Ullensvang kommune, Tenesta for funksjonshemma, har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Eidesbrotet bufellesskap. Stillinga inngår i ein kombinert turnus med langvakter og kortvakter som gjev deg noko mange set pris på: lengre friperiodar og meir fri i kvardagen. Du jobbar kvar fjerde helg, og resten av tida får du rom til både jobbglede og privatliv.
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne personar med funksjonsnedsetjing og ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 brukarar, både i bufellesskapet og i nærområdet.
Hos oss er det ikkje berre turnusar og vedtak som tel – menneska kjem først. Vi jobbar for at kvar enkelt skal meistre eigen kvardag, vere mest mogleg sjølvstendig og oppleve ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag.
Vi ønskjer også å vere ein arbeidsplass der det er lov å trivast, le litt i kvardagen og kjenne på arbeidsglede, engasjement og fagleg stoltheit.
Som helsefagarbeidar hos oss vil du ha varierte og meiningsfulle arbeidsdagar, der ingen dag er heilt lik – og det er akkurat slik vi likar det.
Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for målgruppa vert vektlagt. Personleg eigning er viktig – vi ser etter rett person, ikkje berre rett CV.
Godkjend politiattest må framleggjast før tilsetjing.
Høyrest dette ut som ein arbeidsplass du kunne trivast i? Då håpar vi å høyre frå deg!
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Ullensvang