
Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta · Sunnfjord
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Hos oss handlar kvar dag om å...
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver.
Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar frå 0-18 år. Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Fokus skal vere på meistring, tryggleik og glede. Ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Vi har ledig:
Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg.
Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert person til nyoppretta stilling som rettleiar hos oss. Stillinga gir gode moglegheiter til å påverke og forme både innhaldet i rolla og utviklinga av tenesta, mellom anna gjennom arbeid med rutinar, arbeidsoppgåver, arbeidsmetodar og gjennomføring.
Stillinga inneber rettleiing i heim der ein i samarbeid med føresette skal kartlegge utfordingar i kvardagen og vidare følge opp i høve støtte, rutinar, struktur, samspel og forståing av barn og unge sine regulerings- og åtferdsvanskar.
Formålet med stillinga er å redusere belastninga i familien og førebygge meir inngripande tiltak som avlasting utanfor heimen.
Stillinga er for deg som har bakgrunn som miljøterapeut i arbeid med barn og unge med særskilte behov. Stillinga er ein kombinasjon av rettleiing i heim og miljøarbeid på avlastingsbustaden.
Personleg egenskapar blir vektlagt.
Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i barn og unge sine liv. Vi har no ledig: 1 x 100 % fast stilling som autorisert sjukepleiar/vernepleiar 1 x 100 % vikariat som autorisert sjukepleiar/vernepleiar 1 x 100 % vikariat som autorisert sjukepleiar/vernepleiar frå 01.12.2026 Delar av den faste stillinga og vikariatet frå 01.12.26 er i heim på natt og dag. Bu- og avlastingstenesta yter tenester til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn 0-18 år. Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, pedagogar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Vi held til i eit nytt tilrettelagt og praktisk bygg i sentrum av Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Nokon bur fast i eigne leilegheiter, men dei fleste bur heime. Alle skal ha ein trygg og god oppfølging av oss når dei er her. Dei treng hjelp, rettleiing og trygge tolmodige tilsette som er støttande og ivaretakande. Vi følger barna til aktivitetar som bading, i trampolineparken, klatrehallen, Hafstadparken, skibakken og elles finn vi på rolege aktivitetar inne eller ute på avlastinga Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Vi legg opp dagane i samråd med føresette, barn, unge og samarbeidspartar etter barna sine ynskjer, interesser og behov. Her får du vere med på alt frå klatring, sykling, bading, ski, trampolinepark og fotball, til rolege aktivitetar som brettspel, teikning og kos inne - alltid med fokus på meistring, tryggleik og glede – ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod. Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg. Arbeidsoppgåver: • Legemiddelhandtering • Koordinator i ansvarsgrupper • Skape trygge dagar gjennom tydeleg struktur og varme relasjonar • Legge til rette for og gjennomføre meiningsfulle aktivitetar tilpassa den enkelte sitt funksjonsnivå • Samarbeide med interne og eksterne instansar • Planlegge, følgje opp og evaluere tiltak • Oppdatere tiltaksplanar • Fagleg, etisk og trygg gjennomføring ved behov etter Helse- og omsorgstenesteloven kap. 9 • Journalføring i fagprogrammet Cosdoc • Matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid Krav til stillinga: • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Må meistre godt norsk skriftleg og munnleg • Du må vere sjølvstendig samt kunne samarbeide • Må vere personleg eigna og ha interesse for fagfeltet • Førarkort kl. B Vi søker deg som: • Er tolmodig og har eit ynskje om å jobbe med barn og unge • Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og deler fagkunnskap med kollegaer • er påliteleg, ryddig og ansvarsfull Vi tilbyr: • Ein meiningsfull kvardag der du kan gjere ein skilnad • Eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø • Varierte dagar med mykje aktivitet og glede • Gode pensjons og forsikringsordningar Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Bu- og avlastingstenesta yter tenester til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn 0-18 år. Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, pedagogar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Vi held til i eit nytt tilrettelagt og praktisk bygg i sentrum av Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Nokon bur fast i eigne leilegheiter, men dei fleste bur heime. Alle skal ha ein trygg og god oppfølging av oss når dei er her. Dei treng hjelp, rettleiing og trygge tolmodige tilsette som er støttande og ivaretakande. Vi følger barna til aktivitetar som bading, i trampolineparken, klatrehallen, Hafstadparken, skibakken og elles finn vi på rolege aktivitetar inne eller ute på avlastinga. Vi søker ansvarsfulle og engasjerte assistentar til helgestilling. Stillingane passar godt for elevar/studentar som ønsker relevant erfaring innan helse, omsorg og oppvekstfag. Vi har ulike typar vaktordningar; arbeid kvar 2. eller 3. kvar helg, mogelegheit for ein fast ettermiddag/kveld i veka kombinert med helg, ulike stillingskombinasjonar etter avtale. Arbeidsoppgåvene: • sosialt samvær, leik og aktivitetar • praktisk bistand, stell og pleie • følge opp rutinar og planar. • skape tryggleik, struktur og forutsigbarheit. • bidra til meistring og gode opplevingar. Vi søker deg som: • er påliteleg, ryddig og ansvarsfull • er engasjert og ynskjer gjere ein skilnad • du er omsorgsfull og glad i å arbeide med barn • respekt for den enkelte sine behov • tolmodig og trygg i møte med barn Du søker elektronisk. Velkommen som søkar! Link til søknadsskjema: Søk her
Bu- og omsorgstenesta har ledige fagstillingar som helgevikarar på skjerma avdeling. Er du den vi ser etter? Stillingsprosent 14 % - 20 %, med arbeid anna kvar eller tredje kvar helg. Oppstart etter avtale. Som tilsett hos oss vil du få meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn omsorgsarbeidet og i det miljøterapeutiske arbeidet. Vi arbeider etter følgjande verdiar: Kunnskap, omsorg, mot og tillit. Vi er opptekne av god kvalitet på tenestene og er stolte av arbeidsplassen vår. Innkomne søknader vil bli handsama fortløpande. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktiviteter i forhold til pasient/ pasientgruppa.Kvalifikasjonar • Det er krav til fagutdanning som anten helsefagarbeidar eller sjukepleiar i stillinga. • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg er viktig. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Personlege eigenskapar • Vi ønskjer oss medarbeidarar som er opptatt av at pasientane kjenner tryggleik, respekt, trivsel og ivaretaking av eigne behov. • Du må kunne vise omsorg, empati og respekt. • Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan medverke til eit godt arbeidsmiljø. • Interesse for å jobbe med mennesker • God samarbeidsevne Vi tilbyr • God opplæring i avdelinga sine oppgåver og rutiner utifrå kvalifikasjonar. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonWenche Pedersen Thomas, Avd.leiar skjerma avdeling, 948 92 130 Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5147698914 Stillingsprosent: 14% Fast Søknadsfrist: 01.08.2026