
Kirurgisk logistikk og kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF · Molde
Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig ei 100% stilling som sjukepleiar! Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi etter ein engasjert s...
Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi etter ein engasjert sjukepleiar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag.
Arbeidet vil bestå av planlegging av operasjonar innanfor ortopedi og kirurgi. Vi samarbeider tett med legar, anestesi- og operasjonspersonell for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. Du er ein engasjert sjukepleiar som liker å jobbe i eit effektivt og fagleg sterkt miljø, er engasjert og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Startdato frå snarast.
Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonCicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533, cicilie.frendal@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5146193967
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 31.07.2026
Vi har ledig 75% vikariat for sjukepleiar p.t på natt frå snarast, vil du vere med på laget vårt? Allmenn - og alderspsykiatri SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk sjukepleiar med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det. Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD), alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplassar inkludert moglegheit for 2 intensivplassar - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Allmenn- og alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane. Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver • Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og poliklinikk • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak • Halde seg fagleg oppdatert og følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak • Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Personlege eigenskapar • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv • Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår • Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar • Du er fleksibel og løysingsorientert • Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper • Du har stor arbeidskapasitet • Du er fysisk og psykisk eigna til stillinga • Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonMarit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5154166886 Stillingsprosent: 75% Vikariat Startdato: 24.08.2026 Sluttdato: 01.11.2027 Søknadsfrist: 17.08.2026
Vil du vere med på å vidareutvikle eit betre og meir heilskapleg helsetenestetilbod for pasientar med samansette og/eller kroniske sjukdomar? Vi har ledig ei 50 % prosjektstilling for sjukepleiar i Pasientsentrert helsetenesteteam (PSHT) frå snarast mogleg og til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer deg som ønskjer å kombinere klinisk sjukepleie med samhandling, koordinering og utviklingsarbeid. Du blir motivert av å finne gode løysingar på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta, og ønskjer å bidra til at pasientar med samansette behov opplever heilskaplege og trygge pasientforløp. Pasientsentrert helseteam (PSHT) er eit tverrfagleg samhandlingsteam som arbeider for å skape heilheitlege og trygge pasientforløp for skrøpelege eldre og pasientar med samansette og kroniske sjukdomar. PSHT-teamet er knytt til både SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset) og DMS (Distriktsmedisinsk senter Kristiansund). Teamet samarbeider tett med kommunane og spesialisthelsetenesta, og bidreg både til betre utskriving frå sjukehus og til å førebyggje innleggingar gjennom tidleg og koordinert oppfølging. Arbeidsstad er SNR Hjelset, men ambulerende verksemd må påreknast. PSHT-teamet ved SNR/DMS består av lege, sjukepleiar, farmasøyt og prosjektressursar knytte til kommunane i Nordmøre og Romsdal. Arbeidsoppgåver • Koordinere og følgje opp pasientforløp • Bidra til samanhengande oppfølging av pasientar med samansette behov • Samarbeide tett med kommunale tenester, fastlegar og sjukehusavdelingar • Delta i tverrfaglege vurderingar og møte • Bidra til utvikling av samhandlingsmodellar og arbeidsprosessar • Dokumentasjon i Helseplattforma • Delta i prosjekt- og utviklingsarbeid Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Fordel med god kjennskap til digitale løsninger • Mestre norsk språk, både skriftleg og munnleg • Førerkort klasse B Personlege eigenskapar • Du må trivast med å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg i team. • Du har interesse for samhandling. • Du arbeider strukturert. • Du er open for pasienten sitt perspektiv. • Du trivast med å arbeide med komplekse problemstillingar. • Vere interessert i bruk av teknologiske løysingar i samhandling med pasientar og andre samarbeidspartnarar. • Vere interessert i, og bidreg aktivt til, innovasjons- og utviklingsarbeid. • Personleg eignaheit vil bli vektlagd. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Eit felleskap i PSHT prosjektet Møre og Romsdal • Spennande og varierte arbeidsoppgåver • Fagutvikling og kompetanseheving • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonPetter Rangnes, Avdelingssjef, Petter.Rangnes@helse-mr.no Gudrun Karlsen, Prosjektleiar, Gudrun.Johannessen.Karlsen@helse-mr.no ArbeidsstedOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5153370650 Stillingsprosent: 50% Prosjekt Søknadsfrist: 01.08.2026
Vil du vere med på laget vårt? Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig ei 70 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Vi har også ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på dag/kveld, med arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktivitetar. I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar bli ledig. Skriv i søknaden kva stilling du søkjer. Arbeidsoppgåver • Ulike faglege prosedyrar • Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar • Arbeide etter behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar • Dokumentasjon i Helseplattformen • Praktiske oppgåver i seksjonen • Bruke "Kompetanseportalen" aktivt for å vedlikehalde kompetanse Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg • Må ha gode datakunnskapar • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Du arbeider sjølvstendig • Du er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre • Du bidreg til godt arbeidsmiljø • Du kommuniserar godt både internt og eksternt og kan takle raske omstillingar • Du evner å sette deg inn i nye, digitale løysingar • Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din. Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. KontaktinformasjonEline Gammelsæter, Seksjonsleiar, eline.gammelseter@helse-mr.no ArbeidsstadNøisomhedvegen 12 6416 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5140394326 Stillingsprosent: 70, 100% Fast, Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 16.08.2026