
Hjelmeland Kyrkjelege Fellesråd · Hjelmeland
Kan du tenkje deg ein meiningsfull og sosial deltidsjobb i kyrkja? Hva vi ser etter Me ser etter ein person som likar å ta i mot dei som kjem i kyrkja på ein...
Kan du tenkje deg ein meiningsfull og sosial deltidsjobb i kyrkja?
Me ser etter ein person som likar å ta i mot dei som kjem i kyrkja på ein god måte.
Det er fint om du er litt praktisk, da det er styring av lydanlegg til mikrofonar og litt enkelt vedlikehald som må utførast.
Jobben kan passe for ungdom, deltidstilsette og pensjonistar.
Me søkjer etter ein persom med praktisk sans som har interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid. Kyrkjetenarane har faste arbeidsoppgåver i samband med gudstenester, vigsel, gravferd og andre arrangement i kyrkjene, i tillegg ha ansvar for enkelt vedlikehald. Ved ferieavvikling og sjukdom må ein rekne med å vikariere i Årdal og Fister kyrkje.
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.
Det er gudstenester kvar 3. søndag heile året.
Gravferd er på vekedagar og vigsel er vanlegvis på laurdag i sommarhalvåret.
Det blir rekna 2 - 3 timar for kvar gong kyrkjetenaren er på jobb i samband med gudsteneste, gravferd, vigsel og andre arrangement.
I barnehagane våre i Årdal kommune arbeida me kvar einaste dag for at barna skal møtast med tryggleik, meistring og ekte glede. No ynskjer me oss fleire engasjerte barnehagelærarar som vil vere med og skape gode barndomsminne – i kvardagar fulle av leik, omsorg og utvikling. Me har ledig fleire faste stillingar som barnehagelærar i dei ulike barnehagane våre. Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut? Som barnehagelærar hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidsdag der barna står i sentrum. Du får vere tett på kvardagen deira og bidra aktivt til trivsel, leik og læring, både ute og inne. Arbeidet inneber pedagogisk planlegging og gjennomføring av aktivitetar, samtidig som du samarbeider tett med kollegaer om å organisere kvardagen på ein trygg og god måte. Du blir ein viktig vaksenperson i barna sine liv – ein som ser dei, lyttar og møter dei med varme og tydelegheit. I barnehagane våre legg me stor vekt på fagleg refleksjon, samarbeid og kontinuerleg utvikling, og me ynskjer at alle tilsette skal kjenne seg trygge og verdsette i rolla si. Er arbeid som barnehagelærar noko for deg? Arbeidet som barnehagelærar i Årdal kommune inneber også å vere ein viktig ressurs i det tidlege innsatsarbeidet rundt barna. Du vil samarbeide med føresette, kollegaer og andre faginstansar for å skape inkluderande fellesskap der alle barn får delta og kjenne seg høyrde. For stillinga er det krav om barnehagelærarutdanning, eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Det er viktig at du har gode norskkunnskapar og kan leggje fram godkjent politiattest. Kven ser me etter? Me ynskjer oss tilsette som bidreg til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, og som er gode på relasjonsbygging – både med barn, kollegaer og føresette. Du er ein omsorgsfull rollemodell som likar å ta ansvar, samarbeide og utvikle deg fagleg. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar i rekrutteringa. Kva kan me tilby deg? Hjå oss får du ein trygg og meiningsfull jobb med forutsigbare rammer og eit godt fagmiljø med høg kompetanse. Årdal kommune tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, løn etter utdanning og praksis i tråd med hovudtariffavtalen, og tilgang til bedriftshytte på Skeikampen. Me er opptekne av at våre tilsette skal trivast! Ta kontakt – me vil gjerne høyre frå deg Ta gjerne kontakt med oss for ein uforplikta prat – me fortel gjerne meir om barnehagane våre og kvardagen hjå oss. Me ser fram til å høyre frå deg og bli betre kjent med deg som kanskje blir vår nye kollega. Søknadane vil bli vurdert fortløpande. Link til søknadsskjema: Søk her
TESS øker og søker kundeveileder til vårt servicesenter i Årdal. Som kundeveileder i TESS er du vårt ansikt ut mot kunden og skal bidra med faglig veiledning om våre produkter. Vi søker deg som vil være med i et faglig sterkt teknisk miljø, og bidra til gode kunderelasjoner. For den rette vil mulighetene for faglig og personlig utvikling i TESS være store. Arbeidsoppgaver: • Kundeveiledning og salg i servicesenter og håndtering av forespørsler eksternt • Utarbeiding av tilbud og oppfølging av disse • Ordrebehandling • Enklere teknisk salg og produksjon av slanger • Bistå med andre oppgaver ved servicesenteret etter behov Ønskede kvalifikasjoner: • Relevant erfaring med salg er en fordel • Teknisk innsikt og interesse er et pluss • Gode digitale ferdigheter • Førerkort klasse B Personlige egenskaper: • Serviceinnstilt, samarbeidsvillig, selvstendig og har godt humør • Løsningsorientert, nysgjerrig og pålitelig • Har gode holdninger og innstilt på hardt arbeid for å oppnå gode resultater • Genuint interessert i å jobbe for TESS Vi tilbyr: • Spennende produkter, tjenester og konsepter i et markedsledende selskap • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsbetingelser • Gode muligheter for personlig og faglig utvikling gjennom vårt eget TESS Academy • En av markedets beste helseforsikringer • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil deg ditt beste Vi behandler søknader fortløpende - så ikke vent! Siste søknadsfrist 2. august. I TESS fokuserer vi på AI, men når det gjelder søknaden ønsker vi at du skal skrive den selv!
Har du lyst på ein spennande jobb med varierte oppgåver innan plan- og bygningslova? Årdal kommune søkjer ein engasjert rådgjevar/sakshandsamar til plan- og byggesaksavdelinga vår i ei 100% fast stilling. Det blir lagt til rette for at vedkommande over tid vert ein del av overordna vaktberedskap innan brann i kommunen. Arbeidsoppgåver • Vurdere og handsame søknader, dispensasjonar og klager i samsvar med plan- og bygningslova • Gje rettleiing og råd til innbyggjarar, utbyggjarar og arkitektar • Tilsyn oppgåver etter plan og bygningslova • Ajourhald av matrikkel • Delta i tverrfagleg samarbeid internt i kommunen • Overordna vaktberedskap innan brann Kvalifikasjonar • Relevant høgare utdanning gjerne innan tekniske fag, beredskap, eller samfunnssikkerheit • Godt kjennskap til og interesse for plan- og bygningsrett • Gjerne med erfaring frå kommunal sakshandsaming • Meistre norsk munnleg og skriftleg godt • Gode digitale ferdigheiter Personlege eigenskapar • Sjølvstendig, effektiv og løysingsorientert • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling • Trivst med sjølvstendig arbeid, men fungerer også godt i team • Førarkort klasse B Kva me tilbyr • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit fagfelt i utvikling • Godt og uformelt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering • Gode pensjons- og forsikringsordningar Stilling er lagt innanfor området miljø og samfunn. Ein er rådgjevar/sakshandsamar og yter service til innbyggarane innan for plan og bygningslova. I tillegg vil ein på sikt bli med i overordna vaktberedskap, og ein må pårekna å gjennomføra utdanning ved Brann og redningskulen. For nærare informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt. Andre opplysningar: • Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering • Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader • For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing Link til søknadsskjema: Søk her