
Gol kommune Helse og omsorg · Gol
Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Gol kommune består av eit tverrfagleg og kompetent team som dekkjer helsestasjon 0–5 år, skulehelseteneste på barne- og un...
Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Gol kommune består av eit tverrfagleg og kompetent team som dekkjer helsestasjon 0–5 år, skulehelseteneste på barne- og ungdomstrinnet, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og Helsestasjon for Ungdom (HFU).
Vi arbeider helsefremjande og førebyggjande med mål om å sikre tryggleik, meistring og god helse gjennom heile oppveksten. Vi er i ferd med å samorganisere og samlokalisere oss med andre førebyggjande tenester for barn og unge, mellom anna psykisk helse.
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand).
Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du jobbe med ungdom - og gjøre en forskjell hver dag? Klepp helsestasjon har ledig eit vikariat i 100 % stilling frå 01.08.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Vi ser etter ein engasjert helsesjukepleiar til skulehelsetenesta ved ungdomsskule. Her får du arbeide tett med ungdom, med fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid i ei viktig livsfase. Om arbeidsstaden Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. I tillegg til helsestasjonstenesta omfattar Oppvekst barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team og tenester innan fritid. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom samarbeid med elevar, føresette, skular og andre fagtenester arbeider vi for tidleg innsats og heilskapleg oppfølging av ungdom. Om stillinga Stillinga omfattar arbeid i skulehelsetenesta ved ungdomsskule, der hovudmålgruppa er elevar i alderen 13–16 år. Arbeidsoppgåver • Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot ungdom • Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar • Undervisning i klasse og grupper • Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering • Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsesjukepleiar • Sjukepleiarar med relevant vidareutdanning/erfaring kan òg søkje • Erfaring frå arbeid med ungdom er ønskelig • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Gyldig politiattest Personlege eigenskapar • Vi søkjer deg som: • har eit sterkt engasjement for ungdom si helse og utvikling • er trygg i møte med ungdom og flink til å byggje relasjonar • arbeider sjølvstendig og strukturert • har gode samarbeidsevner • er fleksibel og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Meiningsfullt arbeid med ungdom i ein viktig livsfase • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø • Faste møter i faggrupper og fellesmøter for personalet i tjenesten • Vi har fadderordning som sikrer trygg oppstart og oppfølging • Moglegheit for fagleg utvikling • Løn etter gjeldande avtalar KontaktinformasjonInger Olsson, Leder, +47 90804283 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5147713492 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 03.08.2026
Ledig vikariat i 100% stilling som helsesjukepleiar/ sjukepleiar i Tokke kommune Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring kan også søkje. Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring, og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg! Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste, flyktninghelseteneste og reise-/sesongvaksinering. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid. Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark). Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta. Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff. Arbeidsoppgåver • Sikre gode tenester som tek i vare barn og unge sine fysiske, psykisk og sosiale behov • Bidra til å ha eit godt samarbeid i laget rundt barn/ungdom/familie • Utføre oppgåver innan dei nasjonalfaglege retningslinene innan helsestasjon- og skulehelseteneste • Flyktninghelseteneste • Reise-/ sesongvaksinering Kvalifikasjonar • Godkjent norsk autorisasjon som helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/arbeidserfaring • Erfaring innan førebyggjande og helsefremjande arbeid er ein fordel • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag • Erfaring innan flyktninghelseteneste og med vaksinering er ein fordel • Kurs i COS-P (foreldrestøtte) er eit ynskje • Førarkort klasse B • God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig • Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd Personlege eigenskapar • Er ein stabil og positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Kan samarbeide og kommunisere på ein måte som skapar trygge og gode relasjonar • Er fleksibel, utvikling- og løysingsorientert • Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert Vi tilbyr • Helsestasjonen har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø • Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar • Fleksitidsordning • Kommunen hae eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale. Andre opplysningar: Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Referansar vil bli kontakta etter avtale. Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg. Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no. Velkomen som søkjar! KontaktinformasjonEvy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975 ArbeidsstadRevahaugvegen 4 3880 Dalen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 5154810946 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 09.08.2026
Regionalt senter for kjønnsinkongruens (RSKI) opna i 2024 i Helse Bergen, som ein del av desentraliseringa av tenestetilbodet til barn og unge med kjønnsinkongruens. Utviklinga av regionale tenester til pasientar med kjønnsinkongruens er ein nasjonal satsing og skjer i tett samhandling med dei øvrige regionale sentra og den nasjonale behandlingstenesta for kjønnsinkongruens ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Det regionale senteret har ansvar for å tilby spesialisthelsetenester til pasientar i regionen og for å drive regionalt fagnettverk om kjønnsinkongruens. Senteret samarbeider tett med fastlegar, kommunale helsetenester og har godt samarbeid med pasient- og brukarorganisasjonar. Senteret er fleirfagleg og har tre medarbeidarar: 50% psykologspesialist, 30% lege og 100% koordinator. Det er stillinga som koordinator det blir søkt vikar til, med ei varigheit på eitt år. Oppstart 12. oktober 2026. RSKI Vest tilbyr utgreiing, behandling, oppfølging og rekvirering av behandlingshjelpemiddel for personar opp til 18 år som opplever kjønnsinkongruens. Vi har psykososiale tilbod som samtalar, opplæring og lærings- og meistringskurs. All medisinsk behandling, til dømes hormonbehandling, skjer ved den nasjonale behandlingstenesta (NBTK) ved OUS. Les meir om senteret her Regionalt senter for kjønnsinkongruens - Helse Bergen HF Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og har samla all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Arbeidsoppgåver • Greie ut og behandle pasientar i poliklinikk • Foreldrerettleiing og familiesamtalar • Arrangere kurs for pasientar og pårørande • Delta i interregionale samarbeidsmøte med dei øvrige regionale sentra og den nasjonale behandlingstenesta for kjønnsinkongruens (OUS) • Samhandle med kommunehelsetenesta, fastlegar og spesialisthelsetenesta • Sikre god involvering av pasient- og brukarorganisasjonar Kvalifikasjonar • Helsepersonell med norsk autorisasjon, for eksempel psykolog, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, klinisk sexolog • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn, ungdom og unge vaksne med kjønnsinkongruens • Erfaring med tverrfagleg samarbeid • Erfaring med forbetrings- og fagutviklingsarbeid og/eller forsking • Prosjektkompetanse og/eller leiarerfaring er ønskeleg • Gode norskkunnskapar • Ved tilbod om stilling er det krav om tilfredsstillande politiattest, jf. lov om helsepersonell § 20a Personlege eigenskapar • Du har gode samarbeidsevner • Du er open for nye utfordringar og er engasjert i å tilby gode helsetjenester til barn og unge med kjønnsinkongruens • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter • Du arbeider godt sjølvstendig og i tverrfagleg team Vi tilbyr • Eit godt fagleg arbeidsmiljø • Høve til fagleg utvikling • Rettleiing og fagleg støtte • 1 års vikariat • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne-Jorunn Langeland, Seksjonsleiar, 452 57 615 ArbeidsstadHaukelandsbakken 1 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5145031531 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 12.10.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026