
Kvinnherad kommune Barn og familie · Kvinnherad
Vil du vere med og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i Kvinnherad? Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til ...
Vil du vere med og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i Kvinnherad?
Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til Familiestøtte – ei sentral teneste for førebygging, tidleg innsats og støtte til barn, unge og familiar.
Dette er ei spennande leiarstilling for deg som brenn for å utvikle tenester i tett samarbeid med dyktige fagpersonar, samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet. Du får ansvar for eit viktig fagområde med stor betydning for barn og unge si helse, meistring og livskvalitet.
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og består av seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning- og butiltak for barn og unge og tverrsektorielt psykologteam. Eininga held til i Husnes tenestesenter.
Som avdelingsleiar for Familiestøtte får du ansvar for fagleg, administrativ og strategisk leiing av avdelinga, og rapporterer direkte til einingsleiar. Du blir ein del av eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø med eit felles mål om å styrkje oppvekstvilkåra for barn og unge i Kvinnherad kommune.
Frå 1. oktober 2026 har Eining Barn og familie ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar for avdeling Familiestøtte.
Familieteamet tilbyr familierettleiing, samtalar og gruppetilbod til barn, unge og familiar.
Ungdomsteamet omfattar ungdomslosar, utekontaktar og ungdomsleiarar med ansvar for kommunen sine ungdomsbasar og lågterskeltilbod til ungdom.
Tiltakskonsulent har ansvar for rekruttering og oppfølging av oppdragstakarar i eining barn og familie.
Avdelingsleiar har også funksjon som kommunen sin SLT-koordinator og skal leie og vidareutvikle det lokale SLT-arbeidet (Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak). Dette er eit systematisk samarbeid mellom kommune, politi og andre offentlege og private aktørar for å styrkje det førebyggjande arbeidet blant barn og unge.
Avdelinga har særleg fokus på tverrfagleg samarbeid, førebygging og utvikling av lågterskeltilbod. Medarbeidarane er den viktigaste ressursen i tenesta, og det er sentralt å sikre høg fagleg kvalitet, god rettleiing og eit inkluderande arbeidsmiljø. Eining barn og familie er oppteken av å nytte ressursane slik at dei kjem tenestemottakarane best til nytte. Det kan difor bli endring i arbeidsoppgåver og samansetning i avdelinga.
Stillinga inneber noko arbeid på ettermiddag, kveld og i enkelte tilfelle helg, for å sikre god fagleg støtte og oppfølging av medarbeidarane. Arbeid med søknader om prosjekt- og utviklingsmidlar er òg ein viktig del av stillinga.
Vi søkjer ein leiar med relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag. Søkjarar med annan relevant utdanning vil også kunne bli vurderte.
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi søkjer deg som:
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Kravet er heimla i barnevernslova § 12-11, opplæringslova § 17-11, barnehagelova § 30, helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i seks avdelingar: Barnevern, Helsestasjon, PPT, Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak for barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes. Omtale av stillinga Kvinnherad kommune har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i barnehageteamet for snarleg tilsetting. Barnehageteamet er organisert som ein del av PPT og avdelingsleiar på PPT er spesialpedagogen sin næraste leiar. Barnehageteamet er knytt til barnehagane i Kvinnherad kommune med eit særskilt fokus på tidleg innsats og spesialpedagogisk hjelp, samt ei utøvande og rettleiande rolle innan spesialpedagogisk arbeid. Spesialpedagogane har oppmøtestad i inntil to barnehagar. Oppmøtestad kan endrast kvart tredje år, eller etter behov. Spesialpedagogane vil delta i eit spesialpedagogisk nettverk med møter kvar 4. veke for faglege drøftingar og påfyll. Ut over dette vil spesialpedagogen ha sin fulle arbeidsdag i barnehagane. Spesialpedagogane vil ikkje være del av grunnbemanninga i barnehagane. Arbeidsoppgåver • Vera ein fagleg ressurs innan spesialpedagogisk område for barnehagen. • Arbeide med førebygging og tidleg innsats på individ og systemnivå. • Observasjon og kartlegging. • Rettleiing på individ- og systemnivå. • Styrking av det systematiske språkarbeidet. • Ansvar for spesialpedagogisk hjelp etter §31 i barnehagelova. • Utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) og årsrapport i samarbeid med pedagogisk leiar. • Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester. Kvalifikasjonar Godkjent barnehagelærarutdanning. Vidareutdanning innan spesialpedagogikk eller pedagogikk, 2.avdeling spes.ped. eller anna relevant utdanning. Det er ønskjeleg med rettleiarkompetanse. Personlege eigenskapar • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing • Erfaring frå arbeid med rettleiing er ei føremon • God samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar • Eigna for arbeid med barn og foreldre • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert • Evne til fleksibilitet og endringsvilje • Krev gode norskkunnskapar • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne • Å kunne arbeide tverrfagleg Vi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov. Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil. For søkarar med utenlandsk utdanning kreves godkjenning frå NOKUT og søkarar utan norsk morsmål må ha bestått norskprøve på minimum nivå B2. Vi tilbyr • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø. • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. • Rettleiing. • Løn etter kvalifikasjonar. • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla lov om barnehagar § 30. Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga og arbeidsstaden Ved Bergen og omland familiekontor har vi ledig fast avdelingsleiar-ressurs. Ressursen skal fordelast med arbeidsstad på våre 3 lokasjonar med 60% i Bergen, 20% på Stord og 20% i Odda. Dei som vert tilsette skal ha arbeidsstad på kvar sin lokasjon. Ved evt. intern tilsetjing vil avdelingsleiarstillinga kunna kombinerast med terapeutstilling i resterande del av 100% stilling. Lokasjon Bergen har p.t. 32 tilsette, Odda har 5 tilsette, Stord har p.t. 6 tilsette. Omfang på stillingsressursen vert evaluert og vurdert i budsjett for 2027. Hos oss vil du verte ein del av ei leiargruppe i eit engasjert og fagleg sterkt arbeidsmiljø, der du vil få moglegheit til å påverke den daglege drifta og våre framtidige planar. Arbeidsoppgåver Mål for stillinga er å sikre stabil drift og bemanning. Ditt ansvar vil vere: • å ta kloke avgjerder, samtidig som du leier med fagleg tryggleik, ro, tillit, og etisk medvit • å ha god rolleforståelse og nærvær • sørgje for stabilitet gjennom dagleg drift, oppfølging og ivaretaking av personal og brukarar av tenesta • å bidra aktivt til god intern og ekstern samhandling • å kunna omsetje overordna føringar og prioriteringar til dagleg praksis • handtere både operativt ansvar og langsiktig planlegging I samarbeid med einingsleiar og leiargruppe bidrar du: • i kvalitetsutviklings- og forbetringsarbeid • HMS-arbeid og god internkontroll • særlege prosessar knytta til personaloppfølging • oppfølging av budsjett • i rekruttering • i leiarteamet i tenesta • du rapporterar til leiar Kva bakgrunn har du? Du må ha: • Relevant høgare helse- og sosialfagleg utdanning på bachelornivå, ev. masternivå, fortrinnsvis innan familieterapi eller leiing. • God evne til samhandling med andre. • God evne til struktur og planlegging • Gode digitale ferdigheiter og gjerne erfaring med rapportering og dokumentasjon. • Gode kommunikasjonsferdigheiter, på norsk. Ønskelige krav: • Leiarerfaring, gjerne frå familievernsfeltet. • God kjennskap til familievernsfeltet og relevant lov- og regelverk. • Erfaring med fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samhandling. • Økonomiforståing, ev. erfaring med budsjett- og driftsansvar. Personlege eigenskapar Kva ser vi etter: • Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar. • Tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik. • Evne til å prioritere og handle klokt i sanntid. • Høg gjennomføringsevne og indre struktur. • Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse. • Blir motivert av å kombinere strategisk tenking med operativt ansvar. • Genuin motivasjon for målgruppa. Kva får du hos oss? • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, i lønnsspenn med kr 700.000 - 800.000 pr. år i aktuell stillingsstørrelse. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan vurderast ved særlig kvalifiserte søkarar. • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekt • Moglegheit til å trene 1 t pr veke i arbeidstida utanom tida til konsultasjonar og faste møter. • Støtte og rettleiing i leiarrolla frå einingsleiar. Opplysningar til deg som søkjar • Vi søkjer etter dei beste hovuda og hjarta uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. • Stillinga er for tida lagd til Bergen og omland familiekontor. • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje. • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok. • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge. Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Miljøtenesta i Time kommune består av 6 avdelingar fordelt på Bryne og Kvernaland Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og omfattar: Heildøgns omsorgsbustadar og burettslag Barne- og avlastningsbustad Aktivitetssenter Tilrettelagte aktivitetstilbod Timebaserte tenester til heimebuande Positiv atferdsstøtte (PAS) er godt forankra i tenestene våre og ligg til grunn som verdi- og rammeverk for arbeidet i alle avdelingar. Verksemda arbeider aktivt for at brukarane skal oppleva god livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag, med fokus på sjølvbestemming, meistring og fellesskap. Du vert ein del av eit tverrfagleg miljø og eit leiarteam med fem avdelingsleiarar, og du rapporterer til verksemdsleiar. Om stillinga Du får ansvar for Holmebakken bufelleskap og eit nytt bufelleskap som opnar på Kvernaland i desember 2027. Det nye bufelleskapet er eit kombinert foreldreinitiativ og kommunalt bufellesskap. Du vil få ei sentral rolle i planlegging og etablering av dette tilbodet. Dette gir deg ei unik moglegheit til å: Vera med å etablere eit nytt bufellesskap frå start Legge gode rammer for fag, struktur og kultur Arbeidsoppgåver Dagleg leiing av avdelinga med fag-, personal- og økonomiansvar Sikra ei god og effektiv tenesteproduksjon Arbeide med kvalitet og fagleg utvikling i tråd med lovverk og interne krav Vere tett på i HMS-arbeid og oppfølging av sjukefråvær Sikre oppfølging av mål, krav og politiske vedtak Bidra til god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar Leie utviklingsarbeid og endringsprosessar Planlegga og etablera nytt bufelleskap på Kverneland I 2026 vil arbeidsoppgåvene i stor grad vere knytte til organisatorisk arbeid, førebuing og tilrettelegging, i lys av at Holmebakken frå 2027 skal slås saman med nytt foreldreinitiativ på Kverneland. Kvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar Brei erfaring med målgruppa Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing er ønskjeleg God økonomisk forståing Erfaring frå turnusarbeid er ein fordel God IKT-kompetanse Krav om norskferdigheter, minimum B2 Du må ha førarkort klasse B (manuell gir) Det er krav om politiattest ved tilsetting. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • Har ein trygg, tydeleg og inkluderande leiarstil • Er strukturert og målretta, med god gjennomføringsevne i ein travel kvardag • Skaper tillit, gode relasjonar og godt samarbeid med medarbeidarar, brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar • Er utviklingsorientert og trivst med å byggja struktur, kultur og fagleg retning i nye tenester • Er løysingsorientert, handlekraftig og trygg i komplekse situasjonar og endringsprosessar • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø prega av openheit, respekt og fagleg engasjement Vi tilbyr • Ei spennande og utviklande leiarstilling • Moglegheit til å vera med å etablera eit nytt bufelleskap • Eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling • Deltaking i eit godt leiarteam med fadderordning i oppstarten • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar • Bedriftskunstforening • Løn etter avtale KontaktinformasjonStig Soland Kristofferse, Verksemdleiar, +47 93633153, stig.soland.kristoffersen@time.kommune.no ArbeidsstadHolmebakken 4355 Kvernaland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5149768408 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026