
Tysnes kommune · Tysnes
Er du vår nye kollega og medarbeidar? Er du ein praktikar som likar å fikse ting – og som får energi av å sjå at alt fungerer? Då kan du vere den me ser ette...
Er du ein praktikar som likar å fikse ting – og som får energi av å sjå at alt fungerer? Då kan du vere den me ser etter! Me har ledig stilling innan drift og vedlikehald og fagområde: vatn- og avløp.
Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere drift, vedlikehald og tilsyn av kommunale vatn- og avløpsanlegg. Ingen dag er lik, og du får ein jobb med stor variasjon, ansvar og synlege resultat. Vedlikehald blir utført både i eigen regi og ved bruk av rammeavtalar, og du vil sjølv utføra mykje av det praktiske arbeidet, samstundes som du følgjer opp eksterne leverandørar ved behov.
Stillinga er plassert i eining for drift og vedlikehald og rapporterer til einingsleiar. Eininga har drifts- og vedlikehaldsansvar for kommunale bygg, kyrkjegardar, vegar samt vatn- og avløpssystem. Stillinga er spennande, krevjande og svært variert, med eit tydeleg samfunnsnyttig formål.
Stillinga inngår i vaktavtale innan områda vatn og avløp, og det er derfor ein fordel om du bur i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Stillinga inngår i teknisk vaktordning på VA med pt. vakt kvar tredje veke. Vaktordning blir kompensert med 1:5 og overtid på utrykningar.
Kurs og kompetanse kan tilbydast etter avtale.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Hos oss vil du få høve til å arbeide med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der vi er opptekne av kunnskapsdeling og kompetanseheving.
Normal abeidstid i drift- og vedlikehaldsavdelinga er mandag-fredag frå kl 07.15-15.00. Stillinga har fleksitid med ytre ramme mellom 07.00-20.00. For tilsette i vaktordning på VA, har ein fast tilsynsoppdrag på laurdagar den veka ein har vakt. Tilsynsoppgåva inngår i samla årstimetal.
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLPs nettsider.
Du blir tilsett i fagarbeidarstilling, med lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av all kommunal bygningsmasse, uteareal, vegar og vatn og avløp. Me søkjer no etter ein dyktig, sjølvstendig og ansvarsbevisst fagarbeidar til drift og vedlikehald av kommunal infrastruktur. Her under veg, vatn og avløp. Suldal kommune har totalt 170 km med kommunale vegar og avdelinga disponerer ein lastebil med kran, sopebil, hjulmaskin og mindre gravemaskiner. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva vil være arbeid med drift og vedlikehald kommunale vegar og infrastruktur, vatn og avløpsanlegg. Men du vil også ta del i drift og vedlikehaldsoppgåver innanfor ansvarsområdet til Teknisk drift, der bruk av maskinar og utstyr inngår i dette. I løpet av året vil mellom anna være soping, kantslått, mindre gravearbeid, brøyting og generelt vedlikehald på leidningsnett, bruer, vegar og kaiar. Mogleg deltaking i kommunal vaktordning innanfor vatn og avløp og brøytevakt. Kvalifikasjonar Fagbrev innan bygg og anlegg/mekaniske fag. Krav om førarkort B/BE, C, T og kranførarbevis. Krav om maskinførarbevis M2 og M4, og dokumentert erfaring frå maskinkøyring. Ein må kunne meistre norsk både skriftleg og munnleg. Kunne bruke data som eit dagleg arbeidsverktøy Den som blir tilsett må vere serviceinnstilt, løysningsorientert, kunne jobbe sjølvstendig, ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid, kunne arbeide i team og være oppteken av HMS. Slik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar. Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00 Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her
Gjerdane barnehage har ledig 80 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 15.08.26 til 14.08.27. Ufaglærte kan søkje som assistent. Gjerdane barnehage ligg nært Eid sentrum i Stad kommune og har fokus på likeverd, sosial kompetanse, språk, relasjonar og leik. Til hausten har barnehagen 71 barn, 12 barnehagelærarar, sju barne- og ungdomsarbeidarar, ein assistent og tre spesialpedagogar/logopedar, Arbeidsoppgåver • Dagleg oppfølging av barna • Skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø • Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette Kvalifikasjonar • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar • Ufaglærte vil bli vurderte til stilling som assistent Personlege eigenskapar • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig • Du har evne til å sjå det enkelte barnet • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg Vi tilbyr • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar • Godt og nært fagleg samarbeid • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket • Gode pensjons- og forsikringsordningar Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. For meir informasjon, kontakt styrar Tove Hanebrekke Starheimsvik, tlf 952 15 829. KontaktinformasjonTove Hanebrekke Starheimsvik, styrar Gjerdane barnehage, 95 21 58 29, tove.hanebrekke.starheimsvik@stad.kommune.no ArbeidsstadFossevegen 2 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5148210089 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 26.07.2026
Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og inkluderande kvardag for elevane våre? Flekke skule har ledig ei 50 % fast stilling som fagarbeidar i skule og SFO, med tilsetjing etter avtale. Vi søkjer etter ein engasjert fagarbeidar som trivst saman med barn, er ein tydeleg og trygg vaksen og ønskjer å bidra til eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Om arbeidsplassen Skulen og barnehagen er samlokaliserte og har eit godt samarbeid. Vi har eit roleg og oversiktleg miljø der alle elevane vert godt kjende av dei vaksne. Nærmiljøet vert nytta aktivt, og vi er mykje ute gjennom heile året. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer, der trivsel, samarbeid og utvikling står i sentrum. Arbeidsoppgåver • Bidra til eit trygt og godt lærings- og oppvekstmiljø for elevane. • Følgje opp og støtte elevar i skuledagen i samarbeid med lærarane. • Vere ein trygg og tydeleg vaksen i SFO. • Planleggje og gjennomføre leik og aktivitetar i SFO. • Bidra til gode relasjonar mellom elevar, føresette og tilsette. • Delta aktivt i utviklinga av skulen og SFO. Kvalifikasjonar • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Er omsorgsfull, trygg og tålmodig i møte med barn. • Har gode samarbeidsevner og byggjer gode relasjonar. • Er fleksibel, løysingsorientert og sjølvstendig. • Tek initiativ og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. • Trivst med ein aktiv og variert kvardag saman med barn. Det blir lagt stor vekt på personleg eignaheit. Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer. • Introduksjon og oppfølging ved oppstart. • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. • Løn etter gjeldande tariffavtale. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kommunen arbeider aktivt for god kjønnsbalanse i arbeidsmiljøet. Menn vert oppmoda om å søkje. Vi gjer merksam på at søkjarlista som hovudregel er offentleg. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegsøkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Dersom ønsket ikkje vert teke til følgje, vil du få høve til åtrekkje søknaden før søkjarlista vert offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her