
Den norske kyrkja, Møre bispedøme · Molde
Det er ledig stilling som HR-leiar/Avdelingsleiar HR og organisasjonsutvikling ved Møre bispedømekontor. Vi søkjer etter ein HR-leiar som har framtidsperspektiv...
Det er ledig stilling som HR-leiar/Avdelingsleiar HR og organisasjonsutvikling ved Møre bispedømekontor. Vi søkjer etter ein HR-leiar som har framtidsperspektiv og gjennomføringsevne.
Møre bispedømekontor er felles administrasjon for biskop og bispedømeråd. Kontoret og er i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømekontoret har omlag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar med kvar sin leiar - "Kyrkjefag og samfunn" og "HR og organisasjonsutvikling".
HR-leiar vil ha ei strategisk rolle med ansvar for å leie og utvikle HR- og arbeidsgjevaransvaret på vegner av biskop og bispedømeråd i nært samarbeid med stiftsdirektør og prostane i bispedømmet. HR-leiar vil ha ansvar for å koordinere HR-arbeidet i bispedømet, samarbeide med Kyrkjerådet si HR avdeling og dei nasjonale teama innan løn og økonomi. HR-avdelinga består for tida av ein leiar og to HR-rådgjevarar. HR-leiar er del av leiargruppa på bispedømekontoret.
Møre bispedømeråd har arbeidsgjevaransvar for omlag 75 prester fordelt på 5 prosti og dei tilsette på bispedømekontoret. Samarbeidet med 26 kyrkjeverjer i dei kyrkjelege fellesråda er svært viktig.
Møre bispedøme står framfor store oppgåver, både administrativt og organisatorisk, gjennom utvikling og arbeid innan bispedømet sin arbeidsgjevarpolitikk, personapolitikk og ressursforvaltning. Arbeidet med kyrkjeleg organisering på nasjonalt og regionalt nivå vil verke inn på fagområdet.
Fleire opplysningar kan du finne på www.kyrkja.no/more eller ved kontakt med stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug,
Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette
Vi forventar oppmøte og tilstedeværelse med utgangspunkt i Møre bispedømmekontor.
Den norske kyrkja skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida offentlig søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. Kirkeordning for Den norske kirke § 42. Anmodning om å få namnet sitt unnateke frå denne må grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b.
KontaktinformasjonBjørn Olaf Storhaug, Stiftsdirektør, +47 92810040
ArbeidsstedMoldetrappa 1
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Den norske kirke
Referansenr.: 5131324099
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2026
Avdelingsleiar for Avdeling for HR (fast stilling) Høgskulen søkjer etter deg som kan leie vidareutviklinga av HR-området i HVL. Avdeling for HR er organisert i fellesadministrasjonen, og har om lag 40 tilsette som er fordelt på alle dei fem campusane våre. Avdelinga ligg i linja til organisasjonsdirektøren, og er organisert med avdelingsleiar, nestleiar, og tre fagansvarlege for områda a) tilsetterekruttering b) lønsfunksjonen og c) HMS og kompetanseutvikling. Vi ser etter ein leiar som: • Er tydeleg, samlande og tillitsskapande • Kombinerer strategisk blikk med god gjennomføringsevne • Er utviklingsorientert og som motiverast av endring og forbetring • Har sterke relasjonelle ferdigheiter og byggjer gode samarbeid på tvers av fagmiljø og organisatoriske nivå • Kommuniserer godt og skaper engasjement kring felles mål • Arbeider strukturert og resultatorientert Ansvars- og arbeidsoppgåver: Som avdelingsleiar for HR har du det overordna ansvaret for utvikling og leiing av HR-området ved HVL. Avdelingsleiar har ansvaret for å utvikle og omstille avdelinga og HR-området, tilpasse nye krav og forventningar, inkludert det digitale skiftet. Du skal sikre profesjonelle og framtidsretta HR-tenester som støttar høgskulen si kjerneverksemd. Stillinga omfattar mellom anna ansvar for: • Strategisk leiing og vidareutvikling av HR-avdelinga • Personal- og budsjettansvar for avdelinga • Tilsetterekruttering og bemanningsplanlegging • Medarbeidar-, kompetanse- og leiarutvikling • Løns- og arbeidsgivarpolitikk • Organisasjonsutvikling og