Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape trygge og gode tenester for bebuarane våre.
Svingen og Reini er moderne bufellesskap med høvesvis 11 og 4 leilegheiter, og gode fellesareal både inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar i alle aldrar, og med varierande behov for hjelp. Arbeidet vårt handlar om å støtte den enkelte i kvardagslege gjeremål, med respekt og fagleg tryggleik.
Som nytilsett hos oss får du ein mentor som fylgjer deg tett. Du får tid til refleksjon, rettleiing og støtte – slik at du kjem godt i gang og blir trygg i rolla. Dette er ein del av vårt arbeid for å sikre god opplæring og trivsel frå fyrste dag.
Hos oss møter du eit godt arbeidsmiljø og ein positiv gjeng som støttar kvarandre. Me har eit breitt fagleg fokus og jobbar aktivt for å halde oss oppdaterte, slik at bebuarane får eit best mogleg tilbod. Me legg vekt på utvikling, kompetansebygging, tverrfagleg samarbeid og bruk av ny teknologi.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
KontaktinformasjonHjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218
ArbeidsstadÅmotvegen 2
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5163593241
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Vinje