Fann du ingen ledige stillingar som passar akkurat no? Det betyr ikkje nødvendigvis at vi ikkje er interesserte i å høyre frå deg.
Agnitio er eit medarbeidareigd IT-selskap med kontor i Øvre Årdal, på Vossevangen og i Førde. Vi hjelper kundane våre med å skape
ein trygg, stabil og moderne digital arbeidskvardag gjennom rådgjeving, prosjektleveransar og driftstenester.
Vi er alltid interesserte i å kome i kontakt med personar som ønskjer å utvikle seg innan eitt eller fleire av fagområda våre:
Enten du er ein erfaren spesialist, konsulent, teknikar, rådgjevar, prosjektleiar eller nyutdanna med interesse for teknologi,
ønskjer vi gjerne å høyre frå deg.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer, korte avgjerdsvegar og gode moglegheiter for fagleg og
personleg utvikling. Som medarbeidareigd selskap byggjer vi Agnitio saman, og vi legg stor vekt på samarbeid, trivsel og
kunnskapsdeling.
Legg inn CV-en din og fortel litt om deg sjølv, erfaringa di og kva fagområde du er mest interessert i. Vi tek kontakt dersom vi
ser ei moglegheit som passar kompetansen din og behova våre.
Kanskje er du vår neste kollega?
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Førde