omstillingsarbeid • Systematisk HMS-arbeid og samarbeid med vernetenesta • Partssamarbeid med tillitsvalde • Utvikling og digitalisering av HR-prosessar og system • Beredskap og samfunnstryggleik Avdelingsleiaren skal vidare: • Vere ein strategisk rådgivar for høgskulen si øvste leiing i HR-relaterte spørsmål • Styrke samanhengen mellom kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling og arbeidsmiljø • Vidareutvikle ein attraktiv arbeidsgivarprofil for HVL • Bidra til ein lærande organisasjonskultur prega av samarbeid, medverknad og kontinuerleg utvikling • Sikre eit godt samarbeid på tvers av fakultet, avdelingar og campusar Leiar av HR-avdelinga har eit særskilt ansvar for å bygge ein sterk samarbeidskultur og gode team på HR-området, på tvers av campusane i høgskulen. Mynde Avdelingsleiar skal leie avdelinga i samsvar med forventingar til leiarar i staten og HVL sine interne retningsliner. Mynde i avdelingsleiarstillinga er delegert frå organisasjonsdirektøren, avdelingsleiar rapporterer til organisasjonsdirektør, og det er lagt personal- og budsjettansvar til stillinga. Nestleiar har medansvar for fagområda tilsetterekruttering og lønsfunksjonen, og har personalansvar for tilsette på desse områda. Kvalifikasjonskrav: Formelle kvalifikasjonskrav: • Høgare utdanning på masternivå • Omfattande erfaring frå leiing av HR-funksjonar eller HR-avdelingar i større, kompetanseintensive organisasjonar • Dokumentert erfaring med strategisk HR-arbeid og organisasjonsutvikling • Dokumenterte resultat frå endrings- og omstillingsprosessar • Solid kunnskap om arbeidsrett, tariffavtalar og partssamarbeid • Erfaring med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsgivarpolitikk • Erfaring med bruk og utvikling av digitale HR-system • Kompetanse på sikkerheit og beredskap er ein fordel • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det er ein fordel om du har erfaring frå universitets- og høgskulesektoren eller annan kunnskapsintensiv verksemd, og forståing for statleg styring, regelverk og rammevilkår. Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling • Høve for trening i arbeidstida Stillinga som avdelingsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1060 - avdelingsdirektør. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Inkludere, utfordre og samhandle Les meir på våre heimesider.
Voss herad søkjer etter Organisasjonssjef – strategisk leiar for økonomi, HR, digitalisering og verksemdsstøtte i Voss herad Me er ein attraktiv kommune med høge ambisjonar, sterke fagmiljø og eit lokalsamfunn med mykje aktivitet heile året. Her finn du noko av det beste Vestlandet har å by på, både for deg som søkjer faglege utfordringar og for deg som ønskjer ein aktiv livsstil. No ser me etter ein leiar som vil vera med og setja retning for framtida. Voss herad er inne i ein omfattande utviklings- og omstillingsprosess. Målet er å sikra berekraftige tenester, styrka gjennomføringsevna og utvikla ein meir samla organisasjon med tydeleg leiing, betre samhandling og effektiv bruk av ressursar. Som ein del av etablering av ny leiarstruktur i Voss herad etablerer me ei stabsavdeling med ansvar for sentrale støtte- og styringsfunksjonar. Me søkjer no ein strategisk og utviklingsorientert leiar som vil få ei nøkkelrolle i vidareutviklinga av heile organisasjonen. Om stillinga Som leiar for stab og verksemdsstøtte får du ansvar for leiarar med sentrale funksjonar innan mellom anna: • HR og organisasjonsutvikling • Økonomi og verksemdsstyring • IKT drift • Digitalisering • Innbyggjarservice med dokumentsenter/arkiv, politisk sekretariat og personvern • Kommunikasjon Du blir ein del av rådmannen si leiargruppe på fem, og får eit overordna ansvar for å utvikla gode styringssystem, styrka organisasjonen si endringskraft og sikra at støttefunksjonane bidreg til best mogleg tenesteutvikling. Ansvarsområde • Leia og utvikla den samla stabsavdelinga • Vera ein strategisk rådgjevar for rådmann og leiargruppe • Styrka organisasjonen sitt arbeid med