
Kirurgisk klinikk/ Post 3 gastrokirurgi, Helse Bergen HF · Bergen
Vil du ha ei meiningsfull og spennande nattevaktstilling der du verkeleg får brukt kompetansen din som sjukepleiar? Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av Avde...
Vil du ha ei meiningsfull og spennande nattevaktstilling der du verkeleg får brukt kompetansen din som sjukepleiar?
Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av Avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tek hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet. Posten har 20 senger og behandlar både elektive og akutte pasientar, noko som gir varierte arbeidsdagar og høg fagleg utvikling – også på natt.
Du får moglegheit til å jobbe sjølvstendig, samstundes som du har støtte frå dyktige og engasjerte kollegaer. Post 3 er kjend for eit godt arbeidsmiljø, høg trivsel og ein kultur der ein stiller opp for kvarandre.
Avdelinga er opptatt av fagleg oppdatering og innovasjon, og vi legg til rette for at du kan utvikle deg vidare som sjukepleiar. Post 3 jobbar tett saman med dei andre postane i Kirurgisk klinikk, noko som gir godt samarbeid og tryggleik i arbeidet.
Stillingsprosent er oppgitt til 80%, men vi kan tilby stillingsprosent mellom 60–80% for den rette kandidaten.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarianne Titland Sørensen, Seksjonsleiar, 47885488, marianne.titland.sorensen@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5155574349
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 07.08.2026
Kom til oss - Medisin 5 vest har ledig ein 80 % fast stilling som sjukepleiar på natt, og vi ønsker nettopp deg som vår nye kollega. Medisin 5 vest er ein infeksjonsmedisinsk sengepost ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har 14 sengeplassar og jobbar etter prinsippet om gruppesjukepleie. Vi søker ein lojal og positiv sjukepleiarkollega som trivst på natt. Vi ønsker å tilby 80 % fast stilling på natt ved at hovuddel av stillinga er ved medisin 5 vest, og ein del nyttast på tvers av dei andre seksjonane i medisinsk klinikk til hospitering, opplæring og arbeid. (Andre stillingsprosentar kan vurderast om ønskeleg). Vi behandlar ulike infeksjonssjukdommar som pneumoni, sepsis, gastroenteritt, tuberkulose, endokarditt og andre generelle infeksjonssjukdommar. Vi søker ein ny kollega til det flotte teamet vårt. Arbeidsoppgåver • Mottak og oppfølging av pasientar • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar eit best mogleg opphald på avdelinga • Gi/yte god omsorg for pasienten og dei pårørande • Opplæring og rettleiing av studentar samt nytilsette • Administrasjon av legemiddel Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Må ha gode IKT-kunnskapar • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad Personlege eigenskapar • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø • Evne til å ta sjølvstendige avgjerder • Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar • Relevant opplæring • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHege Cecilie Sørby, Seksjonsleiar, +47 55 97 37 03 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150736493 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026
Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledig fast 65 % nattevakt stilling som sjukepleiar. Likar du ein spennande, variert og lærerik kvar dag i eit godt arbeidsmiljø? Det kan vi tilby. Sengeposten har 27 senger og inneliggjande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø i avdelingen vår. Det blir planlagt ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Du kan gjerne sjå bilete på vår Instagram side "hovud/hals/auge" og sjå video av avdelinga vår på Helse Bergens Instagram side. Arbeidsoppgåver • Pre- og postoperativ sjukepleie • Utøve sjukepleie, observasjon og behandling til pasientane • Samarbeide med pleiepersonell og legar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel • Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Positiv og løysingsorientert • Ansvarsbevisst og fleksibel • Fagleg engasjert • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler • Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna for stillinga Vi tilbyr • Spennande avdeling med høgt fagleg nivå innen fleire fagfelt med stor variasjon i sjukepleiefaglege prosedyrar • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonKjersti Kleppestø Walde, Seksjonsleiar, +47 55973502 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5153852166 Stillingsprosent: 65% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så kan dette vere stillinga for deg. Vi har ledig fast stilling som fagsjukepleiar innanfor fagfeltet nevrokirurgi. Dette er eit spennande fagfelt som utviklar seg raskt i.f.t. behandlingsmetodar, medisinteknisk utstyr og prosedyrar. Dette vil gi deg moglegheit for kontinuerleg fagleg utvikling. Vi har til saman 4,5 fagsjukepleiarar i vår seksjon, 2 på anestesi og 2,5 på operasjon som er fordelt innanfor nevrokirurgi og ØNH/KJeve-kirurgi. Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med dei andre fagsjukepleiarane i seksjonen. Du vil også samarbeide opp mot nevrokirurgar, ulike avdelingar og leverandørar. Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon. Dagtidsstilling med evt. moglegheit for noko vaktarbeid. Arbeidsoppgåver • Systematisere, utføre og dokumentere klinisk fagutviklingsarbeid • Planlegge og organisere fagdagar og internundervisning • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette • Utarbeiding og oppdatering av aktuelle prosedyrar, sertifiseringar og opplæringsplanar • Delta i den daglege drifta • Kontaktperson opp mot leverandørar • Bestilling/handtering av utstyr • Andre oppgåver kan også vere aktuelle Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Spesialutdanning innan fagfeltet operasjon • Interesse for fag og fagutvikling • God IKT kompetanse • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Du kommuniserer og samarbeider godt med andre • Du arbeider strukturert og målretta • Du er intressert i faglege prosjekt • Du trivast med å rettleie andre å få andre til å bli god • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Gode pensjons- og forsikringsvilkår • Eige program for nytilsette • Store faglege utfordringar • Dyktige medarbeidarar • Aktivt miljø • Lønn etter tariff Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5119071933 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026