Hyllestad kommune har ledig stilling som kommunalsjef helse og omsorg, fast 100 % stilling frå 01.10.2026.
Vil du vere ein sentral leiar i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Hyllestad kommune? Vi søkjer ein tydeleg og samlande leiar som vil ta ansvar for eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss får du påverke strategiske val, leie dyktige fagmiljø og bidra til at innbyggjarane får gode og framtidsretta tenester.
Stilinga sin næraste overordna er kommunedirektøren, og kommunalsjefen er del av direktøen si leiargruppe og beredskap/kriseleiing. Kommunalsjefen er næraste overordna til einingsleiar helse og einingsleiar omsorg. Plan, prosess, koordinering og utvikling ser vi som ein viktig del av stillinga, personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kvifor søkje stillinga som kommunalsjef?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg?
Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Som kommunalsjef helse og omsorg vil arbeidsoppgåvene dine mellom anna vere:
Kvalifikasjonar
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kommunedirektør Gjermund Flage, tlf. 577 89 546/932 18 780 eller noverande kommunalsjef Rolf Horne, tlf. 577 89 515/469 37 412.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg! Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Som kommunalsjef i Hyllestad får du kombinere strategisk leiarskap med nærleik til menneske, tenester og resultat. Her vil du sjå at arbeidet ditt gjer ein forskjell, både for innbyggjarane og for medarbeidarane dine.
Relevante lenkjer
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Hyllestad