økonomistyring, personalpolitikk og verksemdsutvikling • Driva fram digitalisering, innovasjon og forbetringsarbeid • Leggja til rette for god samhandling på tvers av tenesteområda • Bidra til god dialog mellom administrasjon, politisk nivå, medarbeidarar og tillitsvalde • Byggja ein sterk organisasjonskultur med fokus på ansvar, samarbeid og resultat • Ha ei nøkkelrolle i å leggja til rette for effektiv samhandling i toppleiargruppa gjennom koordinering av møteverksemd, årshjul, prioriteringar og oppfølging. Kvalifikasjonar Me søkjer deg som har: • Relevant høgare utdanning på masternivå • Erfaring frå leiing av komplekse organisasjonar • Erfaring med økonomistyring, organisasjonsutvikling eller strategisk leiing • God forståing for offentleg forvaltning og politiske prosessar • Dokumenterte resultat frå endrings- og utviklingsarbeid Personlege eigenskapar Me ser etter ein leiar som: • Har sterk gjennomføringsevne • Evnar å tenkja heilskapleg og strategisk • Skaper tillit og gode relasjonar • Kommuniserer tydeleg og involverande • Er robust og trygg i krevjande omstillingsprosessar • Byggjer samarbeid og lagkjensle på tvers av fagområde, tillitsvalde og verneområdet. Me tilbyr • Ei sentral toppleiarstilling med stor påverknadskraft • Moglegheit til å forma framtidas Voss herad • Spanande og samfunnsviktige utfordringar • Eit kompetent leiarfellesskap med høge ambisjonar • Konkurransedyktige vilkår Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med rådmann Martin William Kulild på tlf 46414800 Arbeidsstad: Voss Rapporterer til: Rådmann Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du klar for nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg! Voss herad si HR-avdeling søkjer 2 engasjerte og løysingsorienterte kollegar til avdelinga. Om avdelinga: HR-avdelinga består av 11 tilsette, inkludert HR sjef og fagleiar. Du vert ein del av ei aktiv og kompetent avdeling med ansvar for utvikling, rådgjeving og opplæring innan HR og HMS- feltet. Arbeidet på HR-avdelinga er prega av utstrekt samarbeid på tvers i organisasjonen med moglegheit for påverknad og fagleg utvikling. Me har ledig 2 faste 100% stillingar som HR-konsulentar, der den eine stillinga krev turnuskompetanse. Me tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø der me støttar og oppmuntrar kvarandre • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling • Høve til å påverka eigen arbeidskvardag • Gode forsikrings- og pensjonsordningar • Løn etter kommunalt avtaleverk • Fleksitid • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår Arbeidsoppgåver For HR-konsulent med turnuskompetanse: • Brukarstøtte og rettleiing til leiarar i arbeidstidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av Visma GAT ressursstyring For begge stillingar: • Sakshandsaming innan personalområdet • Løn, refusjon, sjukepengar • Bidra til vidareutvikling og forbetring av system og prosessar • Utarbeida og følgja opp personalpolitiske dokument • Råd og rettleiing av leiar om lov og avtaleverk • Kompetanseutvikling • Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar Andre oppgåver som til dømes systemansvar kan verte lagt til stillinga Me ynskjer at du har For HR-konsulent med turnuskompetanse: • Erfaring og kompetanse i ressursstyring og arbeidstidsplanlegging • God forståing for utarbeiding av turnus • Erfaring i bruk av GAT som verktøy For begge stillingar: • Det er ynskjeleg med bachelorgrad. Erfaring kan kompensere for formalkompetanse • Kjennskap til lov og avtaleverk i kommunal sektor • God systemforståing og IT-kompetanse • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ein fordel med erfaring frå HR/løns-feltet. Personlege eigenskapar: • Strukturert, sjølvstendig og nøyaktig • Fleksibel, samarbeidsvillig og serviceinnstilt • Løysingsorientert med evne til raskt å setja seg inn i nye system og prosessar • God lagspelar og tillitsskapande relasjonsbyggar • God formidlingsevne Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Link til søknadsskjema: Søk her