Kvernaland barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.09.2026.
I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Fleire av personalet har vært med frå byrjinga og har vore med på å forme barnehagen heilt frå starten av. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen har areal og utstyr til leik og varierte aktivitetar som fremmar bevegelsesglede, gjer allsidig bevegelseserfaring, sanseerfaring og moglegheit til å læra og meistra. Me har lagt vekt på ein god veksling mellom leik, læring, konsentrasjon, utfolding og kvile. Miljøet er utforma slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. Det er teke høgde for ulike pedagogiske trendar og skiftande bruk. Her kan du sjå litt meir om Kvernaland barnehage: https://youtu.be/1RU8LpRDQO0?si=aMTyrMXpCb3vXcie
Kvifor søke på arbeid hjå oss?
Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø der personalet verdsettast og trivast Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø der barna trivest og utviklar seg Fagleg utvikling: Det er moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring, jobbskyggeaktivitet i EØS/EU land og planleggingsdagar. Me har for tida eit 3-årig prosjekt kor me dreiar fokus frå individ til fellesskap. I den samanheng har me har ein eigen inkluderingspedagog i tillegg til grunnbemanning. Vår satsing i dette arbeidet er fokus på vaksenrollen, kultur, haldningar og verdiar. Robuste barn og leik. Gode ressursar: Kvernaland barnehage kan tilby eit godt barnehagebygg med store inneareal for allsidig leik og utvikling. Me prioriterer bruk av vikarar ved fråvær slik at resterande personale har kapasitet til å utføra jobben på ein tilfredsstillande måte. Moglegheit for påverknad og deltaking: Som tilsett i Kvernaland barnehage har ein moglegheit til å bidra til utviklinga av barnehagen og vera med på å forma og implementera nye initiativ og tiltak. Arbeidsoppgåver
Me ser etter ein pedagog som kan:
gje barna ein god og trygg start på livet følgja opp og utvikla tilsette på avdelinga legge til rette for eit godt samarbeid blant kollegaer og med føresette ta ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurdering som bidreg til eit trygt og inkluderande miljø for både barn og tilsette være med å utvikla barnehagen vidare Kvalifikasjonar
- Du har godkjent utdanning som barnehagelærar og helst erfaring fra arbeid som pedagogisk leiar
Andre med anna relevant høgskule-/universitetsutdanning innan barnehagepedagogikk er velkomne til å søka Du har godt humør, og bidreg til å skapa trivsel og humor i kvardagen Du er løysningsorientert og målbevisst Du er fagleg engasjert, aktiv, framtidsretta og nytenkande Du kan arbeida godt både sjølvstendig og i team og er entusiastisk Du ser, forstår og har mot til å handla saman med kollega, barn og føresette Du har et ynskje om å vidareutvikla barnehagen Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Du har stor arbeidskapasitet Me legg vekt på at du er eigna til stillinga Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstår klar og tydeleg Me søkjer etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid saman med andre leiarar og tilsette. Me søkjer etter deg som liker godt å være saman med barn og som evnar å omsette teori ut i praksis. Me er ute etter barnehagelærarar som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing. Me ønsker leiarar som har fokus på inkludering og ein autoritativ leiarstil. Me tilbyr
- God pensjonsordning, offentlig tenestepensjon fra KLP.
Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Me er studentbarnehage for UIS Deltakelse i internasjonale og lokale prosjekt. KontaktinformasjonRagnhild Kverneland Ueland, Styrar, 48603397, ragnhild.kverneland.ueland@time.kommune.no
ArbeidsstadHolmebakken 45
4355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5165568996
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026