Fjaler Sjukeheim har no ledig 100% stilling som Helsefagarbeidar, og vi søkjer deg som har hjarte for omsorg, fagleg engasjement og eit ynskje om å gjere ein forskjell- kvar einaste dag. Våre tenester er i endring for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring.
Som helsefagarbeidar hos oss vert du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Du vil arbeide tett med bebuarar, pårørande og kollegaer for å sikre trygg, verdig og individuelt tilpassa omsorg.
I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at Helsefagarbeidarane hos oss skal få nye oppgåver, auka kompetanse og meir ansvar i avdeling.
Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg eller langvakter med arbeid kvar 4.helg. Denne ordninga er for tida frivillig.
Har du lyst til å bli ein del av laget vårt og vere med på å skape gode augeblikk for andre? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga.
Vi tilbyr
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Fjaler