
Konfliktrådet · Stavanger
Konfliktrådet er ein trygg møteplass for menneske som står på kvar si side av eit lovbrot, ei uønskt hending eller ein konflikt. Konfliktrådet forvaltar straffe...
Konfliktrådet er ein trygg møteplass for menneske som står på kvar si side av eit lovbrot, ei uønskt hending eller ein konflikt. Konfliktrådet forvaltar straffereaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd, og har eit særleg ansvar for unge i konflikt med lova. Konfliktrådet er ein del av strafferettspleia og er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Sekretariatet for konfliktråda har det faglege og administrative ansvaret for dei 12 konfliktråda i landet. For meir informasjon om konfliktråda og tenestene våre, sjå www.konfliktraadet.no.
Konfliktrådet Sør-Vest har 12 stillingsheimlar, 37 oppnemnde konfliktrådsmeklarar og har kontorstader i Haugesund og Stavanger. Kontoret har ungdomskoordinatorar med hovudansvar for straffegjennomføring i ungdomssaker og rådgivarar med hovudansvar for meklingssaker. Vi er eit felles kollegium som samarbeider, avlastar kvarandre og delar erfaringar og fagkunnskap.
Ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver ved Konfliktrådet i Sør-Vest, kontorstad Stavanger
Om stillinga:
Kvalitet, nytenking og tru på mennesket – kjenner du deg igjen i verdiane våre? Vil du vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag som har stor betydning for livet til enkeltmenneske? Konfliktrådet med kontorstad Stavanger søkjer no etter ein ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver. Her får du høve til å vere med og utgjere ein forskjell for menneske i konflikt og skape positiv endring for ungdom som har begått kriminalitet.
Stillinga som ungdomskoordinator er ei lovregulert rolle med ansvar for gjennomføring av dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, se konfliktrådsloven kap. IV.
Som ungdomskoordinator skal du setje saman og leie eit oppfølgingsteam rundt ungdommen og utarbeide ein ungdomsplan med tiltak som ungdommen forpliktar seg til å følgje. Dette arbeidet skjer i tett samarbeid med ungdommen, ungdommen sin verje, privat nettverk og offentlege instansar som politi, barnevern, skule, kriminalomsorg og helsetenester. Du må meistre og trivast med å arbeide i skjeringspunktet mellom straff og hjelp.
Som ungdomskoordinator har du vidare ansvar for å leie lokale koordineringsgrupper som bistår påtalemakta i vurderinga av om ungdomsreaksjon er eigna for den enkelte ungdommen. Gjenopprettande prosess er eit viktig element i straffereaksjonane, og du skal bidra til at det vert arbeidd gjenopprettande gjennom heile straffegjennomføringa.
Du vil som ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver bidra til konfliktrådet sine øvrige oppgåver gjennom saksbehandling av meklingssaker, fagleg oppfølging av meklarar og rettleiing i bruk av gjenopprettande prosess. Stillinga inneber også å svare på brukarhenvendingar, drive utadretta verksemd, bidra til fagutvikling og delta i planlegging og gjennomføring av arrangement.
Kvalifikasjonar:
Du må ha:
Det er ein fordel om du i tillegg har erfaring med:
Personlege eigenskapar
Personleg eignaheit vil bli særleg vektlagd.
Stillinga krev at det vert lagt fram utvida politiattest.
Vi tilbyr:
Generelt:
Kontorstad er Stavanger, men stillinga inneber oppgåver i heile Konfliktrådet i Sør-Vest sitt ansvarsområde. Du må rekne med noko reiseverksemd, og det er ein fordel om du disponerer eigen bil. Arbeid utanfor ordinær kontortid vil kunne førekome, då enkelte møte vert gjennomførte på ettermiddag og kveld.
Tilsette i staten skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Søkarar med nedsett funksjonsevne, overtalsattest i staten eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga, vert oppmoda til å søkje.
Alle søkjarar må laste opp relevante vitnemål og attestar i portalen. Vurderinga av søknaden blir basert på den informasjonen som ligg føre ved søknadsfristen sitt utløp. Det er derfor viktig at du tydeleg viser korleis kompetansen din oppfyller krava som er sette.
Søkjarar blir bedne om å merke seg at førstegongsintervju (gruppeintervju) blir gjennomført 20. august.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte konfliktrådsleiar Kirsten Borsheim på telefon 915 66 509.
Søknadsfrist: 9. august 2026.
Om stillingene Det skjer mye på Træna for tiden; nye arbeidsplasser bygges og vi opplever økt tilflytting. i den forbindelse søker barnehagen etter ytterligere personell for å møte neste års barnegrupper og behov. Træna er en global møteplass og det merkes og i barnehagen; vi har en multinasjonal barne- og personalgruppe! Stillingen organiseres under styrer i barnehagen i et til dels selvstyrende team bestående av teamleder og 3 teammedlemmer. Barnehagen er organisert under sektor for oppvekst og kultur, omfatter Husøy skole, Husøy barnehage, SFO, voksenopplæringen, kulturskolen, bibliotek, barne- og ungdomskoordinator, samt de kommunale oppgavene knyttet til kultur generelt. All virksomhet i sektor for oppvekst og kultur er lokalisert i Træna rådhus. Skolen og barnehagen har til sammen ca 50 barn og unge og 18 årsverk. Husøy barnehage er en kommunal barnehage og eneste barnehage i Træna kommune. Barnehagen er organisert avdelingsvis og er godkjent for 50 ekvivalenter (plasser) i aldersgruppen 1 – 5 år. vi har og ansvar for SFO som tilbyr ca 10 plasser i år i eget lokale. Barnehagen har fokus på å skape: et inkluderende barnehagemiljø med gode relasjoner og vennskap, læring og utvikling gjennom skapende prosesser og lek Arbeidsoppgaver og egenskaper • Være raus, omsorgsfull og engasjert • Gi barna opplevelser, utfordringer og muligheter for undring og utforskning. • Støtte øvrig personell i fellesaktiviteter og gruppearbeid • Veilede barn i lek og konflikt • Deltakelse i planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid • Delta i pedagogisk utviklingsarbeid • Delta i kompetanseheving • Bidra aktivt til et trygt og godt arbeids- og læringsmiljø • Sikre godt samarbeid med kollegaer, foresatte og andre aktuelle samarbeidspartnere Kvalifikasjonskrav • for pedagogiske ledere kreves Barnehagelærerutdanning eller annen høyskoleutdanning som gir barnehagefaglig og pedagogisk kompetanse. i tillegg kreves norsk språkkompetanse i henhold til §27 og §28 i lov om barnehager • for pedagogisk støttepersonell kreves relevant bachelor eller fagbrev avhengig av stilling • spesialpedagogisk kompetanse verdsettes • erfaring innenfor relasjonelt arbeid, gjerne knyttet til barn med spesielle behov er en fordel • Må beherske norsk muntlig og skriftlig. • Grunnleggende digital kompetanse Vi tilbyr • Vi kan tilby en arbeidsplass hvor du får jobbe med barn i alle aldersgrupper, og hvor du har mulighet for å påvirke egen hverdag sammen med trivelige kollegaer. • En svært variert arbeidsdag • Veiledning • Fantastiske, kreative barn • Lønn og pensjon i henhold til tariffavtale • Engasjerte medarbeidere • Et godt fagmiljø • Deltagelse i regionalt pedagogisk utviklingsarbeid • Garantert barnehageplass • Behjelpelig med å skaffe bolig