
Ullensvang kommune Samfunnsutvikling og plan · Ullensvang
Samfunnsplanleggjar i Noregs friluftshovudstad Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære fri...
Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.
Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 10 910 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa?
Vi har 1 ledige stillingar som samfunnsplanleggjar
For å styrkje utviklinga av kommunen ynskjer me å tilsetja ein drivande og engasjert samfunnsplanleggjar i 100% fast stilling. Stillinga ligg til verksemd for Samfunnsutvikling og plan i Ullensvang kommune.
Verksemda har i dag 7 tilsette, og oppmøtestad er i Odda.
Arbeidsoppgåvene vil vere knytt opp til alle nivå av areal- og samfunnsplanlegging. Hovudmengda av arbeidet er knytt til utarbeiding av kommunale reguleringsplanar og handsaming av private planframlegg. I tillegg vil ein bidra inn i fagmiljøet og i ulike utviklingsprosjekt i kommunen.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Me søkjer etter prosjektleiar til Prosjekt og utvikling Vil du ha ein spanande jobb i ein livskraftig og attraktiv kommune i sterk utvikling? Friluftshovudstaden Ullensvang har stor vekst innan turisme, landbruk og industri, og no treng me fleire flinke medarbeidarar med på laget. Ullensvang kommune har eit stort investeringsbudsjett i åra som kjem. Dette gjev stor aktivitet på både store og små investeringsprosjekt, og gjer kommunen til ein ekstra spanande og attraktiv stad å jobbe som prosjektleiar. Kommunen har om lag 10 900 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget. Vil du vera med å vidareutvikle Ullensvang kommune? Me treng dyktig, løysingsfokusert og positiv prosjektleiar på laget vårt i Prosjekt og Utvikling - tenesteområde under sektoren Teknikk og Miljø. Her har me ansvar for utvikling og gjennomføring av investeringsprosjekta i kommunen. Ein spanande jobb i eit godt fagmiljø og på ein arbeidsplass det er lett å trivast. Det er stor aktivitet på både store og små investeringsprosjekt i åra som kjem innan nybygg, renovering av kommunale bygg, veg og parkanlegg, ras- og flaumsikring og VA (vatn- og avlaupsanlegg). Denne stillinga vil jobbe spesielt med prosjekt innan bygg, og me søkjer primært etter deg med erfaring frå prosjektleiing innan dette fagområdet. Arbeidsoppgåver: • Hovudansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av prosjekt i alle fasar, frå A-Å. • Ansvar for, og sikre at prosjekta vert utført jamfør kontraktar, offentlege krav, lover og forskrifter, (anskaffingslova, byggherreforskrifta, plan- og bygningslova m.m.), interne prosedyrar og rutinar. • Syte for godt tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt. • Ansvar for anskaffing og oppfølging av samarbeidspartnarar i heile prosessen; t.d. rådgjevande ingeniørar, entreprenørar m.m. • Ansvar for planlegging og oppfølging av prosjektorganisasjon og involvering av ulike brukargrupper, styringsgrupper, referansegrupper, ulike kommunale råd m.m. • Ansvar for at SHA-planar vert utarbeidde, reviderte og fylgde opp gjennom heile byggeprosessen. • Ansvar for god framdrift og samtidig sikre at HMS alltid vert ivareteke. • Budsjettansvar for eigne prosjekt. • Økonomisk oppfølging og rapportering. • Evaluering av gjennomførte prosjekt. • Ansvar for at all arkivverdig dokumentasjon vert arkivert i kommunen sitt arkivsystem. Ynskte kvalifikasjonar: • Godkjent høgare utdanning innan ingeniørfag eller annan teknisk kompetanse. • Gode digitale ferdigheiter. • Erfaring og kompetanse frå prosjektleiing innan byggfag, VA eller vegprosjekt. • Erfaring frå kommunal sektor er fordel, men ikkje eit krav. • Kunnskap og erfaring innan klima, energi og miljø er ynskjeleg. • Struktur- og budsjettdisiplin i prosjektgjennomføring. • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Vårt skriftspråk er nynorsk. • Førarkort klasse B, og du må disponere eigen bil i teneste. Me ser etter deg som: • Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar. • Er løysingsfokusert og ser etter moglegheiter. • Er engasjert, fleksibel og likar utfordringar. • Er strukturert og resultatorientert. • Er målretta og har evne til å jobbe sjølvstendig. • Er framoverlent og likar god framdrift. • Viser stoltheit for arbeidsplassen og er ein god omdømebyggjar. • Trivst med å jobbe tverrfagleg. • Er flink til å dele kunnskap og involvere andre. • Har positive haldningar og godt humør. • Er ein god bidragsytar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Me tilbyr: • Unik moglegheit å vere med å vidareutvikle Ullensvang kommune • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver • Utvikling av eigen kompetanse • Eit sterkt lag og godt fagmiljø • Eit godt og positivt arbeidsmiljø • Arbeidsplass i Odda • Løn etter avtale • Sletting av inntil 25 000 kr av studielån i året (sjå detaljar under). • Fleksibel arbeidstid og fleksibilitet i bruk av heimekontor • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen • Gode offentlege tariffesta pensjons- og forsikringsordningar • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA-avtale) og fleksibel arbeidstid Tilsettingsdato etter avtale. