
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester · Bjørnafjorden
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av fr...
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø.
Vi har fleire ledige faste helgestillingar med oppstart frå snarast. Stillingane er i turnus med varierande stillingsstorleik (13 - 20%).
Arbeidsstad
Ønskjer du å bli ein del av vårt arbeidsmiljø og bli vår nye kollega er du hjarteleg velkommen som søkjar.
Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.
Helgestilling består av arbeid 2. kvar eller 3. kvar helg. Skriv gjerne i søknad kva du ønskjer.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Bu- og omsorgstenesta har ledige fagstillingar som helgevikarar på Gotatoppen, Oreteigen og Skjerma avdeling. Er du den vi ser etter? Stillingsprosent 14 % - 20 %, med arbeid anna kvar eller tredje kvar helg. Oppstart etter avtale. Som tilsett hos oss vil du få meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn omsorgsarbeidet og i det miljøterapeutiske arbeidet. Vi arbeider etter følgjande verdiar: Kunnskap, omsorg, mot og tillit. Vi er opptekne av god kvalitet på tenestene og er stolte av arbeidsplassen vår. Innkomne søknader vil bli handsama fortløpande. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktiviteter i forhold til pasient/ pasientgruppa.Kvalifikasjonar • Det er krav til fagutdanning som anten helsefagarbeidar eller sjukepleiar i stillingane. • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg er viktig. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Personlege eigenskapar • Vi ønskjer oss medarbeidarar som er opptatt av at pasientane kjenner tryggleik, respekt, trivsel og ivaretaking av eigne behov. • Du må kunne vise omsorg, empati og respekt. • Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan medverke til eit godt arbeidsmiljø. • Interesse for å jobbe med mennesker • God samarbeidsevne Vi tilbyr • God opplæring i avdelinga sine oppgåver og rutiner utifrå kvalifikasjonar. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonEva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5147562735 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Me ser etter 3 dyktige, fleksible og engasjerte helsefagarbeidarar til fast arbeid; ein stilling er 100% og to av stillingane er inntil 37% faste helgestillingar. Me har difor stillingar til deg som ynskjer arbeid fulltid, men også til deg som vil gjere noko kanskje ved siden av studier. Som helsefagarbeiderar i indre sone vil du vera ein viktig ressurs i folks kvardag og bidra til at våre bruarar opplever tryggleik, sjølvstende, omsorg og meistring i eigen heim - lengst mogleg. Heimetenestene i Vindafjord kommune har basekontor i Ølen og Nedre Vats og me gjer helsetenester til brukarar som bur heime. Basekontoret til indre sone er på Ølen omsorgssenter og gir tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland. Kva får du jobba med hos oss? • Gi våre brukarar fagleg gode tenester. • Helsefaglege oppgåver som: • • God pleie med medisinske observasjonar og målingar som News • Planlegga og utføra tiltak • Medikament handtering • Primærgruppearbeid og ressursoppgåver • Miljøterapi med meir. • Opplæring og bruk av ulike Velferdsteknologiske løysningar. • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid. • Fagleg vekst og utvikling i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Me kan tilby: Kompetanseheving • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg vekst og utvikling. • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønske at du skal trivast og lukkast. • Du får møta heimebuande med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med kronisk sjukdom som krev langsiktig stell og pleie. Arbeidstidsordning og lønnsvilkår • Årsturnus med moglegheit for ønsker • Turnus med ordinære vakter, rein langvakt eller kombinert lang/ordinære (ein må då minimum arbeida langvakter på helg). • Med vår helge avtale kan du tene ekstra per time når du tek fleire helgevakter -meir jobb i helga, meir pengar i lomma. • Kompensasjon for langvakter med 500 kr/ utførte langvakt laurdag/søndag. • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Anna tilsettegoder • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering. • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord) • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Me