Eg er ein kjekk kar i starten av 30 årene som treng nye assistentar. Eg er interessert i landbruk, politikk, fest og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn.
Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar og bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell, køyring, hage arbeid og liknande. I tillegg så liker eg reising, feste og anna galskap som du kan være med på.
Arbeidstida er som regel 08:00 til 15:30 og 16:30 til 24:00, lengre vakter kan bli avtalt på forhand. Stillingsprosenten vil være på 40% til 60%, avhengig av søkars ønskjer. Skriv gjerne i søknadsteksten kva som høve best for deg. Stillingsprosenten vi blir einig om vil bli gjennomsnitts berekna over to månadar, det vil si at du nokon ukar jobbar meir og andre mindre. Eg forsøker, så godt det lar seg gjære, å legge opp vaktane på dagar som passar for oss begge. Jobben går enkelt an å kombinere med anna jobb eller studie. Arbeidsstad vil være der eg opphalde meg, og ofte i mitt eige heim i Vikøy.
Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje er redd for å bli skitten på hendene. Eg er litt aktiv i politikk, så det hender at du må bli med meg på møter. Det er ingen krav til utdanning eller relevant erfaring, personlege eigenskapar blir vurdert.
Det er viktig for meg at du skal ha eit godt arbeidsmiljø
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Kvam