
Heimetenesta · Skjåk
Vikariatet er ledig frå 01.10.26 - 30.09.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga . Det er fleksibelt helgemønster på stillinga...
Vikariatet er ledig frå 01.10.26 - 30.09.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga .
Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar-ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen.
Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vere med og gjere ein forskjell -- kvar dag? I heimesjukepleia i Lom kommune er ingen dagar heilt like. Her møter du menneske i ulike livssituasjonar, byggjer gode relasjonar og bidreg til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg. Søknadsfrist: 16.08.2026 Nå har vi ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt. Hjå oss blir du del av eit inkluderande fagmiljø med engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av tenestene og er opptekne av å utvikle gode og heilskaplege helse- og omsorgstenester. Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine • Gi pleie, behandling og oppfølging til brukarar i eigen heim. • Bidra til at brukarane opplever trygge, heilskaplege og gode tenester. • Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre faggrupper. • Dokumentere og planleggje arbeidet i Profil og Mobil Omsorg. • Ta i bruk og bidra til vidare utvikling av velferdsteknologiske løysingar. • Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid og vere med på å utvikle tenesta. Vi ser etter deg som • Er autorisert helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar. • Er trygg, fleksibel og tek ansvar. • Likar å arbeide både sjølvstendig og saman med andre. • Er løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag. • Kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer. • Er fagleg engasjert og ynskjer å utvikle både deg sjølv og tenesta. • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Kvalifikasjonar • Offentleg godkjent helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar. • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. • Førarkort klasse B. • Gyldig politiattest. Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på. Kvifor velje oss? Hjå oss får du meir enn ein jobb -- du blir del av eit fagmiljø der vi tek vare på kvarandre og jobbar saman for å gi innbyggjarane best mogleg tenester. Vi tilbyr: • 100 % fast stilling med oppstart etter avtale. • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. • Fagmøtetid i turnus. • Tett samarbeid på tvers av fagområde og tenester. • Moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Lom kommune. • Turnus med dag-, kveld- og nattevakter, og for tida arbeid kvar tredje helg. • Løn etter avtale og gode kommunale tilsetjingsvilkår. Andre opplysningar Ved interne opprykk kan det bli ledige stillingar i andre stillingsbrøkar. Tilsetting til desse kan bli gjort blant søkjarane til denne utlysinga. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg i samsvar med gjeldande regelverk. Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetting.
Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har om lag 40 årsverk. Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette. Er det deg? Helsefagarbeidarar 100 % stilling - 100 % fast stilling for helsefagarbeidar frå 01.09.2026- 100 % mellombels stilling for helsefagarbeidar i perioden 10.09.2026 - 05.05.2027. Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag i todelt turnus med arbeid på laurdag og søndag. Krav til søkar: • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar • må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg • førarkort klasse B Vi ynskjer at du: • har stor arbeidskapasitet • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling • er trygg på å jobbe sjølvstendig • har gode samarbeidsevner og bidrar til godt teamarbeid Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kva kan vi tilby? • engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare • eit inkluderande arbeidsmiljø • pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar. Politiattest må leverast før start i stilling. Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Tilkallingsvikarar / helgestillingar i Time kommune. Det vil til tider vera behov for ringevikarar og helgestillingar i verksemda heimetenester og rehabilitering. Alle avdelingane i verksemda samarbeider tett, men spesifiser i søknadsteksten kva for ei avdeling du ønsker å arbeida i. Verksemda har fire avdelingar med mellom anna heimesjukepleie, bufellesskap, dagsenter og korttids- og rehabiliteringsavdeling. Avdeling nord: Avdelinga held til på Kvernaland omsorgssenter og har bufellesskap for eldre, dagsenter og heimetenester ute i brukaren sin heim. Avdeling aust: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og gjev heimetenester i brukaren sin heim. Nattpatrulja dekker heile kommunen. Avdeling vest: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og har bufellesskap for eldre i tillegg til heimetenester ute i brukaren sin heim. Korttid- og rehabiliteringsavdelinga: Avdelinga held til på Sivdamheimen og har 24 plassar for pasientar som treng korttidsopphald og rehabilitering. Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju. Det finnes stipendordningar for sjuke- og vernpleiarstudentar. Det er krav om politiattest for alle områda. Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ei bekrefting på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag. ArbeidsoppgåverPleie- og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim, på bufellesskap eller på korttids- og rehabiliteringsavdelinga. Utdeling av legemiddel. Stell og pleie oppgåver. Klargjering av måltid. Dokumentasjon. Samarbeid med brukar og pårørande. Kvalifikasjonar Me treng fleire gode faste tilsette eller vikarer med ulik bakgrunn, for eksempel: -offentleg godkjenning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar. -sjuke-/vernepleiestudentar vert oppmoda til å søka. -elevar med helsefagleg bakgrunn. -assistentar. Erfaring frå heimetenester og/eller korttid- og rehabilitering er ein fordel, men opplæring vert gjeve viss du ikkje har erfaring. Du må vera over 18 år. Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg (minimum B2). Du må ha sertifikat for personbil for å jobba ute i heimetenesta. Det er krav om politiattest. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring. Du må vera god på kommunikasjon og vera ansvarsbevisst. Du må ha evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet. Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vert vektlagde. Vi tilbyr • Gode pensjonsordningar • Løn etter tariff/avtale • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling • Stillingsstørrelse etter avtale. Kandidatar vert vurderte fortløpande. Tykkjer du dette høyres spennande ut? Sjå filmen frå avdelingane våre. https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02 Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonJeanette Øyen, Avdelingsleder, 45204744, jeanette.oyen@time.kommune.no ArbeidsstadRøyrvika 12 4340 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5020993348 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 25.09.2026