
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i Henrik Ibsens forfattarskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Planlagd oppstart er 01.01.2027 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
Stillinga opnar for søknadar om prosjekt om Henrik Ibsens forfattarskap. Prosjektet skal munne ut i ei doktorgrad i anten teatervitskap, nordisk litteraturvitskap eller allmenn litteraturvitskap. Prosjektet skal vere plassert med omsyn til fagområde. I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 20 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 15 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, saman med ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit.
Hos oss får du:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Formelle reguleringar:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord på telefon 55 58 36 53 eller e-post: anders.fagerjord@uib.no
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivtsærbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stipendiatstilling knytt til prosjektet Skatterettslege grunnomgrep i ein ny tid. Skatteretten står i aukande grad overfor nye utfordringar som følgje av endra samfunnstilhøve, internasjonalisering og rask teknologisk utvikling. Desse utviklingstrekka set sentrale skatterettslege grunnomgrep, og dei grunnleggjande vilkåra, prinsippa og omsyna som skatteretten byggjer på, under press. Dette gjeld ikkje berre etablerte omgrep som får endra innhald eller rekkevidd, men òg nye rettslege konstruksjonar og omgrep som kjem til gjennom endringar i regelverket eller gjennom internasjonale rettskjelder. Ph.d.-prosjektet skal bidra til forsking på grunnleggjande skatterettslege omgrep og prinsipp som har stor betydning for skattesystemet, med sikte på å undersøkje korleis desse fungerer under dagens samfunns- og rettstilhøve. Prosjektet kan omfatte både analysar av gjeldande rett og vurderingar av om, og i kva grad, omgrepa og prinsippa framleis gir eit prinsippfast rammeverk for rettsleg regulering, eller om det er behov for lovendringar. Ønska oppstart er så tidleg som mogleg. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ei føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid. • Du må ha gode ferdigheiter i engelsk. • Du må ha god kjennskap til det norske rettssystemet, og det er ein føremon at du meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk. Du må ha interesse for og kunnskap om skatterett. • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert. • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av fagmiljøet. Om stipendiatstillinga: Du skal arbeide med og levere ei doktoravhandling (artikkelbasert eller monografi). Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB. Undervisningsspråket på fakultetet er til vanleg norsk. Som stipendiat skal du delta i fakultetets obligatoriske utdanningsprogram for ph.d.-graden innanfor ei tidsramme på tre år. Utdanningsprogrammet gjennomførast normalt på engelsk, og gode ferdigheiter i engelsk er ein føresetnad for deltaking i programmet. Du kan lese om kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program her. Søknaden skal innehalde: • Ei prosjektomtale på mellom 7 og10 sider inkludert litteraturliste. Ho skal innehalde ei utgreiing om tema og ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiing til søkjarar til stipendiatstilling. • Eit søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga (fyllast ut i søknadsportalen). • CV (fyllast ut i søknadsportalen). • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert, samt relevante attestar. • Full versjon av masteravhandlinga. Den må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. • Eventuelle vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste). Publikasjonar utover mastergraden er ikkje eit krav. • Det er ein føremon om søkjaren legg ved namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva/doktoravhandlinga. Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakter-utskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir. sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning. Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga. Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillinga». Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert. Fakultetet tilbyr: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). • Gode velferdsordningar Generell informasjon: Vurderinga av søkjarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for tematikken i utlysinga. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre ph.d.-programmet og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju. Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen finn du her. • Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Henrik Skar: Henrik.Skar@uib.no • Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsetjingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet: hrjur@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat i barnevernsarbeid. Åremålet er på fire år. Stillinga er finansiert av UiB og vil i utgangspunktet vere knytt til forskningsgruppa Barnevern, likeverd og inkludering (BLI). Oppstart i stillinga er seinast januar 2027. HEMIL er eit tverrfagleg institutt som driv forsking og masterprogram på fagfelta barnevernsarbeid, helsefremjande arbeid og global utvikling. Instituttet er en del av Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen (uib.no): Alrek helseklynge Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Forskingsprosjektet skal generere kunnskap som kan vere av betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Relevans kan vere teoretisk, empirisk og/eller metodologisk. Prosjektet kan vere grunnforsking og treng ikkje vere anvendt forsking. Prosjektet skal byggje på kvalitative metodar og må liggje innanfor eitt eller fleire av følgjande tematiske område: • Problemstillingar knytt til mangfald, likeverd, inkludering og tilhøyrsel, til dømes relatert til kulturell og sosial bakgrunn, migrasjon, språk, funksjonsvariasjonar, kjønn, seksuell orientering og/eller andre minoritetsposisjonar. • Tema knytt til inkluderings- og ekskluderingsmekanismar og -prosessar av betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. • Tema knytt til tenesteutvikling/innovasjon som kan ha betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Tenesteutvikling/innovasjon kan til dømes vere knytt til velferdsinstansar som barneverntenesta, eller sivilsamfunnsaktivitet. Prosjektet må kvalifisere stipendiaten for opptak til fakultetet si organiserte forskarutdanning. Tilsetjing vil bli gjort på grunnlag av tidlegare utdanningsbakgrunn og akademiske arbeid, samt kvalitet og relevans av søknadsbrev og prosjektskildring. Prosjektskildring skal vere på maks. 5 sider. Forskingsprosjektet til kandidaten skal utviklast og gjennomførast i samråd med minst ein hovudrettleiar frå instituttet. Moglege hovudettleiarar for prosjektet er førsteamanuensis Raquel Herrero-Arias og førsteamanuensis Lill Susann Ynnesdal Haugen. Prosjektet kan vere sjølvstendig eller knytt til rettleiaranes pågåande forsking. Det er ein føresetnad for søknad at søkjar tek tidleg kontakt med ein av dei moglege hovudrettleiarane for å drøfte prosjektidé og fagleg forankring. Endeleg organisering av rettleiarar avklarast ved tilsetjing. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha mastergrad i barnevern/barnevernsarbeid, sosialt arbeid, psykologi eller annan relevant samfunnsvitskapleg mastergrad. Det er normalt krav om karakteren B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga. • Arbeidserfaring frå barnevernfeltet vil bli tillagt vekt. Anna arbeidserfaring knytt til unge og familiar i utsette livssituasjonar er òg relevant. • Det er ei føremon å kunne dokumentere gode forskareigenskapar og/eller kunnskap relatert til prosjektskildringa, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller anna forsking/publikasjonar. • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar, ambisjonar og potensial vil bli lagt vekt på. • Søkjarar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk. For stillinga gjeldt følgande: Om stipendiatstillinga: Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremjande arbeid (undervising, rettleiing, sensur, m.m.) som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Det karrierefremjande arbeidet innan undervisning vil vere knytt til Masterprogrammet i barnevernsarbeid og Masterprogrammet i global development theory and practice. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen. UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast. Om ph.d.-utdanninga: Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet. Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her. Vi tilbyr: Vi tilbyr: • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Stillinga gjev automatisk lønsutvikling i inntil fire år med 3% årleg stiging. