
Kultur, Vinje kommune · Vinje
Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og pedagogisk trommelærar i 25 % vikarstilling for hausten 2026, med moglegheit for forlenging. Kulturskulen er ein vikti...
Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og pedagogisk trommelærar i 25 % vikarstilling for hausten 2026, med moglegheit for forlenging. Kulturskulen er ein viktig arena for skaparglede, meistring og fellesskap for born og unge i kommunen. Som trommelærar vil du møte elevar i alderen 6–18 år og få høve til å bidra inn i eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø.
Stillinga er i hovudsak knytt til individuelt undervisningsarbeid, men samspel er ein naturleg og viktig del av undervisninga i Vinje kulturskule. Du vil samarbeide med andre instrumentlærarar og vere med på å utvikle elevane sine musikalske dugleikar gjennom samspel, konsertar og deltaking på arrangement som UKM (Ung kultur møtast). Me ser etter deg som ynskjer å bidra til eit inkluderande læringsmiljø og som ser verdien av kulturskulen som ein viktig møteplass for born og unge.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Me tilbyr
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
KontaktinformasjonKristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no
ArbeidsstadVinjevegen 192
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5154514539
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 09.08.2026