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Ledig 2-årig stilling som prosjektleiar ved renovasjonsavdelinga, 100%. Er du miljøengasjert, strukturert og har erfaring frå gjenvinningsbransjen? Då kan denne stillinga vere noko for deg! Ullensvang Renovasjon driv innsamling og handtering av avfall frå hushaldningar, hytter og bedrifter i kommunen. Nye nasjonale krav til sortering og innsamling gjer at me no søker ein prosjektleiar som skal bidra til å effektivisere og tilpasse dagens løysingar i tråd med gjeldande regelverk. Prosjektleiar vil ha kontorplass i vårt nye administrasjonsbygg på Lindenes Miljøstasjon, som ligg plassert ved RV13 mellom Odda og Tyssedal. Du blir del av eit team beståande av verksemdsleiar, avdelingsleiar, kundehandsamar og renovatørar. Arbeidsoppgåver : • Gjennomføre tiltak frå kommunen sin handlingsplan for renovasjon for å auke utsortering og gjenvinning • Utarbeide og gjennomføre strategiar for tilpassing av innsamlingssystem for avfall i tråd med nye nasjonale krav • Analysere og planlegge for miljømessig og økonomisk effektivisering av arbeids- og innsamlingsrutiner • Informasjonsarbeid Andre oppgåver kan bli delegert prosjektleiar etter behov. Kvalifikasjonar for stillinga: • Bachelor/mastergrad i tekniske eller miljøretta fag • Erfaring frå gjenvinningsbransjen • God kjenneskap til data- og analyseverktøy som excel eller tilsvarande • Gode lese- og skriveferdigheiter • Må beherske norsk flytande skriftleg og muntleg • Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt Personlege eigenskapar: • Må like å jobbe i team med andre, og ha interesse for fagfeltet • Ansvarsbevisst • Ha evne og vilje til fleksibilitet • Sjå mogelegheiter og løysingar, nytenkande og kreativ. Me tilbyr: • Varierte arbeidsoppgåver • Lønn etter avtale • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for heimekontor etter avtale • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår. Krav: • Sertifikat klasse B Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Verksemdleiar for Prosjekt og utvikling Vil du vera med på å byggja framtidas Ullensvang? I Ullensvang byggjer me ikkje berre bygg, me byggjer lokalsamfunn for generasjonar. Ullensvang kommune er i ei rivande utvikling. Med spektakulær natur som bakteppe og eit offensivt næringsliv, står me føre spennande investeringar innan infrastruktur, bygg og samfunnsutvikling. Me søkjer no ein strategisk og handlekraftig Verksemdleiar for Prosjekt og utvikling som vil få ei nøkkelrolle i utvikling av samfunnet. Om rolla Som leiar for prosjektavdelinga vil du ha det overordna ansvaret for å styra kommunen sine største og viktigaste investeringssprosjekt – frå dei fyrste skissene til ferdigstilling. Du vil jobba tett med både politisk leiing, næringsliv og innbyggjarar for å sikra berekraftig vekst og gode tenester i heile kommunen. Sentrale arbeidsoppgåver Basert på våre satsingsområde vil oppgåvene dine mellom anna innebera: • Strategisk prosjektstyring: Ansvar for planlegging og gjennomføring av kommunale bygg- og anleggsprosjekt, som skular, helsebygg, infrastruktur. • Økonomi- og resultatansvar: Sikra at prosjekt vert leverte innanfor rammer for tid, kostnad og kvalitet. • Samfunnsutvikling: Delta aktivt i planarbeid og utvikling av attraktive lokalsamfunn i heile kommunen • Leiing: Personaloppfølging og vidareutvikling av eit kompetent team med prosjektleiarar. • Samhandling: Byggja bru mellom tekniske krav, politiske vedtak og behova til innbyggjarane. Andre oppgåver kan tildelast ved behov. Kven er du? Me ser etter deg som trivst i krysninga mellom det faglege og det strategiske. Du er truleg ein person som: • Har relevant høgare utdanning, bachelor eller master, samfunnsplanleggjar, ingeniør eller liknande. • Har solid erfaring frå prosjektleiing, gjerne frå offentleg eller privat sektor • Har god økonomiforståing • Er løysingsorientert og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. • Kommuniserer godt på nynorsk, både skriftleg og munnleg, og evnar å skapa tillit hos ulike interessentar. • Krav til bilsertifikat klasse B og må disponere eigen bil • Leiarstil: Du er tydeleg, involverande og god til å byggja relasjonar. Du må trivast med å navigera i skjæringspunktet mellom fag, politikk og administrasjon. Du er framoverlent, beslutningsdyktig og ein gjennomførar. Ved tilsetjing vert personlege eigenskapar vektlagt. Vi tilbyr • Ei av dei mest spennande leiarstillingane i regionen med stor påverknadskraft. • Eit arbeidsmiljø prega av høgt tempo, humor og stor takhøgd. • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP. • Høve til å bu og jobba midt i hjarta av Hardanger – med fjell og fjord som næraste nabo. • Mulighet for rekrutteringsleilighet • Mulighet for heimekontor Arbeidsstad er Odda. Ønskjer ikkje kontakt med telefonselgarar i forhold til stillingsannonsa. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her