
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren · Vågå
Har du litt tid til overs og ynskjer å gjere ein forskjell i kvardagen for nokon andre? Vågå kommune søkjer engasjerte personar til oppdrag som støttekontakt/f...
Har du litt tid til overs og ynskjer å gjere ein forskjell i kvardagen for nokon andre?
Vågå kommune søkjer engasjerte personar til oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt.
Som støttekontakt er du med på å støtte barn, ungdom, vaksne eller eldre som har behov for hjelp til å delta på fritidsaktivitetar. Støttekontaktordninga er ei teneste som skal medverke til å auke brukaren si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med andre, skape ein meir aktiv kvardag og bidra til å få ei meiningsfull fritid.
Tenestemottakarane våre har ulike interesser og behov, og vi treng difor støttekontaktar i ulik alder og av begge kjønn. Du treng inga formell utdanning -- det viktigaste er at du er påliteleg, har gode haldningar og eit ynskje om å vere der for andre. Vi legg vekt på å matche støttekontakt og tenestemottakar ut frå felles interesser, slik at begge partar får eit positivt utbytte av samværet og ein god relasjon til kvarandre.
I søknaden er det difor viktig at du fortel litt om deg sjølv og kva du likar å gjere på fritida.
Eit vanleg oppdrag er på om lag 2 timar i veka, men omfanget kan variere frå person til person -- enkelte har vedtak på opp til 6 timar i veka. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:
Støttekontaktar inngår oppdragsavtale med Vågå Kommune på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regler og avtaler. Timesats for 2026 ihht Gebyrregulativet er kr 206 pr time. Det vil bli utbetalt inntil kr 541 i utgiftsgodtgjersle pr månad etter framlagte rekningar, samt reisegodtgjersle etter statens satsar.
Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no
Søknadar blir vurdert fortløpande.
Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer informasjon om tenesta. Det er høve til å få
meir informasjon om ein eventuell tenestemottakar før du takkar ja til oppdraget.
Tildelingskontoret v/ Mai Britt Myrum, tlf. 45343573 (ferie veke 29, 30 og 31)
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje
uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot
det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar! Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg. Ved Heimetenesta møter du eitfagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp , har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid . Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaersom gler seg på å få nettopp deg med på laget. Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevst at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og tenesteleiar. Helse- og omsorg har eigen driftskoordinator som bistår på ikkje-helsefaglege oppgåver, samt merkantilressursar som har hovudansvar for innleige og turnusutarbeiding. Heimetenesta har tett og godt samarbeid med Vågåheimen, som og er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg. Avdelinga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande eldre og dagtilbod for demensomsorg, i tillegg til BPA, PA og hjelpemiddelkontakt. Du har personalansvaret for om lag 45 tilsette. I tenesta legg vi vekt påfagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. oppgradering av Heimetenesta si base ved Vågåheimen og ei systematisk, framtidsretta tenesteutvikling . Vi har stort fokus på helseteknologiske løysingar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver: • Budsjettoppfylging som inneber å delta aktivt i budsjettarbeid og budsjettrapportering • Fag- og personalansvar for alle tilsette i avdelinga • Levere god tenestekvalitet i tråd med tildelingskriterier og avdelinga sine rammer og mål • Utøve nærleiing og ha høg tilstedeværelse i avdelinga • Ha fokus på kontinuerleg forbetringsarbeid og læring • Arbeide for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og Miljøgruppe • Turnusansvar og ansvar for tilsettingsprosessar Lista er ikkje uttømmande Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som sjukepleiar med minimum 5 års erfaring • Leiarutdanning og/ eller erfaring med leiing av helsetenester er ynskjeleg, men ikkje naudsynt • Gode turnuskunnskapar • God digital kompetanse og evne til å sjå moglegheiter og gevinstar ved bruk av t.d. helseteknologi • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, med evne til å utarbeide og formidle tydelege, ryddige og strukturerte framstillingar • God forståing for og erfaring med økonomistyring og politisk styrte rammebetingelser er ynskjeleg Eigenskapane dine: • Tek ansvar og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre • Har høg arbeidskapasitet og god forståing for eiga rolle og ansvar • Er ein tydeleg, trygg og tillitsskapande leiar • Arbeider planmessig, strukturert og systematisk • Har sterk gjennomføringsevne • Er engasjert i utvikling og motiverast av å leie endrings- og utviklingsprosessar • Har sterke kommunikative ferdigheiter • Evnar å byggje tillitsfulle relasjonar og skape ein kultur for samarbeid og samhandling • Tek initiativ og sikrar god involvering, forankring og framdrift i prosessar • Er løysingsorientert og oppteken av å finne gode og berekraftige løysingar til det beste for fellesskapet • Evnar å inspirere og motivere medarbeidarar, og bidreg aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • Møter endringar og utfordringar med fleksibilitet og tilpassingsdyktigheit • Er lojal og bidreg til å styrkje fellesskapet og laget Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt Det vert krevd politiattest ved tilsetjing. Vi tilbyr: • 100 % fast stilling som avdelingsleiar Heimetenesta • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som avdelingsleiar vil få ei nykkelrolle for utvikling av tenesta • Deltaking i ei støttande og inkluderande leiargruppe med høgt fagleg fokus, som er motiverte og er tydelege lagspelarar • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer • Ei avdeling med fokus på fag, kvalitet og utvikling • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Konkurransedyktig lønn • For deg som ikkje kan dagpendle vil kommunen vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar.
Tenesteleiar for Miljøterapitenesta i Vågå kommune Vil du leie og vidareutvikle miljøterapitenesta i Vågå kommune? Vågå kommune søkjer ein trygg, strategisk og fagleg sterk tenesteleiar for Miljøterapitenesta. Miljøterapitenesta er i ein viktig utviklingsfase, der vi arbeider systematisk med å tilpasse tenestene til demografisk utvikling, endra behov hos brukarane og tilgjengeleg kompetanse. Dette føreset tydeleg leiing, god heilskapleg forståing og evne til å balansere fagleg kvalitet, økonomisk berekraft og forsvarleg drift. Miljøterapitenesta arbeider med målretta miljøarbeid der målet er at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen. Fagleg kvalitet, brukarmedverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar i tenesta, og vi ønskjer å vere ei utviklande teneste -- både for brukarane og dei tilsette. Helsetenestene i Vågå kommune satsar på fagutvikling, kvalitet og berekraft, både i dagleg drift og i eit langsiktig perspektiv. Vi arbeider aktivt med å rigge tenestene for framtida, slik at rett kompetanse blir nytta på rett stad. Organisering og rolle Tenesteleiar for Miljøterapitenesta rapporterer til kommunalsjef for helse, og er ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. Tenesteleiar har overordna ansvar for drift, økonomi, personal og fagleg utvikling i tenesta. Leiinga er organisert som eitt team med to avdelingsleiarar og tenesteleiar, som saman har ansvar for heilskapleg leiing, økonomistyring, utvikling og kvalitet i tenesta. Tenesteleiar arbeider primært på eit strategisk og overordna nivå, med støtte frå avdelingsleiarane og kommunale stabsressursar innan økonomi, personal og merkantile funksjonar. Arbeidsoppgåver (ikkje uttømmande) • Overordna økonomistyring og budsjettansvar for tenesteområdet • Strategisk og framtidsretta tenesteutvikling innan miljøterapi • Overordna ansvar for personaloppfølging og leiarstøtte til avdelingsleiarar • Sikre god fagleg kvalitet, systematisk kvalitetsforbetring og forsvarlege tenester • Leggje til rette for godt arbeidsmiljø, kompetanseutvikling og heilskapleg leiing • Samarbeid med andre kommunale tenester, nabokommunar og eksterne aktørar • Bidra til utvikling av berekraftige løysingar og føremålstenleg bruk av teknologi i tenesta • Sikre at tenesta blir drive i tråd med gjeldande lovverk, nasjonale føringar og politiske vedtak • Fagleg rådgjevar for kommunalsjef helse Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: • Lengre leiarerfaring • Utdanning på minimum bachelornivå • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg I tillegg vil det vere ein fordel om du har: • Erfaring frå økonomistyring • Relevant leiarutdanning • Innsikt i samspelet mellom politikk, administrasjon og tenesteyting • God kunnskap om relevant lov- og regelverk Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Er tydeleg, trygg og lyttande i leiarrolla • Er endringsvillig og framtidsretta • Motiverer og engasjerer medarbeidarane dine • Har høg etisk bevisstheit og fokus på kvalitet • Er systematisk, målretta, evnar å ha eit langsiktig perspektiv og har god gjennomføringsevne • Arbeider strukturert og har evne til å sjå komplekse samanhengar Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit. Vi kan tilby • Ei meiningsfull og strategisk leiarstilling i eit viktig fagfelt • Moglegheit til å påverke og utvikle ei teneste i kontinuerleg utvikling • Arbeid i eit tett og kompetent leiingsteam • Eit godt fagmiljø og ein lærande organisasjon • Gode rammer for kompetanseutvikling • Fleksitid og kompensasjonsdagar • For deg som ikkje kan dagpendle, vil kommunen kunne bistå med bustad i ein overgangsperiode • Løn- og arbeidsvilkår etter avtale • Pensjonsordning gjennom KLP Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk. Søknad I søknaden ønskjer vi at du får fram korleis bakgrunn og erfaring samsvarer med krava og ønskjer vi har for stillinga. Søknad skal sendast via elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast til: postmottak@vaga.kommune.no Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn. Vi gjer merksam på at namnet på søkjarar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova § 25.
Ved Heimetenesta i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nært samarbeid med institusjon Vågåheimen, legetenesta, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget. Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar og helsefagarbeidar, eller har byrja på desse utdanningane. I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat, som etter avtale kan ligge mellom 50 og 100% stilling. Så her er det mogleg å finne ein stillingsstorleik som passar livet ditt! Stillingane har arbeid i turnus på dag, kveld og helg. Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus for fleire av stillingane, samt langvakt på vekedagar. Om du har andre ynskje for stillingsprosent enn det som er oppgjeve under, ynskjer vi likevel å høyre frå deg. Vi har ledig føljande stillingar: 100% fast helsefagarbeidar 75% vikariat helsefagarbeidar - ledig ut 2027 100% vikariat sjukepleiar - ledig ut 2027 Vi ber om at du spesifiserer i søknaden kva for stilling du søkjer på. Arbeidsoppgåver: • Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar • Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp • Samarbeid med institusjon Vågåheimen, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar • Ansvarsvakt for sjukepleiarar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev helsefagarbeidar, eller har starta på desse utdanningane • Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1) • God fagleg innsikt og tryggheit • Søkaren lyt ha førarkort klasse B. Eigenskapane dine: • Fagleg engasjert • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig • Kreativ og endringsorientert/-viljug • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner • Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Fleksibel, lojal og er ein lagspelar Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt Det vert kravd politiattest ved tilsetjing. Vi tilbyr: • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer • Internundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøte og fagleg utvikling • Konkurransedyktig lønn • Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle. Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. **Venlegast informer i søknaden om du kva for type stilling du søkjer på (samt ynskje om stillingsprosent). ** Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar. Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er. Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.