
Avdeling for laboratoriemedisin, Helse Fonna HF · Haugesund
Vil du kombinere studiene dine med en lærerik jobb - og få stipend samtidig? Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korle...
Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korleis det er å jobbe som bioingeniør. Som bioingeniørstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får lønn, fagleg utvikling, og i tillegg eit stipend!
Vi har laboratorium i Haugesund, Odda og på Stord, der du kan få relevant arbeidserfaring:
Les meir om alle fordelane vi tilbyr!
I søknaden kan du skrive om du ønskjer å jobbe ved eit spesifikt laboratorium, eller sende ein open søknad.
👉Vi tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande – søk no og bli med på laget!
Kva går jobben ut på
Kva kompetanse er viktig i denne rolla
Kvifor skal du velje oss
Vitnemålsportalen
vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
KontaktinformasjonRita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, +47 53491094
ArbeidsstadKarmsundgata 120
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5087517351
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026
Vi søkjer etter ein dyktig og engasjert medarbeidar som vil bli ein del av det flotte laget vårt! 🔬 Kva kan vi tilby deg? I avdelinga vår er vi rundt 20 dyktige og trivelege kollegaer som har det kjekt saman. Arbeidsdagane er varierte med rotasjon på ulike arbeidsstasjonar, noko som gir eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø. Vi er stolte av det sterke samhaldet vårt og set stor pris på godt samarbeid og trivsel på jobb. • Vi hjelper deg med reise- og flyttekostnader (inntil 20.000,-). • Vi dekker husleige dei første 6 månadene (inntil 60.000,-). 📍 Om stillinga: Turnusstilling innan transfusjonsmedisin. Turnus kan i stor grad tilpassast dine behov – oppgi gjerne ønskje i søknaden. 💡 Kvifor velje oss? Immunologi og transfusjonsmedisin held til i toppmoderne lokale i 5. etasje i det nye sjukehusbygget. Vi er akkrediterte av Norsk Akkreditering og oppfyller dei høgaste krava til kvalitet og kompetanse i samsvar med NS-EN ISO. Dei avanserte laboratoriedatasystema våre, ProSang og Unilab 700, samt Reveos-automatisert produktframstilling, hjelper oss med å levere arbeid av høg kvalitet. 📞 Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Vi ser fram til å høyre frå deg! 👉 Søk no og bli ein del av vårt lag! Oppstartsdato kan avtalast. Er du nyutdanna bioingeniør, eller blir du ferdig sommaren 2026, oppmodar vi deg til å søkje. Vikariat kan også bli vurdert. Vi kan gjennomføre intervju fortløpande, men alle søkjarar blir vurderte etter søknadsfristen. Kva går jobben ut på • Blodtypeserologisk analysearbeid • Tapping av blodgivarar • Komponentframstilling • Blodutlevering • Andre arbeidsoppgåver ved behov. • Blodprøvetaking Kva kompetanse er viktig i denne rolla • Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad. • Erfaring frå transfusjonsmedisin er ein fordel, men ikkje eit krav. • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg Vi ser etter deg som: • er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert • samarbeider godt med ulike faggrupper • tek ansvar og bidreg positivt i arbeidsmiljøet • trivst med varierte arbeidsdagar og eit aktivt fagmiljø • er motivert for å lære og utvikle deg innan transfusjonsmedisin Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss • Ein trivelegarbeidsplass med godt miljø og inkluderande kolleger. • Varierte arbeidsoppgåver • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden KontaktinformasjonAnita Larsen, Funksjonsleder, +47 52732280, anita.larsen@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152941006 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du jobbe med moderne laboratoriedrift og bidra til rask og presis diagnostikk for pasientane våre? Vi har ledig ei spennande stilling som fagingeniør ved patologilaboratoriet vårt i avdeling for laboratoriemedisin. Her får du jobbe i eit moderne fagmiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka. På avdelinga har vi teke i bruk ny og avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig i utvikling. Vi arbeider med diagnostikk av sjukdomar gjennom undersøking av vev- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår, og arbeidet er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose. Som fagingeniør hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk og persontilpassa behandling til kreftpasientar. No leitar vi etter ein engasjert fagingeniør til ei fast heiltidsstilling. Dette er ei dagstilling med varierte arbeidsdagar. Du får høve til å lære om ulike delar av laboratoriet gjennom grundig opplæring. Dersom ein intern kandidat blir tilsett, kan det bli andre ledige stillingar ved patologilaboratoriet. Dersom dette er av interesse, ber vi deg skrive det i søknaden. Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne søkjarar velkomne til å søkje. Oppstart er etter avtale. Velkomen til å søkje hos oss! Arbeidsoppgåver • Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid. • Betene og vedlikehalde medisinsk-teknisk utstyr. • Delta i laboratoriet sitt kvalitets- og forbetringsarbeid. • Rullere mellom arbeidsoppgåver innan fleire fagområde. • Ha delansvar for fagområdet immunhistokjemi. • Vere stadfortredar for fagansvarleg ved korttidsfråvær og ferie. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Bioingeniør med norsk autorisasjon • Anna relevant utdanning og erfaring kan også bli vurdert • Kompetanse og erfaring innan immunhistokjemi og/eller patologi er ønskeleg, men ikkje eit krav. • Erfaring og kompetanse frå klinisk medisinsk laboratorium og kvalitetssikringssystem er ein fordel. • Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel. • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: • trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar eit høgt tempo • har god arbeidskapasitet og er motivert for å utvikle deg i fagfeltet • bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø • har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta, strukturert og nøyaktig • tek ansvar, arbeider sjølvstendig og bidreg til god flyt i arbeidsdagen • ser kva som må gjerast, og både tilbyr og tek imot hjelp • står trygt i krevjande situasjonar Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? • Løn etter avtale, ut frå dokumenterte kvalifikasjonar og erfaring. • Eit triveleg og aktivt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar. • Eit laboratorium og eit fagområde i utvikling. • Ein spennande og utfordrande jobb med gode høve til fagleg og personleg utvikling. Vi oppmodar alle søkjarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHåvard Valvatne, Funksjonsleiar, havard.valvatne@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundsgt. 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152531047 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.08.2026
🧪 Vil du vere med og utvikle fagområdet generell kjemi? På grunn av vekst i fagområdet søkjer vi no ein fagansvarleg ingeniør til eit spanande og framtidsretta fagmiljø. Du vil arbeide tett saman med to andre fagansvarlege ingeniørar og to fagingeniørar, og vere ein del av det større teamet innan medisinsk biokjemi. 🤝 🔬 Fagområdet omfattar mellom anna klinisk kjemi, immunkjemi, allergi, spesialprotein og elektroforese. Området er i stadig utvikling, og nye analysar blir jamleg implementerte. 🏥 Medisinsk biokjemi held til i nye og moderne lokale med fullautomatisert analysehall, og er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin. Avdelinga er akkreditert av Norsk akkreditering og har sterkt fokus på kvalitet og fagutvikling. Stillinga er ei dagtidsstilling med 37,5t/uke og arbeid ca. kvar fjerde lørdag. 📞 Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat! 😊 Kva går jobben ut på? • Fagansvarleg ingeniør er fagleg og administrativt underlagd funksjonsleiar, og skal i samarbeid med avdelingsoverlege og funksjonsleiar bidra til å styrkje, vidareutvikle og optimalisere rutinar og prosedyrar innan fagområdet. • Fagansvarleg ingeniør skal, saman med dei andre fagansvarlege, ha spesialkompetanse og hovudansvar for sitt fagområde. • Fagansvarleg kan få delegert oppgåver frå medisinsk ansvarleg og funksjonsleiar, og kan i samarbeid med funksjonsleiar delegere arbeidsoppgåver til anna kvalifisert personale. • Fagansvarleg ingeniør vil delta i prosessar knytte til anskaffing, validering og verifisering av utstyr. • Ordinære driftsoppgåver ved Medisinsk biokjemi vil inngå i arbeidsoppgåvene. • Vedkomande vil samarbeide tett med andre fagansvarlege, avdelingsoverlege og funksjonsleiar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som bioingeniør er eit krav. • Minimum 2 års erfaring innan medisinsk biokjemi. • Erfaring frå fagansvar og det aktuelle fagområdet vil bli vektlagd. • Erfaring med laboratorieautomatisering er ønskjeleg. • Erfaring med større analyseinstrument er ein fordel. • Erfaring med prosedyreskriving er ønskjeleg. • Erfaring med avvikshandtering er ønskjeleg. • Gode IKT-kunnskapar, særleg i Excel, er ønskjeleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar på utfordringar • er engasjert, arbeidsam og tek ansvar • samarbeider godt med andre og har pasienten i fokus • har stor interesse for fagfeltet og ønskje om fagleg utvikling • har høg arbeidskapasitet og evne til å prioritere • trivst i eit aktivt og tidvis travelt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor skal du velje oss? • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst. • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. • Ei sentral rolle i eit fagområde i vekst og utvikling. • Arbeid i moderne lokale med fullautomatisert analysehall. • Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonBenedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5151580703 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026