
Sveio kommune · Sveio
Om stillinga Har du eit ønske om å arbeide som vikar som assistent eller fagarbeidar på skule, SFO eller barnehage i Sveio kommune? Arbeidsoppgåver Barne...
Har du eit ønske om å arbeide som vikar som assistent eller fagarbeidar på skule, SFO eller barnehage i Sveio kommune?
Kvalifikasjonar
Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Ledig stilling som fagarbeidar/assistent ved Breim skule for skuleåret 26/27. Vi har ledig stilling for skuleåret 26/27. Stillinga kan verte forlenga, med mogelegheit for fast tilsetjing. Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga før skulen tek til. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåver: • Arbeid med enkeltelevar eller i grupper og på skulefritidsordning (SFO). Kvalifikasjonar • Vi søkjer primært etter fagarbeidar, andre utdanningar, erfaringar og bakgrunnar kan bli vurdert på lik linje med fagarbeidar. • Utdanningar som kvalifiserar som miljøterapeutar kan og søkje på stillingane. • Kunnskap om teikn til tale/ASK vil vere ein fordel. • Praksis frå arbeid med barn og ungdom. • Søkjar må vere stødig i norsk, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar • Positiv innstilling til arbeid med barn og ungdom med ulike hjelpebehov. • Evne til å bidra til gode relasjonar med elevane og kollegane. • Kunne stå i utfordrande situasjonar. • Fleksibilitet og engasjement. • Vilje og evne til å arbeide sjølvstendig og i team. • Menn vert oppmoda om å søkje. Ved elles like kvalifikasjonar vert menn tilsett. Vi tilbyr • Arbeidsplassar med fokus på fag og utvikling. • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. • Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis. • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP. For tilsetjing gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonGro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, +47 906 19 713 Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, 957 78 875 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5148973009 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 31.07.2026
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Stillingane er knytt til ein brukar med omfattande bistandsbehov. Ein arbeidar i team med 2:1 oppfølging. Dei tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Turnusarbeid etter 35,5 t/veke Ledige faste stillingar i bu- og miljøtenesta: • Vernepleiar/sjukepleiar i 100% stilling. • • Turnusarbeid etter 35,5 t/veke med arbeid kvar tredje helg • Helgestillingar vernepleiar/sjukepleiar, fagarbeidar/assistent: • • 18% helgestilling vernepleiar/sjukepleiar med arbeid kvar tredje helg • 21% helgestilling vernepleiar/sjukepleiar med arbeid kvar andre helg / kvar fjerde helg • 19% helgestilling fagarbeidar med arbeid kvar andre helg Arbeidsoppgåver: • Stillinga gjeld arbeid med ein brukar med nedsett funksjonsevne • Teamarbeid med 2:1 oppfølging • Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, dagsplanar og rutinar • Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak • Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt • Medverke til fagutvikling i eininga • Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø • Medisinansvar etter kompetanse • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve • Turnusarbeid etter 35,5 t/veke Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar • Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar • Vi søker etter trygge personar med god relasjonsevne • Det vert lagt stor vekt på erfaring frå tilsvarande brukargruppe • Personlege eigenskapar og tilpassing til brukarens behov vil bli vektlagt • Må beherske norsk munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til 19% helgestilling, kan søkjarar med anna relevant erfaring og kompetanse òg vurderast. Personlege eigenskapar: • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg • Like utfordringar og er løysingsorientert • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte Vi tilbyr: • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø • Moglegheit for sletting av studielån på inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning • Gode pensjonsordningar gjennom KLP • Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandbok for Askvoll kommune Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne. Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Osterøy kommune har ein kommunal ungdomsskule som ligg på Hatland, like ved kommunesenteret i Lonevåg. Osterøy ungdomsskule har kontinuerleg behov for trygge og stabile vaksne for å sikre at elevane får ein trygg, god og kjekk skulekvardag. Ved å søkje på denne stillinga søkjer du som tilkallingsvikar ved Osterøy ungdomsskule for skuleåret 2026/27 Ønskjer du å søkje som tilkallingsvikar ved barneskulane våre, er det ei eiga utlysing for dette. Arbeidet kan bestå av både undervisning og arbeid som pedagogisk medarbeidar i skule. Har du særleg kompetanse eller erfaring frå arbeid i skule ønskjer vi gjerne at du gjer greie for dette i søknaden din. Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar etter kvart som behovet for vikar oppstår. Om du ikkje lenger ønskjer å stå på lista som tilkallingsvikar ber vi om at du trekkjer søknaden din eller gjer oss melding om at du ikkje lenger er tilgjengeleg. Velkomen som jobbsøkjar i Osterøyskulen! Me gler oss til å bli kjent med deg! Ønskja kompetanse hjå deg som vikar Erfaring frå arbeid med barn og unge, særleg i skule, er ønskjeleg men dette er likevel ikkje eit krav. Vi ønskjer både søkjarar som har utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller tilsvarande. Har du ikkje den formelle kompetansen, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg. Vi ønskjer vidare å kome i kontakt med deg som har andre relevante utdanningar og vi tar og gjerne i mot deg som er høgskulestudent i pedagogisk retta fag. Personlege eigenskaper vi ser etter Vi søkjer etter deg som har eit ønskje om å arbeide med barn og unge og som trivast i rolla. Om du kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar men og arbeide godt i team og er god på samarbeid, er dette eigenskapar som vil gå godt overens med arbeidet. Arbeid i skule krev både tolmod men likefullt engasjement, kreativitet og positivitet! Vi er både ute og inne og ser etter deg som tar ei utfordring på strak arm og som bidrar der det trengs! Er du fleksibel på arbeidstider og kan kome på kort varsel er dette eit stort fortrinn. Vi tilbyr deg • Gode arbeidsmiljø og kjekke kollegaer • Ein utviklingsorientert organisasjon • Uavhengig av kva for skule du arbeidar på, har skulen fokus på elevsyn som er tufta på fagfornyinga sin overordna del • Skulane har fokus på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse • Det er gode pensjonsvilkår i SPK (undervisningsstilling) og KLP(fagarbeidar/pedagogisk medarbeidar/assistent). • Det er gode forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune! Desse er for tida plasserte hjå KLP • Løn etter gjeldande avtaleverk. Vi har eigne ordningar for deg som er lærarstudent! Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglYAnna informasjon Alle søknadar skal registrerast gjennom JobbNorge. Dersom du får tilbod om stilling i Osterøyskulen må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Opplæringslova § 17-11. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar på tiltredingstidspunktet. Eventuelle vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidserfaringar må leverast til postmottaket ved tilbod om stilling, dersom du ikkje har lasta opp dette som vedlegg i søknaden din, slik at det vil bli gjort ei individuell vurdering av rett lønsnivå for deg med di erfaringsbakgrunn og utdanningsnivå! Du er velkomen til å ta kontakt med ein av kontaktpersonane våre for ein kjekk prat. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida.