
Lom Kommune Sentraladministrasjon · Lom
Vil du vere med og skape gode dagar for andre? I tilrettelagte tenester møter du menneske med ulike bistandsbehov, og får vere med på å skape ein kvardag preg...
I tilrettelagte tenester møter du menneske med ulike bistandsbehov, og får vere med på å skape ein kvardag prega av meistring, tryggleik og livsglede. Ingen dagar er heilt like, og du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag saman med engasjerte kollegaer.
Nå har vi ledig to faste stillingar som fagarbeidar, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
Hjå oss er det rom for faglege diskusjonar, refleksjon og utvikling. Vi støttar kvarandre i kvardagen, samarbeider tett og er opptekne av å finne gode løysingar for kvar enkelt brukar.
Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.
Hos oss blir du del av eit fagmiljø der samarbeid, tillit og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer at både brukarar og tilsette skal oppleve meistring og trivsel.
Turnusarbeid. Stillingane har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus.
Velkomen som søkjar -- vi ser fram til å høyre frå deg!
Vil du vere med og forme framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar til Bismotunet bufellesskap. Her får du ei sentral leiarrolle med ansvar for fag, drift og utvikling -- i eit sterkt fagmiljø som satsar på meistring, kvalitet og ny teknologi. Avdelingsleiar for Bismotunet bufellesskap Vi treng ny avdelingsleiar for Bismotunet bufellesskap i 100% stilling, og søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar som vil vere med og vidareutvikle tenestene -- både fagleg og organisatorisk. Stillinga er ledig frå august. I Skjåk kommune arbeider vi aktivt for å utvikle framtidsretta helse- og omsorgstenester i takt med innbyggjarane sine behov. Vi har eit sterkt fagmiljø og eit moderne bufellesskap personar med behov for tilrettelagde tenester. Meistring, kvalitet og gode individuelle løysingar står sentralt i arbeidet vårt. Vi er aktive i utviklinga av meistringsteknologi, og utforskar korleis teknologi kan støtte bebuarane si sjølvstende, tryggleik og deltaking i eige liv. Dette gir spennande moglegheiter for deg som leiar til å bidra i utviklingsarbeid. Om stillinga Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å sikre gode tenester til bebuarane våre og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Du har ansvar for dagleg drift, journalføring, samordning og leiing av tenesta, og fagleg kvalitet og personaloppfølging. Du samarbeider tett med tenesteleiar om dagleg drift, bemanning og utvikling av tenestene, og er stedfortredar ved fråvær. Stillinga er for tida dagarbeid. Arbeidsoppgåver • Leie og vidareutvikle avdelinga med fokus på meistring, kvalitet og gode tenester • Planleggje og sikre forsvarleg drift og rett bemanning i samarbeid med tenesteleiar • Følgje opp, rettleie og støtte fagansvarlege, samt samordne fagarbeidet • Sikre god dokumentasjon og ivareta journalansvar • Planleggje og gjennomføre opplæring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 • Ansvar for relevante fagsystem • Leggje til rette for kompetanseutvikling og læring i avdelinga • Bidra til utvikling og bruk av meistringsteknologi • Samarbeide med helse- og omsorgstenester, skule, arbeidstilbod og spesialisthelsetenesta • Bidra til eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, faglegheit og respekt • Andre oppgåver kan bli lagt til stilling Kvalifikasjonar • Relevant treårig høgskuleutdanning • Leiarerfaring er ønskjeleg • Erfaring frå arbeid med personar med samansette behov er ønskjeleg • Erfaring i arbeid med og kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk • Førarkort klasse B • Godkjend politiattest Vi vektlegg • at du er tydeleg, trygg og engasjert i leiarrolla • at du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere medarbeidarar • at du er strukturert, fleksibel og utviklingsorientert • at du har interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid • at du har evne til og er fleksibel i høve til omstilling • at du har god digital kompetanse og interesse for meistringsteknologi Vi tilbyr • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Kari Gjelbakken, telefon 45 34 39 53 Søknadsfrist 29.07.2026 Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Elektronisk søknadsskjema Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt. Vil du vite meir om Skjåk? Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no. Sletting av studielån Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Om stillinga Me søkjer etter nye kollegaer til Pleie- og omsorg, på Sveio omsorgssenter og i Hjemmetjenesten. Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resultere i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga. Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar. Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss. Arbeidsoppgåver Dine arbeidsoppgåver vil vere å hjelpe pasientane og brukarar med daglege gjeremål. Det kan være å tilrettelegge måltider, hjelp i stell og delta i miljøretta aktivitetar. Våre tilsette har eit fagleg fokus for å ivareta pasientane på best mogleg måte. Du jobbar saman med anna personell som sjukepleiar, fagarbeidarar og assistentar. Kvalifikasjonar • Helsefagleg bakgrunn er ein fordel for stillingar innen omsorg. • Andre med interesse for området kan også søkje. • Krav om ordinært førerkort klasse B i Heimetenesta og på natt. • Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakker, leser og skriv så godt at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeids oppgåvene dine sjølvstendig. • Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som ansettes i helse og omsorgstjeneste Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner • Evne til å jobbe sjølvstendig • Lojal, punktlig og pliktoppfyllande • Fokus på kvalitet i tenesta • Må kunne handtere utfordrande arbeidsoppgåver • Fleksibel og løysningsorientert Vi tilbyr • Skriv i søknaden om du har ein arbeidsstad du føretrekke å jobba på • Du får mer informasjon om stillingane, hvis du tar kontakt direkte med kontaktpersonene • Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap • Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre. Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda. Arbeidsoppgåver- Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak - Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar - Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler - Ta ansvar for planer, tiltak og IP - Dokumentere i journalsystem - Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre innstansarKvalifikasjonar- Offentleg godkjent vernepleiar/sjukepleiar - Gode norskferdighetar, snakke, forstå og skrive norsk - Serviceinnstilt og fleksibel - Evne til samarbeid og ha fokus på løysingar - Bidra til innovasjon og utvikling innan helse og omsorg - Bidra til at eininga når sine målsettingar - Førarkort klasse BPersonlege eigenskapar- Positiv som bidreg til eit godt arbeidsmiljø - Har samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skaper tryggleik og gode relasjonar - Fleksibel og løysningsorientert - Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert - Kan ivareta menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv - Stabil arbeidstakar med god arbeidsmoralVi tilbyr - Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer - Spanande og variert arbeidskvardag , med interessante arbeidsoppgåver - God opplæring - Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling - Gode kommunale arbeidsvilkår - Løn etter avtale - Gode pensjonsordningar i KLP - Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad! Andre opplysningar: - Stillinga inneber arbeid i årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4.helg. Om du ynskjer ekstra helger i årsturnus vert dette kompansert med 1500,- pr. vakt. - Bilkøyring på tilrettelagt arbeidsplass og køyring av tenestemottakar til aktivitetar er ein del av arbeidsoppgåvene. - Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. - Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak. Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. KontaktinformasjonMay Anette Brattestå Sollie, Avdelingsleiar, +47 97109001, may.anette.brattesta.sollie@tokke.kommune.no ArbeidsstadIvirovegen 13 3880 Dalen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 5119006359 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026