ser etter: Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Er du fortsatt under utdanning, men forventer snartleg å vere ferdig? Då kan du også søkje. • Kandidatar med interesse for velferdsteknologi oppfordrast til å søka. • Relevant vidareutdanning er ønskjeleg men ikkje eit "must". • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. • Sertifikat for personbil klasse B Personlege eigenskapar • Er fagleg interessert og held deg oppdatert. • Er ein pådrivar for å prøva ut velferdsteknologiske løysingar som eit vertøy. • Har pågangsmot og evne til å finna løysingar. • Har eit ynskje om å arbeida systematisk og målretta med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov. • Er problemløysande og handterer utfordringar med ro og fagleg kompetanse. • Er fagleg engasjert og opptatt av kvalitet i all pasient behandling • Vil bidra positivt inn i vårt gode arbeidsmiljø. • Du er dyktig til å omstille deg etter situasjonane og har gode evner til å samarbeida på tvers av faggrupper og miljø. • Arbeider konstruktivt, sjølvstendig og trivast med til tider hektiske arbeidsdagar. • Er fleksibel og ser nytte av å arbeida på tvers av sonene. • Trives med til tider hektiske dagar på jobb. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Helgestillingar 30 % fast stilling – Mjøstølen avlastning Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer etter engasjerte og trygge medarbeidarar til faste helgestillingar i 30 % storleik ved Mjøstølen avlastning. Stillingane inngår i ei langvaktsordning med arbeid kvar tredje helg. Helgevakta består av ei kort vakt fredag ettermiddag/kveld, og 12,5-timarsvakter både laurdag og søndag. Stillingane passar ypparleg for deg som ønskjer ein meiningsfull deltidsjobb ved sida av studium eller anna arbeid. Vi ønskjer ein variert personalgruppe og oppmodar både helsefagarbeidarar, vernepleiestudentar og sjukepleiestudentar til å søkje! Studerer du sjukepleie eller vernepleie? > Ullensvang kommune har ein eigen, gunstig studentavtale for vernepleiar- og sjukepleiarstudentar i helgestillingar. Ta kontakt for meir informasjon om kva rekrutterings- og utdanningsfordelar dette kan gje deg gjennom studietida. Om Mjøstølen avlastning Mjøstølen tilbyr avlastningstilbod til barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar. Vi har sterkt fokus på å skapa eit trygt, føreseieleg og utviklande miljø for brukarane våre, i tett samarbeid med deira pårørande. Lokala våre ligg sentralt i Odda, med kort veg til både vakker natur og offentlege tilbod. Arbeidsoppgåver Som helgestillingstilsett hos oss vil du ta del i kvardagen til brukarane våre og bidra til eit godt tilbod. Oppgåvene vil mellom anna vere: • Utøve målretta miljøarbeid og skape ein trygg, aktiv og føreseieleg kvardag ut frå brukarane sine individuelle behov. • Praktisk bistand, omsorg og rettleiing i dagleglivet sine gjeremål. • Handtere legemiddel og følgje opp helsefaglege rutinar (for dei med naudsynt kompetanse/kursing). • Bidra til eit godt, trygt og fagleg oppdatert arbeidsmiljø i samarbeid med resten av personalgruppa. Kvalifikasjonar • Du er utdanna helsefagarbeidar, eller student innan sjukepleie/vernepleie. • Andre med genuin interesse for fagfeltet og relevant erfaring vert også oppmoda til å søkje. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. • Erfaring med målretta miljøarbeid eller arbeid med menneske med funksjonsvariasjonar er eit føremon, men god opplæring vil bli gjeven. • Grunnleggjande digital kompetanse. Personlege eigenskapar Vi søkjer medarbeidarar som: • Er engasjerte, pålitelege og har gode evner til samarbeid. • Er fleksible og trivst i eit aktivt og variert arbeidsmiljø. • Møter brukarar, pårørande og kollegaer med varme, respekt og ein god porsjon humor. • Er trygge vaksenpersonar som bidrar positivt til fellesskapet. Vi tilbyr • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit sterkt fag- og fellesskapsmiljø. • Gunstig studentavtale for sjukepleie- og vernepleiestudentar. • Systematisk opplæring og rettleiing. • Løn etter hovudtariffavtalen. • Gode pensjons- og forsikringsordningar (IA-bedrift). Krav og vilkår • Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding. Oppstart • Etter avtale. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her