mest mogleg effektivt, og levera høg kvalitet i arbeidet. Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betra oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar Me ser etter motiverte medarbeidarar som er interesserte og har evne til i å fordjupe seg i etterforsking av komplekse straffesaker som blir etterforska ved avsnittet. Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og motivasjon. Du må vera systematisk, engasjert og ha evne til å samhandle godt med både interne og eksterne samarbeidspartnarar. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko me vil leggja vekt på, og dessutan evne til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • Taktisk etterforsking i straffesaker som fell inn under miljøavsnittet sitt ansvarsområde • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Bidra til at tenesta blir utført effektivt og innanfor vedtekne mål og rammer • Bidra med bistand og rettleiing til politidistriktet innanfor fagområdet • Yte bistand og rettleiing til påtalemakta før, under og etter rettsforfølging av straffesaker • Handtere og analysere store informasjonsmengder • Delta på aksjonar • Gjennomføre avhøyr • Delta i obligatorisk årleg opplæring (HEVE) • Utføre andre relevante oppgåver Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen • Tilfredstille kompetansekravet for politibetjent 3/2 • Erfaring med etterforsking • Interesse og motivasjon for å jobbe med kompleks etterforsking • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • AOP godkjend, eventuelt villig til å oppnå godkjenning • God kjennskap til IT-systema til politiet • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju Det er også ønskjeleg med: • Miljøfagleg/økonomifagleg erfaring og/eller vidareutdanning • Gode ferdigheter i prosjektmodulen Indicia • Vidareutdanning i etterforskning (VEF) • Anna fordjupning i etterforskningsfaget Personlege eigenskapar • Kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar, og samarbeider profesjonelt med både interne og eksterne aktørar • Mål- og resultatorientert med evne til å prioritere, ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne • Arbeider analytisk, strukturert, detaljorientert samt sjå heilskap • Sterk motivasjon for å arbeide med kompleks etterforsking, og ønskjer å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Være fleksibel, positiv og løysingsorientert Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattforma her. Dette kan me tilby om du vel oss • Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2 (stillingskode 1461/1459) med funksjon som etterforskar, med årslønn: • politibetjent 3/ SKO 1461: frå kr 630 000.- brutto per år. For politibetjent 3 kommer etterforskartillegg etter gjeldende reglar i tillegg. • politibetjent 2/ SKO 1459: frå kr 540 000.- brutto per år • Vidare lønnsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten. • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer • Gode arbeidsvilkår • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om stillinga I Vest politidistrikt, GDE Bergen, Askøy og Øygarden (GDE-BAØ), Bergen Vest politistasjonsdistrikt er det ledig eit vikariat som politiførstebetjent (SKO 0285) med funksjon som OVA-kontakt fra tiltreding og fram til 01.08.2027. GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt. Bergen Vest politistasjonsdistrikt består av Avsnitt for politipatrulje, Avsnitt for etterforsking, førebyggarar og sivile medarbeidarar. I tillegg har politistasjonsdistriktet ansvar for etterretning og risikovurdering knytt til partnarvald, kor stillinga som OVA-kontakt er plassert. Som OVA-kontakt vil hovudoppgåva di vere å vurdere, gjennomføre og følgje opp bruk av omvend valdsalarm (OVA) i straffesaker innanfor GDE Bergen, Askøy og Øygarden. Avsnittet for etterretning og førebygging har ansvar for risikovurdering av vald i nære relasjonar, og me kan derfor tilby deg eit sterkt fagmiljø og kollegaer med stor engasjement og fagkompetanse. I tillegg til å vere ein del av eige avsnitt, vil du bli inkludert i OVA-fagmiljøet i Vest politidistrikt. Stillinga er ei dagstilling, med arbeidstid mellom 07:30-15:00. Noko reisevirksomhet må påreknast. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Me søkjer ein engasjert medarbeidar til stilling som politiførstebejtent med funksjon som OVA-kontakt. Stillinga har einingsansvar for oppfølging og forvaltning av omvende valdsalarmar (OVA) for heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden. Me ser etter ein strukturert og initiativrik medarbeidar som ønskjer å vera med på å utvikla ei spanande og viktig stilling i politiet. Dette er også ei stilling som har høg prioritet både hos politidistriktet og riksadvokaten. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Ansvarleg for vurdering, førebuing, iverksetjing og oppfølging av OVA (omvend valdsalarm) i alle aktuelle saker i GDE Bergen, Askøy og Øygarden, under dette mellom anna: • Gjennomføra kartlegging og risikovurdering • Bidra til å identifisere saker som egner seg for OVA • Utarbeida forbodssone og gjennomføringsplan • Planleggja og organisera på- og avlenkingar • Planleggja og organisera eventuelle avtalte brot på forbodssona • Vera kontaktperson for trusselutøvar og trusselutsette • Vareta nødvendig samhandling med interne og eksterne aktørar • Vitne i retten ved behov • Sikre notoritet og dokumentasjon i OVA-sakene i eininga • Vera ansvarleg for for rapportering, opplæring og kvalitetssikring i eigen geografisk driftsening • Ved ledig kapasitet må det påreknast arbeidsoppgåver som ligg til avsnitt for etterretning og førebygging • Andre oppgåver pålagt av leiar Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Vitnemål frå Politiskulen/ Politihøgskulen • Tilfredsstille kompetansekrava for politibetjent 3 og minimum 3 års relevant arbeidserfaring frå fagfeltet • Kravet om minimum 3 års relevant erfaring frå fagfeltet kan fråvikast ved relevant bachelor- eller mastergrad utover politiutdanninga • Relevant erfaring frå etterforsking • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Gode IT- og systemkunnskapar • God kjennskap til datasystema til politiet • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, kan det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet. Det er også ønskjeleg med: • Erfaring frå arbeid med OVA, under dette OVA-admin, OVA-kart og forbodssoner blir vektlagt • Kjennskap til retningslinjer, rutinar og lovverk knytte til OVA blir vektlagt • Erfaring innan utarbeiding av rutinar, instruksar og anna rammeverk er ein fordel • Erfaring og eller utdanning innan opplæring, pedagogikk og rettleiing er ein fordel • Kjennskap til prosjektmodulen i lncicia er ein fordel Personlege eigenskapar • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk i ein hektisk arbeidskvardag • Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne • Gode samarbeidsevner og evne til å skape samhald og trivsel • Vere tilpasningsdyktig, kreativ og pliktoppfyllande • Evne til å utforske og finne løsninger på digitale utfordringer Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass som vil vera med på å forma framtidas politi • Eir arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer • Stillinga vert lønna som politiførstebetjent (stillingskode 0285) med funksjon som OVA-kontakt med årslønn: får kr. 720.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr hovedtariffavtalane i staten. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no • Gode arbeidsvilkår (turnus, trening i arbeidstida, o.l) Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.