
Samnanger kommune · Samnanger
Om stillinga Er du helsesjukepleiar og ønskjer å jobbe i ein liten kommune med stort engasjement for førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid? I...
I Samnanger kommune søkjer vi no etter ein trygg, engasjert og relasjonell helsesjukepleiar som ønskjer å bidra i arbeidet med å fremje god helse, meistring og livskvalitet for barn, unge og familiar.
For rett kandidat kan det vere aktuelt å få ein funksjon som fagansvarleg helsesjukepleiar. Funksjonen vil omfatte oppgåver knytt til fagutvikling, kvalitetsarbeid og interkontroll, og vert vurdert nærare ut fra kompetanse, erfaring og kommunen sine behov.
Stillinga er organisert under førebyggjande tenester i Eining for livsmeistring, og inngår i det tverrfaglege arbeidet i Samnangerhjelpa. I dag er det to 100 % stillingar knytta til helsestasjon - og skulehelseteneste.
I Samnanger kommune jobbar me aktivt med tidleg innsats, BTI (Betre tverrfagleg innsats) og lågterskeltilbod for barn, unge og familiar. Me er opptekne av å byggje laget til barnet og samarbeidar tett på tvers av tenester og fagmiljø.
Hjå oss får du arbeide i eit lite og nært fagmiljø med korte avstandar mellom tenestene, høg grad av samarbeid, sjølvstende og moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene. Du vil bli ein del av eit engasjert tverrfagleg miljø som arbeider for å skape gode oppvekstvilkår og fremje psykisk og fysisk helse blant barn og unge.
Arbeidsoppgåver
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing.
Me tilbyr
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn.
Dersom du har utdanning frå utlandet, må denne vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde, jf. offentleglova § 25 andre ledd, sjølv om det er bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom du ber om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord, og få høve til å trekkje søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vert du medlem i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank- og forsikringstenester, og er Noregs største pensjonsselskap. Ordninga omfattar mellom anna alderspensjon, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskadeforsikring og gruppelivsforsikring.
Søknad må sendast innan søknadsfristen gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge.
Om avdelinga: Familiehelsetenesta består av 4 helsestasjonar med jordmorteneste, helsestasjon- og skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og flyktninghelseteneste. Vi har ledig stilling som helsesjukepleiar i helsestasjon- og skulehelsetenesta. For tida er omlag 80% av stillinga knytt til arbeid på Tjeldstø og Toftøy skular. Stillinga er ledig frå medio september. Du vil koma til eit engasjert fagmiljø der du vil arbeide tett med andre faggrupper. Øygarden kommune har ei helsestasjon- og skulehelseteneste som er samansett av engasjerte og fagleg dyktige helsesjukepleiarar og legar. Tilsette som arbeider i skulane har faste fagmøte og eigen fagansvarleg leiar. Skulehelsetenesta har gode samarbeidsrutinar med skulane. Øygarden kommune er ein BTI kommune. Vi søkjer etter deg som er ein positiv lagspelar i et tverrfagleg miljø, og som er trygg i rolla di. Dersom intern tilsett får tilbod om stillinga kan andre stillingar og arbeidsoppgåver bli ledig. Arbeidsoppgåver: • Arbeid i skulehelsetenesta. • Individuelle konsultasjoner og gruppe • Undervisning • Foreldrerettleiing • Tverrfaglig samarbeid på individ og systemnivå • Delta i fagutvikling Kvalifikasjonar: Må ha: • Autorisert helsesjukepleiar eller i utdanningsløp til helsesjukepleiar. • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Ønskjeleg med: • Erfaring frå arbeid i skulehelsetenesta • Erfaring frå arbeid med grupper • Gode dataferdigheter Personlege eigenskapar: • Fagleg dyktig og har engasjement for førebyggjande helsearbeid • Fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig • God på kommunikasjon og har evne til rettleiing • Strukturert og sjølvstendig samstundes som du er ein lagspelar • God på samarbeid og har evne til å bygge relasjoner Personlege eigenskapar vert vektlagt. Anna: Det er naudsynt at ein har førarkort og disponerer bil i tenesta. Det er krav om politiattest. Kvifor velje oss? • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. • Stor grad av sjølvstende og tillit i arbeidskvardagen. • Eit inkluderande og kompetent tverrfagleg fagmiljø. • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer. • Interessante utfordringar. • Høve til fagleg og personleg utvikling. Kontakt: Einingsleiar: Berit Algrøy mobil 95208001 berit.algroy@oygarden.kommune.no Avdelingsleiar: Louise Armond mobil 41308182 louise.armond@oygarden.kommune.no Søknadsfrist: 12.august Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du jobbe med ungdom - og gjøre en forskjell hver dag? Klepp helsestasjon har ledig eit vikariat i 100 % stilling frå 01.08.