
Sogndal kommune Furuli barnehage · Sogndal
Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og...
Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og mellom Lærdal/Årdal og Kaupanger.
Barnehagen ligg på toppen av byggefeltet på Kaupanger. Me er ein stor barnehage, med 6 avdelingar. Det gjer at me deler oss på tre ulike uteleikeplassar. I tillegg har me flotte leikeområde med skog og bø rett utanfor porten til barnehagen.
Me har ein lavvo og uteleikeplass i skogen, som gjev andre moglegheiter for leik. Det vert både korte og lengre turar i skogen og nærområdet. Me kan og bruka ballbingen, som skil oss berre med ei grind. Barnehagen har fine fasilitetar inne med gode romløysingar, motorisk rom som gjev moglegheit for ulike aktivitetar og sanserom.
I Furuli barnehage jobbar me kontinuerleg med utvikling av leikekompetanse og vaksenrolla.
Frå hausten 2026 vert det ledig følgande stilling som barnehagelærar i Furuli barnehage: Eit 100 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.2026 – 31.01.2027, med moglegheit for at denne stillinga kan bli forlenga ut barnehageåret (2. gongs utlysing).
Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden.
Personlege eigenskapar vert vektlagt i prosessen.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Treffer vi blink? Vi søker barnehagelærer til et kreativt, lekent og inkluderende miljø. Stillingen er ledig i perioden august 2026 - april 2027, med mulighet for forlengelse og fast stilling. Barnehagelærer har medansvar for å drive avdelingens pedagogiske innhold og oppgaver etter krav i barnehageloven og rammeplan, og et godt faglig skjønn. Barnehagelærer er administrativt underlagt styrer, og faglig underlagt pedagogisk leder. Vi tilbyr: • 1 ekstra ferieuke, med fri i romjul og påske, i tillegg til 5 uker ferie • Et mangfoldig og godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling og kvalitet • Arbeidsoppgaver hvor du får jobbe selvstendig og i samarbeid med andre • Furuly barnehage AS er tilsluttet arbeidsgiverorganisasjonen Virke, HUK-området • Lønns- og arbeidsvilkår i henhold til tariffavtalen Landsoverenskomst for barnehager • Storebrand tjenestepensjon (hybrid) • Personalforsikringer gjennom KLP Kvalifikasjoner: • Godkjent utdanning som barnehagelærer. • Andre relevante bachelorutdanninger vil bli vurdert • Norskkunnskaper tilsvarende nivå B2 • God muntlig og skriftlig fremstillingsevne, at du behersker arbeid med digitale verktøy Annet • I henhold til Lov om barnehager § 19, må gyldig politiattest må fremlegges ved tilsetting • Andre med relevant erfaring kan være aktuelle kandidater Hva ser vi etter? Vi ser etter deg som er ute etter en meningsfull og variert arbeidshverdag. Vi verdsetter: • Om du evner å skape gode relasjoner og samarbeid med mennesker, både barn, kollegaer og foreldre. • Om du er reflektert, raus og løsningsorientert i møte med oppgaver og andre mennesker. • Om du er ansvarsfull, og kan ta selvstendige avgjørelser. Interesse for drama og natur er ønskelig, men ikke et krav. Personlig egnethet vil bli vektlagt. Vil du vite mer om oss? Les mer om oss på www.betania-alta.no Søknader via søknadsportalen blir vurdert. Alta, kjent som "Nordlysbyen" er Finnmarks største by og en kommune med over 20000 innbyggere. Alta er et knutepunkt i nord, med nærhet til fjord og vidde, variert natur og et aktivt friluftsliv. Alta kommune inngår i tiltakssonen i Finnmark og Nord-Troms som blant annet gir noen økonomiske fordeler. Her kan du lese mer om det: https://www.ffk.no/om-oss/innsatssonen/
Til barnehagen vår på Hovden treng vi ein barnehagelærar i 100% vikariat frå 10.08.26- 31.12.26, med moglegheit for forlenging Har du lyst på ein annleis periode på fjellet? Vi ser etter deg som set deg ned på golvet. Du som undrar deg saman med barna. Du som veit at leik ikkje er pause frå læring- leik ER læring. I Bykle kommune får du kollegaer som er opptekne av fag, utvikling og inkludering. Her har vi naturen som leikeplass, høge ambisjonar på barna sine vegne og eit arbeidsmiljø der vi heier på kvarandre. Hos oss får du vere pedagog i eit fagleg sterkt miljø, med naturen som næraste nabo og engasjerte kollegaer på laget Vi ønskjer å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring! Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg Arbeidsoppgåver • Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap • Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen • Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik • Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar • Vere ein god rollemodell • Fylje til einkvar tid gjeldande lovar, forskriftar og planar for barnehage Kvalifikasjonar • Utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning • Fagleg sterk og kunne omdanne teori til praksis • God på å bygge og ivareta relasjonar • Jobbar målretta, strukturert og leiar utviklingsarbeid og pedagogiske prosessar • Initiativrik, og er god til å inspirere og motivere andre • Autoritativ vaksenstil, med evne til å skape gode interaksjonar • Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål Personlege eigenskapar • Du tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide • Du er leiken og har humor. • Du er god på å organisere, improvisere og finne gode løysingar • Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar • Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette • Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert • Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder • Jobben er perfekt for deg som liker å vere ute og er glad i ski- og friluftsaktivitetar PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST Vi tilbyr • Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe • Høg pedagogtettheit • Eit fagmiljø som satsar på kompetanseutvikling • Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg • God pensjons- og forsikringsordning • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad • Kommunen har flyttegodtgjersle • Gode treningsområde inne og ute, sommar som vinter • Bedriftsleilighet i Kristiansand i tillegg til hytte ved sjøen om sommaren • Det er krav om politiattest ved tilsetting • Bykle er ein distrikskommune og ein får etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i 1 år avskriving på studielån på kr 25 000,- per år Andre opplysningar Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. Gyldig politiattest må fremsynas før tiltreiing Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. KontaktinformasjonCaroline Rysstad, Tjenesteleder, 93421494 ArbeidsstadSkulevegen 31 4755 Hovden i Setesdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bykle Referansenr.: 5152122549 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 27.07.2026
Me treng ein dyktig pedagog til teamet vårt! Er du ein barnehagelærar som er engasjert og tilstedeverande? Ønskjer du å bli ein del av eit fagmiljø i utvikling og full av moglegheiter? Då er du kanskje akkurat den me ser etter! Tysnes kommune har ledig frå 01.08.2026 behov for barnehagelærar i ein 100 % fast stilling og inntil 60 % vikariat frå 01.08.26–31.07.27. I tillegg har med ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar. Me ber deg spesifisere kva stilling som er aktuell for deg. Barnehagane i Tysnes kommune er kommunale og ligg spreidt i ulike bygder i kommunen, Våge, Lunde, Uggdal og Onarheim. Barnehagane fokuserer på eit trygt og inkluderande miljø der leik, omsorg og læring står sentralt. Me legg vekt på å gje barna gode opplevingar i eit trygt fellesskap. Barnehagane er organisert under oppvekstområde i kommunen, og kvar barnehage har sitt eige preg og nærmiljø. samstundes som dei samarbeider om kvalitet og utvikling av barnehagetilbodet. Aktuelle kandidatar vil bli konktakta fortløpande. Arbeidsoppgåver • Arbeid i tråd med barnehagelova, rammeplanen, årsplanen og barnehagen sine satsingsområde. • Vere ein tydeleg og varm rollemodell overfor barn og vaksne. • Bidra til godt og nært samarbeid med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. • Leggja til rette for eit godt leike- og læringsmiljø. • Delta i endring- og utviklingsarbeid og halde deg fagleg oppdatert. Som pedagogisk leiar må du i tillegg: • Leia og utvikla det pedagogiske arbeidet med barna. • Kunne rettleia og inspirera personalet. Kvalifikasjonar • Godkjent barnehagelærarutdanning • Ønskeleg med erfaring som pedagogisk leiar dersom du søker på denne stillinga. • Gode norskferdigheiter, både munnlege og skriftlege. • Gode digitale ferdigheiter. Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram: • Politiattest jf. opplæringslova § 17-11 • Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose. Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: • er ein tydeleg vaksenperson som er målretta, løysingsfokusert og handlingsdyktig. • har evne til å planlegge og jobbe systematisk. • har eit medvite forhold til leiken og prioriterer barn sin leik i kvardagen. • har gode samarbeidsevner og evnar å jobbe i team. • er oppteken av å vere i utvikling og viser det gjennom praksis og refleksjon. • er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Kvifor skal du jobba hos oss? Hos oss får du både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Alle dei tre skulane våre ligg tett på flotte naturområde, som me aktivt nyttar i undervisninga. Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunenes pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen. Informasjon til søkar Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte. Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.