Vil du jobbe med barn i ein liten og trygg barnehage?
Fjordly barnehage søkjer tilkallingsvikar til både kortare og lengre vikariat. Vi er ein liten, tradisjonsrik barnehage, idyllisk plassert på Totland i Stad kommune.
Hos oss får du vere ein del av eit trygt og inkluderande miljø der barna står i sentrum. Vi legg vekt på omsorg, leik, læring, naturopplevingar og gode verdiar i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg og omsorgsfull vaksen for barna
Delta i leik, aktivitetar og daglege rutinar Bidra til eit godt samarbeid med barn, føresette og tilsette Delta i både ute- og inneaktivitetar Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:
Har lyst til å jobbe med barn Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Ønskjer å arbeide i ein kristen barnehage Kan leggje fram gyldig politiattest før tilsetjing Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:
Fleksibel og samarbeidsvillig Ansvarsbevisst og påliteleg Engasjert i barn si utvikling og trivsel Vi tilbyr
- Arbeid i ein liten og oversiktleg barnehage
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Moglegheit for både korte og lengre vikariat Barnehagen er sommarstengt frå veke 29-32. Om du har spørsmål om stillinga i denne perioden kan du sende ein e-post til cecilie-fjordly@outlook.com
Telefon: 57 85 33 95
Søkjarar vert vurderte fortløpande.