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Vi ser etter ein engasjert helsesjukepleiar til skulehelsetenesta ved ungdomsskule. Her får du arbeide tett med ungdom, med fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid i ei viktig livsfase. Om arbeidsstaden Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. I tillegg til helsestasjonstenesta omfattar Oppvekst barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team og tenester innan fritid. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom samarbeid med elevar, føresette, skular og andre fagtenester arbeider vi for tidleg innsats og heilskapleg oppfølging av ungdom. Om stillinga Stillinga omfattar arbeid i skulehelsetenesta ved ungdomsskule, der hovudmålgruppa er elevar i alderen 13–16 år. Arbeidsoppgåver • Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot ungdom • Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar • Undervisning i klasse og grupper • Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering • Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsesjukepleiar • Sjukepleiarar med relevant vidareutdanning/erfaring kan òg søkje • Erfaring frå arbeid med ungdom er ønskelig • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Gyldig politiattest Personlege eigenskapar • Vi søkjer deg som: • har eit sterkt engasjement for ungdom si helse og utvikling • er trygg i møte med ungdom og flink til å byggje relasjonar • arbeider sjølvstendig og strukturert • har gode samarbeidsevner • er fleksibel og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Meiningsfullt arbeid med ungdom i ein viktig livsfase • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø • Faste møter i faggrupper og fellesmøter for personalet i tjenesten • Vi har fadderordning som sikrer trygg oppstart og oppfølging • Moglegheit for fagleg utvikling • Løn etter gjeldande avtalar KontaktinformasjonInger Olsson, Leder, +47 90804283 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5147713492 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 03.08.2026
Førebyggjande helsetenester har ansvar for helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste 6-20 år, svangerskaps- og barselomsorg, fysioterapiteneste til born/ungdom, helsestasjon for ungdom, flyktninghelseteneste og smittevern/reisevaksinering. Tenesta skal fremje psykisk og fysisk helse, gode sosiale og miljømessige forhold og gjennom helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid, medverke til ei god folkehelse. Det er ledig vikariat i 100% stilling for Fysioterapeut - for barn og ungdom 0-16 år, i perioden 01.09.2026 - 31.08.2027 Ergoterapeut vil verta vurdert om det ikkje er søkjarar med fysioterapeututdanning. Arbeidsoppgåver: • Oppfølging av barn med særskilte behov 0-16 år • Undersøking og oppfølging av born med motoriske vanskar/skeivutvikling • Drift av helsestasjonsgrupper, i samarbeid med helsesjukepleiar • Koordinering av tenester til barn med langvarige, samansette behov • Undervisning, rettleiing og oppfølging av personale i barnehagar og skular • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar • Tilrettelegging av fysisk miljø/tilpassing av hjelpemiddel • Dokumentasjon i tråd med føringar Me ønskjer ein person som: • Er ansvarsbevisst, nøyaktig, og strukturert • Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis • Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig • Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som fysioterapeut, om ikkje det er søkjarar med fysioterapeut utdanning så vil ein vurdere søkjarar med ergoterapeut utdanning. • Relevant erfaring med barn og unge vert vektlagt • Søkjar må beherske norsk, munnleg og skriftleg • Den som vert tilsett må ha førarkort • Gyldig politiattest Me kan tilby: • Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver • Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift • Høgt fagleg nivå • Etablert tverrfagleg samarbeid • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk i kommunen • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm • Offentleg tenestepensjon Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.