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga • Prosjektskildring (maks. 5 sider, referanseliste kjem i tillegg) • CV • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande • Stadfesting frå forskningsgruppe og ph.d-rettleiar • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) • Relevante attestar • Publikasjonsliste og eventuelle andre faglege arbeid • Utval av maks 3 vitskapelege publikasjonar, rapportar eller andre faglege arbeider innan forsking og utviklingsaktivitet (FoU) (PDF-format) Vedlegg må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk (attesterte omsetjingar ved behov). Det er søkjaren sitt ansvar å sikre at alle nødvendige dokument er lasta opp innan fristen. Viktig: Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved stadfesting frå HK-dir (tidlegare NOKUT) på at utdanninga er vurdert som tilsvarande ein norsk mastergrad. Alternativt kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir som stadfestar at dei har motteke søknaden din. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar: Professor Ellen Haug Spørsmål om prosjektet, prosjektskildringa og fagleg forankring kan rettast til moglege hovudrettleiar: Førsteamanuensis Raquel Herrero-Arias, Raquel.Arias@uib.no Førsteamanuensis Lill Susann Ynnesdal Haugen, lill.s.haugen@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Livet som phd. Kandidat ved UiB Veien til doktorgrad! Podkast om doktorgradsprosessen i barnevern av Nawar Sayyad. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i fluidmekanikk Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC Starting Grant-prosjektet OceanCoupling. Om prosjektet Vi søkjer ein høgt motivert og særleg talentfull ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk til å leie forskingsoppgåver som har som mål å utvikle nye teoretiske rammeverk for koplinga mellom fleirskalastrømmar som involverer havoverflatebølgjer, submesoskala straumar, turbulens og vindpåverknad. Målet er å utleie svært nøyaktige og effektive teoretiske modellar ved å vidareutvikle nye rammeverk frå OceanCoupling-prosjektet, og å implementere modellane numerisk. For interesserte søkjarar må motivasjons- eller søknadsbrevet innehalde eit eige avsnitt om kvifor og korleis di forskingsbakgrunn og erfaring gjer deg særleg godt skikka for stillinga. Stillinga byr på svært gode moglegheiter for samarbeid med eksperimentelle partnarar og eksterne samarbeidspartnarar, og for deltaking på internasjonale konferansar og verkstader. Prosjektet vil støtte forskingsopphald og felles aktivitetar med samarbeidspartnarar knytt til forskingsoppgåvene. Arbeidsoppgåver Forskingsarbeidet vil omfatte teoretisk arbeid, utvikling av tilpassa numeriske skript og numeriske simuleringar for validering og utforsking av modellpotensialet. Forskingsresultat skal òg kome andre gruppemedlemmer til nytte, noko som inneber at brukartilpassa resultat og god dokumentasjon er ein naturleg del av det daglege arbeidet. Eit omfattande opplæringsprogram tilpassa relevante oppgåver vil bli tilbydd, særleg knytt til praksis i datahandteringsplanen for gruppa. Tilgang til høgkapasitetsrekneressursar og datasett frå laboratorieforsøk vil bli gitt for å støtte simuleringar og verifikasjon av modellen. Arbeidsoppgåvene omfattar: • Reprodusere og lære ein teoretisk modell for interaksjon mellom bølgjer og straum ved å setje riktige initial- og randvilkår som svar på vindpåverknad på havoverflata. • Utvide den nye bølgje- og straummodellen til å handtere brattare bølgjer og småskala turbulens. • Utvikle ein numerisk løysar som implementerer det nyutvikla teoretiske rammeverket ved bruk av grunnleggjande programmeringsspråk. Løysaren vil bygge vidare på eksisterande moduler utvikla i OceanCoupling-prosjektet. • Utvikle kode i programmeringsspråk som Fortran, Python og/eller MATLAB. • Validere og teste tilpassa skript og utføre numeriske simuleringar. • Jobbe tett og integrert med prosjektleiar (PI) og andre teammedlemmer, og rapportere jamleg om framdrift i forskinga. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fluidmekanikk, teoretisk fysisk oseanografi, anvend matematikk, hydrodynamikk eller andre relevante fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Dokumentert gode karakterar i relevante emne som fluidmekanikk, rekning, matematikk, fysikk, mekanikk eller liknande er eit krav. • Dokumentert erfaring med utvikling eller numerisk implementering av teoretiske modellar i fluidmekanikk/teoretisk fysisk oseanografi som omhandlar overflatebølgjer eller interaksjon mellom bølgjer og straum, er ein fordel. • Erfaring med programmeringsspråk som Fortran, Python, C/C++ knytt til fysiske problem i fluidmekanikk er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar Merk at brukarerfaring med kommersiell CFD software (som Fluent) ikkje er relevant for stillinga. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø • Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing. • relevante attestar • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: prosjektleiar førsteamanuensis Yan Li, eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas. For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5