Om seksjonen
Legane i seksjonen er organisert under Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR).
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium. Vi har også fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk og nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet.
Eit fagmiljø i utvikling
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene og organiseringa.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.
Vestlandslegen
Helse Førde er del av satsinga Vestlandslegen, der medisinstudentar frå universitetet i Bergen skal ha dei siste 3 år av utdanninga desentralisert ved Helse Førde. Dei første studentane kjem til Førde hausten 2028. For LIS3 gir dette på sikt moglegheit for deltaking i undervisning og fagleg utviklingsarbeid, i eit miljø med tett klinisk oppfølging og brei pasientkontakt. Les meir her: Vestlandslegen
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonElin Seim, Seksjonsleiar, (+47) 476 20 880
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5165043429
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.10.2026
Søknadsfrist: 30.08.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sunnfjord