
Brattvåg barneskule, Haram kommune · Haram
Brattvåg barneskule søker engasjerte tilkallingsvikarar som lærarar og assistentar for å skape ein inspirerande kvardag for elevar i skuleåret 2026/2027.
Brattvåg barneskule søker engasjerte tilkallingsvikarar som lærarar og assistentar for å skape ein inspirerande kvardag for elevar i skuleåret 2026/2027.
Vi søker tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/2027. Skriv i søknaden kva som kan vere aktuelt.
Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har over 200 elevar frå mange ulike nasjonar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Unni N Krogsæter, Tenesteleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no
Skulesvingen
6270 Brattvåg
Arbeidsgiver: Haram kommune
Referansenr.: 5144659648
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 01.06.2027
Har du lyst til å vera tilkallingsvikar på Bømlo bu- og helsesenter? Bømlo bu- og helsesenter (BBH) er ein sjukeheim med både langtid- og korttidsplassar fordelt på 4 ulike pasientavdelingar; Post 1 Nord, Post 2 sør og Korttid- og rehabilitering (KOR) på Svortland, og Teiglandshagen bufellesskap som ligg lokalisert på Moster. I tillegg har me eigen kjøkkenavdeling og reinhaldsavdeling på helsehuset på Svortland. Alle våre avdelingar har i periodar behov for tilkallingsvikarar. Ved BBH har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variera ut frå behovet i den aktuelle avdelinga: • KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 16 korttid- og rehabiliteringsplassar. Avdelinga har eit veldig godt arbeidsmiljø og legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta. • Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 32 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. • Teiglandshagen er eit bufellesskap med 16 plassar for personar med demenssjukdom. Bufellesskapet ligg lokalisert i Mosterhamn. Avdelinga har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Deira mål er å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelte pasient, der det blir lagt stor vekt på aktivisering og målretta miljøarbeid. • Kjøkkenet har ansvar for å produsere middag til heimebuande og dei som bu på institusjonane. I tillegg har desse ansvar for kantinedrift på helsehuset og rådhuset. • Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Kvalifikasjonar Me søkjer: • Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre med fullført helsefagleg utdanning. • Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert. • Assistentar til korttid- og og langtidsavdelingane. • Kokk/kjøkkenassistent til kjøkkenet. • Assistentar til reinhald. For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16-18 år og som er under helsefagleg utdanning. Personlege eigenskapar • Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre. • Du er fleksibel og løysingsorientert. • Du er positiv, engasjert og interessert i helse. • Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre. • Du er påliteleg og ansvarsfull. Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Vi tilbyr • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune. • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar. • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder. Andre opplysingar Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med dei ulike avdelingsleiarane eller verksemdleiar Monica Smedsrud. KontaktinformasjonMonica Smedsrud, Verksemdleiar, 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no Isabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no Kristina H. Pettersen, Avdelingsleiar Post 1 Nord, 908 93 242, kristina.halleraker.pettersen@bomlo.kommune.no Solveig G. Madsen, Avdelingsleiar Post 2 Sør, 474 52 732, solveig.gausvik.madsen@bomlo.kommune.no Chatrin P. Risøy, Avdelingsleiar Natt og Reinhald, 479 70 390, chatrin.risoy@bomlo.kommune.no Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar Teiglandshagen, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no Ann Mari Mikalsen, Kjøkkenleiar, 472 75 457, ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune,no ArbeidsstadLeirdalen 25 5430 Bremnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5133030884 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 18.12.2026
Vil du ha ein jobb som verkeleg betyr noko? Bli tilkallingsvikar i miljøtenesta! Midt-Telemark kommune søkjer deg som vil bruke tid, omsorg og engasjement på menneske som treng det – og få ein meiningsfull jobb tilbake. Hos oss jobbar du tett på menneske – barn og vaksne med nedsett funksjonsevne – og bidreg til gode dagar fylt med meistring, trivsel og utvikling. Ingen dagar er heilt like, og du får både utfordringar, glede og verdifulle erfaringar. Kvifor velje oss? Ein jobb som gir ekte meining Du blir kjent med flotte brukarar og gode kollegaer Perfekt som ekstrajobb eller erfaring innan helse og sosial Gode moglegheiter for læring og utvikling Her treng vi deg: Bufellesskapa: Solbakken Grauteknapp Notevarp Grivihaugen Arbeidsoppgåver Kva går jobben ut på? Og du blir ein viktig del av kvardagen til bebuarane våre: • Hjelpe med daglege gjeremål • Skape trygge og gode rammer • Bidra til meiningsfulle aktivitetar • Jobbe målretta med miljøarbeid • Arbeidstid er variert (dag, kveld, natt og langvakter). KvalifikasjonarØnska kvalifikasjonar/kompetanse: • Helsefagarbeider, vernepleier, anna helse og sosialfagleg utdanning • Ønskelig med erfaring frå miljøarbeidarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne. Særskilde krav: • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling. • Førarkort kl. B Personlege eigenskapar Du treng ikkje vere «ferdig utlært» – det viktigaste er kven du er: • Duer trygg, tolmodig og til å stole på • Du har lyst til å hjelpe andre • Du held roen også når det blir utfordrande • Du kommuniserer godt med både brukarar og kollegaer Vi tilbyr • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk • Gode forsikrings- og pensjonsordningar • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonTorunn Hesthag, Einingsleiar, +47 45438072 ArbeidsstadSkrivarvegen 2B 3810 Gvarv Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5134491417 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026
Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og trygge tenester. Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre Haram og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver • Pleie og omsorg til brukarar • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på å følgje faglege retningslinjer • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande • Bidra til eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar • Helsepersonell og personar utan utdanning kan søkje • Førarkort klasse B for stilling i heimetenesta • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg • Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd • Personlege eigenskapar vert vektlagt Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Likar å jobbe med menneske • Fleksibel og løysingsorientert • Tek ansvar og samarbeider godt • Møter andre med respekt og varme • Kan jobbe sjølvstendig når det trengst • Må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø • Godt humør og ei positiv framtoning • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme Vi tilbyr • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte • Stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på • Variert arbeid i møte med mange ulike menneske • God opplæring • Moglegheit for vidare vikaroppdrag og sommarjobb • Løn etter tariff KontaktinformasjonIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no ArbeidsstedStorgata 20 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5101749617 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 31.01.2027