Vil du vera med å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre? Me treng lærar i 100% fast stilling ved Ølen skule. Søk jobb hjå oss!
Kva får du jobba med hos oss?
Ta ansvar for fag og klassar på mellomtrinn og/eller ungdomstrinn. Mogleg kontaktllæransvar. Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for klasse og enkeltelevar. Me kan tilby:
Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord). Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Konkurransedyktig kontaktlærartillegg. Kvalifikasjonar:
Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. Godkjent undervisningskompetanse (kandidatar med annan kompetanse/erfaring kan søke, tilsetting blir då mellombels). fagønsker: matematikk, naturfag og kroppsøving. Er ein fordel om du har erfaring eller kompetanse på individuell tilrettelagt opplæring. Personlege eigenskapar:
Du må vera god på samarbeid både med barn og vaksne. Vera ein autoritativ vaksen. Løysningsorientert og systematisk. Omsorgsfull, trygg og føreseieleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her