
Haram omsorgstenester, Haram kommune · Haram
Haram indre søker helsefaglig personell og studenter til varierte helge- og tilkallingsstillinger innen omsorgssenter og hjemmetjeneste.
Haram indre søker helsefaglig personell og studenter til varierte helge- og tilkallingsstillinger innen omsorgssenter og hjemmetjeneste.
Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingane, nokre inntil 14 timar.
Eidet omsorgssenter opna i 2017 og ligg på Eidet mellom Vatne og Tennfjord, og er ein del av Haram Omsorgssdistrikt. Haram indre består av Eidet Omsorgssenter, Dagsenter Eidet og heimetenestesta. Eidet omsorgssenter avd. 1 - langtid, HDO (heildøgnsomsorg) og korttid
Vi behandlar søknadar fortløpande.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Heimesjukepleien yter teneste til personar som, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing, har behov for hjelp i kvardagen, men som framleis bur i eigen heim. Tenesta gir praktisk bistand og helsefagleg oppfølging i situasjonar der pasienten ikkje meistrar oppgåvene sjølv. Målet er å bidra til at kvar einskild kan bu heime så lenge som mogleg og vere mest mogleg sjølvhjelpen i kvardagen.
Heimesjukepleia tilbyr mellom anna hjelp til dagleg stell og personleg hygiene, dusj, legemiddelhandtering, oppfølging av ernæring og tilrettelegging av enkle måltid.
Tilsette i heimesjukepleien nyttar kommunale bilar når dei reiser til og frå pasientane som del av det daglege arbeidet.
Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim. Avdelinga har 11 bebuarar.
Korttidssavdelinga gir eit tidsavgrensa tilbod til pasientar som treng tett oppfølging etter utskriving frå sjukehus, eller som av andre årsaker har behov for ei overgangsordning. Målet er å sikre ein trygg og fagleg forsvarleg overgang frå spesialisthelsetenesta til heimen, eller vidare tilpassa omsorgstilbod.
Avdelinga legg til rette for kartlegging av pasienten sitt vidare hjelpebehov, og tilbyr målretta og tverrfagleg rehabilitering for å styrke funksjonsevne, meistring og sjølvstende i kvardagen. Her får pasientane oppfølging innan blant anna, daglege gjeremål, legemiddelhandtering, ernæring og medisinsk observasjon.
Avdelinga arbeider aktivt for å fremje mestring hos pasientane og sikre at dei får ei best mogleg tilpassa oppfølging når dei skal vidare i behandlingsforløpet.
Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim.
Avdelinga har 22 bebuarar, hovudsakleg eldre, som får oppfølging og omsorg basert på individuelle behov og vurderingar.
Personalet legg stor vekt på å skape trygge og stabile rammer gjennom heile døgnet, og å bidra til god livskvalitet, tryggleik og verdig omsorg for kvar einskild bebuar.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar, helsefagarbeidar eller pleieassistent vil du bidra til å sikre pasientane god omsorg, tryggleik og fagleg forsvarleg helsehjelp. Arbeidsoppgåvene vil variere noko etter kompetansenivå, men kan omfatte:
Alle tilsette må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar i situasjonar som oppstår, og samtidig bidra aktivt i teamet for å sikre trygg og kvalitativ helsehjelp.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonTone Elise Austnes, Avdelingsleiar HT, 475 16 769, tone.elise.austnes@haram.kommune.no
Reid Andulfstad-Aarskog, Avdelingsleiar Avd. 2, 909 59 269, reid.andulfstad-aarskog@haram.kommune.no
Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar Avd. 1, 993 20 969, maria.nordo.solevåg@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 940 51 001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
ArbeidsstadTrolldalssletta 12
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5047939008
Søknadsfrist: 31.12.2028
Vil du ha ein meiningsfull ekstrajobb? Har du lyst til å bruke ferie – eller ledige dagar elles i året – på å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte, meistring og omsorg? Time kommune søkjer no engasjerte tilkallingsvikarar innan psykisk helse og rus. Hos oss får du: Verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Moglegheit til å bidra til at menneske får ein trygg og meiningsfull kvardag Me kallar inn til intervju fortløpande – så ikkje vent med å søke! Slik søker du: Skriv i søknaden kva for ei avdeling du ønskjer å jobbe ved – og gjerne kvifor Oppgi om du søker som helgestilling, tilkallingsvikar – eller begge deler Merk om du ønskjer å jobbe dag/kveld/natt/langvakt. Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag. Våre avdelingar: Rørvika omsorgsbustadar Heildøgns omsorgsbustadar for menneske med fysisk, psykisk og/eller kognitiv svikt. Turnus: dag/kveld/natt/langvakt Kontakt: avd.leiar Bjørg Bø McDowell, tlf. 958 18 646 Svertingstad/Kolheia bufellesskap Svertingstad: Døgnbemanna bufellesskap for menneske med samtidig psykisk- og rusliding Kolheia: Bufellesskap for menneske med psykiske lidingar Turnus: dag/kveld/natt/langvakt Krav: førarkort klasse B (manuell) og alder over 18 år Kontakt: avd.leiar Astri Rosland, tlf. 959 15 934 Meistringssenteret Gir oppfølging til menneske med utfordringar innan psykisk helse og/eller rus. Krav: førarkort klasse B (manuell) Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387 Svendsenhuset Dag- og aktivitetssenter som tilbyr eit variert aktivitetstilbod for personar over 18 år. Krav: søkar må vere over 18 år Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387 Dette er jobben for deg som er engasjert, fleksibel og ønskjer å bidra til eit varmare samfunn. ArbeidsoppgåverSom vikar skal ein være med å gje nødvendig helsehjelp og stell etter dei retningslinjene som ligg føre i kvar avdeling.Kvalifikasjonar Me treng fleire gode vikarar med ulik bakgrunn for eksempel: - offentlig godkjendt vernepleiar/sjukepleiar - helsefagarbeidar og hjelpeplaiar - sjukepleiar/vernepleiar studentar - elevar med helsefaglig bakgrunn - assistentar - Erfaringar fra arbeid innen helse og omsorg er ein fordel, men opplæring blir gitt. - Dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentra at du har tilsvarende B2 nivå - krav om politiattest - du forpliktar deg til arbeide i heile perioden du oppgjer Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Vi tilbyr • Gode pensjonsordningar • Løn etter tariff/avtale • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonAstrid Rosland, Avdelingsleder ArbeidsstadArne Garborgs veg 30 4344 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5016719283 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 31.12.2026
Vi søker etter tilkallingsvikarar i Geiranger distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg. Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus. Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi kontaktar aktuelle søkjarar ved behov. Arbeidsoppgåver • Pleie og hjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande • Dokumentasjon • Kjøkkenarbeid og reinhald Kvalifikasjonar Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg. • Interesse for faget. • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov Vi tilbyr Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Løn etter kvalifikasjonar KontaktinformasjonElisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183 ArbeidsstadMaråkvegen 36 6216 Geiranger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5025148580 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 31.08.2026
Vi søker etter tilkallingsvikarar i Sunnylven distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg. Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi kontaktar aktuelle søkjarar ved behov. Arbeidsoppgåver • Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad • Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar KvalifikasjonarErfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg. • Interesse for faget. • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov Vi tilbyr Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Løn etter kvalifikasjonar KontaktinformasjonElisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183 ArbeidsstadHellesyltvegen 17 6218 Hellesylt Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5025149629 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 31.08.2026