Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker dyktige betongarbeidarar til våre prosjekt i Sogn. Akkurat no skal vi i gong med Jamnane
transformatorstasjon i Fortun. Vi har også nye spennande prosjekt på blokka framover.
Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har
stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev eller ynskjer å ta eit fagbrev, og ynskjer å ta del i vår vidare utvikling i distriktet
innan satsingsområda private næringsbygg, bustader, offentlege formålsbygg og anleggsrelaterte prosjekt.
Som betongarbeidar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ein
involverende arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande,
innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.
I distriktet jobber vi vanlegvis 4- eller 5-dagers veke, og i nokre tilfeller i rotasjonsordningar. Dersom du er mobil og ynskjer
å vekependle så er det høve til det, men vi ynskjer fortrinnsvis at du er busett i vårt distrikt.
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
Søk gjerne i dag - vi behandler søknadane fortløpande.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode mulegheiter for kurs og opplæring hos oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp
får du høve til å eige aksjar i eigen bedrift saman med dine kolleger. I dag eig omlag halvparten av tilsette i Veidekke 10 % av
aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.
Har du spørsmål eller vil vite meir om stillingane? Vi tek gjerne ein prat med deg.
Knut Bukve, avdelingsleiar Sogndal, tlf 907 65 458
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar
og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar
kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten
i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og
andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er
fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sogndal