Stranda kommune og Fjord kommune har etablert eit samarbeid innan brann og redning, og har bygd opp ein organisasjon for leiing av brann- og redningsvesenet, og utføring av lovpålagde oppgåver. Det er totalt om lag 90 tilsette i brann- og redningsvesenet i dei to kommunane.
Det er ledig 100% fast stilling som brannmeister frå 01.01.2027
Stillinga inneber arbeid i samarbeidskommunane med kontorstad Stranda.
Som brannmeister er du ein viktig motivator for å oppretthalde og auke sikkerheita til innbyggarane med tanke på brann og ulukkesvern.
Om du i tillegg er interessert i å vere ein del av kommunane sitt aller viktigaste arbeidsområde, då kan det hende du er den rette person for stillinga.
Den som vert tilsett må delta i overordna vakt (01-vakt) i brannsamarbeidet.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide, vedlikehalde og kvalitetssikre ROS-analyser, beredskapsanalyser, innsatsplanar, vaktplanar, øvingsplanar m.m. beredskapsplanlegging
Gjennomføre internopplæring og øvelsar med brannmannskapet. Her må påreknast ein del overtidsarbeid Planlegging og gjennomføring av øvingar og opplæring med øvrige naudetatar og andre samvirkeaktørar Ansvar for kontroll og vedlikehald av brann- og redningsvesenet sine bygningar og utstyr i samarbeidskommunane Ansvar for materiellanskaffelsar Ansvar for at mannskap gjennomfører helseundersøkingar og fysisk test Ansvar for FDV-system og internkontroll Sørge for at relevante hendingar og øvelsar vert evaluert Gjennomføring av kurs og opplæring av eksterne Andre brannrelaterte arbeidsoppgåver må påreknast Den tilsette må innrette seg etter ei kvar tid gjeldande vaktordning Stillinga kan bli tillagt funksjon som "brannsjefefen sin stedfortreder" Kvalifikasjonar
- Inneha sertifikat klasse C og kode 160, eller skaffe seg dette innan 12 mnd.
- Brannmeister skal oppfylle krav jfr brann- og redningsvesenforskriften § 42 (leder av beredskapsarbeidet)
og §44 (personell i overordnet vaktberedskap)
Gode datakunnskapar, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Det er ynskjeleg med kunnskap om vedlikehald av brannmateriell (mekaniker, elektro e.l.) Kjennskap til øvrige samarbeidspartarar Personlege eigenskapar
- Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar og kor godt skikka ein er for stillinga
Kunne jobbe systematisk og målretta, også i krevjande situasjonar med stort fokus på sikkerheit Engasjert og løysingsorientert Godt humør og gode sosiale eigenskapar Vise engasjement, kreativitet, positivitet og serviceinnstilling Vi tilbyr
- Lønn etter Hovedtariffavtalen og særavtalar
Tverrfaglig miljø og nettverk Spennende arbeidsoppgåver med gode utviklingsmuligheiter Moglegheit til å påvirke i ei verksemd som bygger på et arbeidsmiljø med kommunene sine verdiar Ein aktiv arbeidskvardag og god kontakt med ulike menneske Moglegheitar til å utvikle din eigen arbeidsplass Del av eit brannførebyggande team Kontaktinformasjoninge Teigen, Brannsjef, +47 46411033
Ove Inge Skylstad, Einingsleiar, +47 46411032
ArbeidsstadØyna 13
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5167781910
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2026