
Voss herad Kommunalavdeling tekniske tenester · Voss
Voss herad har konsesjon og driv Voss flyplass Bømoen. Ved flyplassen er det no ledig 20% mellombels stilling som fagansvarleg i 1 år. Fagansvarleg er har ei v...
Voss herad har konsesjon og driv Voss flyplass Bømoen. Ved flyplassen er det no ledig 20% mellombels stilling som fagansvarleg i 1 år.
Fagansvarleg er har ei viktig rolle som kontaktpunkt mot brukarane av flyplassen og heradet som driftar, er bindeledd til Luftfartstilsynet og er del av heradet si samla gruppe som har ansvar for flyplassdrifta.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune? Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefølje. For at bygga våre skal driftast effektivt, berekraftig og i samsvar med krav og standardar, er vi avhengige av god teknisk dokumentasjon. No søkjer vi ein fagansvarleg for teknisk byggdokumentasjon (FDV) som vil få ei sentral rolle i å utvikle og forvalte korleis vi samlar inn, strukturerer og nyttar teknisk informasjon gjennom heile bygget sitt livsløp. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjæringspunktet mellom teknologi, system, informasjonsforvaltning og samarbeid med fagmiljø innan bygg, drift og eigedomsforvaltning. Du vil få stor påverknad på korleis vi utviklar framtidige arbeidsprosessar, digitale løysingar og standardar for FDV i ein av dei største offentlege eigedomsorganisasjonane på Vestlandet. Kvifor velje oss? Hos oss får du meir enn ein tradisjonell fagansvarleg-stilling. Du blir ein nøkkelperson i arbeidet med å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og sikre kvaliteten på informasjon som er avgjerande for drift og forvaltning av fylkeskommunen sine bygg. Du får: ✅ stor fagleg påverknad og eigarskap til ditt fagområde ✅ moglegheit til å forme framtidige standardar, prosessar og digitale løysingar ✅ eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan eigedomsdrift, prosjektgjennomføring, BIM, digitalisering og innovasjon ✅ deltaking i spennande bygge- og rehabiliteringsprosjekt Om oss Eigedom og utbygging (EIU) utøver fylkeskommunen si eigarrolle og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av omlag 800.000 kvm fylkeskommunale eigedomar og tilhøyrande eigedomstenester. Avdelinga har også ansvar for utbygging av Bybanen. Seksjon for system og utvikling arbeider med digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar og tenester i EIU. Vi har ei sentral rolle i avdelinga si satsing på digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi innan eigedomsdrift og -forvaltning, og har ansvar og driftsoppgåver innan FDV, BIM, digitalisering, prosjektstyring, HMS, kvalitet og opplæring. Arbeidsoppgåver • vere fagansvarleg og rådgjevar innan FDV og teknisk byggdokumentasjon • sikre at avdelinga har gode rutinar og system for innsamling og forvaltning av FDV-dokumentasjon • forvalte og vidareutvikle dokumentasjonsarkiv og system for FDV-innsamling • utvikle krav og standardar for teknisk dokumentasjon i bygge- og rehabiliteringsprosjekt • sikre etterleving av relevante myndigheitskrav og standardar • bidra til gode overgangar frå bygging til drift • gje opplæring og rettleiing til entreprenørar, prosjektleiarar og brukarar • bidra til utvikling av digitale arbeidsprosessar og løysingar innan teknisk dokumentasjon • følgje opp rammeavtalar innan fagområdet • rådgjevar for FDV-leveransen i bybaneprosjektet Kven ser vi etter? Du har teknisk utdanning på minimum bachelornivå, og trur du har bakgrunn innan eitt eller fleire av desse områda: • ingeniørfag • bygg og eigedomsforvaltning • dokumentstyring • informasjonsforvaltning • arkiv- og kunnskapsforvaltning Du har gjerne erfaring frå bygg-, eigedoms- eller industrirelaterte prosjekt, men vi oppmodar også kandidatar frå andre relevante fagmiljø til å søkje. Vi ser særlig etter deg som: • har god forståing for byggdokumentasjon og digitale system • har god kjennskap til standarder og myndighetskrav innan fagområdet • har erfaring god forståing for strukturering og forvaltning av informasjon • er systematisk og kvalitetsbevisst • har god system- og prosessforståelse • kan leie andre og evne til å stå i kravstillarrollen Personlege eigenskapar Du er ein som: • kjenner deg igjen i verdiane våre: open - kompetent - modig • er sjølvstendig, tek ansvar, får ting gjort og følgjer opp • er systematisk og kvalitetsbevisst • trivst med å samarbeide med ulike fagmiljø • er nysgjerrig på ny teknologi, tar initiativ til forbetring og nye måter å jobbe på • trivst med fleire prosjekt samstundes – utan å miste oversikta • kommuniserer godt og skaper tillit • har høg etisk standard Hos oss får du: • Spanande og varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø • Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse og godt humør • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor Er du nysgjerrig på stillinga? Vi veit at ingen kandidatar kan oppfylle alle ønske i ei utlysing. Dersom du kjenner deg att i delar av profilen og synest oppgåvene verkar spennande, oppmodar vi deg til å søkje eller ta kontakt for ein uforpliktande prat. Hos oss får du moglegheit til å påverke korleis teknisk informasjon blir forvalta i framtidas fylkeskommunale bygg – til nytte for både brukarar, driftspersonell og samfunnet som heilskap. KontaktinformasjonChristina Jenny Brautaset, seksjonsleiar, +47 41326604, christina.jenny.brautaset@vlfk.no ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5156051386 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
🧪 Vil du vere med og utvikle fagområdet generell kjemi? På grunn av vekst i fagområdet søkjer vi no ein fagansvarleg ingeniør til eit spanande og framtidsretta fagmiljø. Du vil arbeide tett saman med to andre fagansvarlege ingeniørar og to fagingeniørar, og vere ein del av det større teamet innan medisinsk biokjemi. 🤝 🔬 Fagområdet omfattar mellom anna klinisk kjemi, immunkjemi, allergi, spesialprotein og elektroforese. Området er i stadig utvikling, og nye analysar blir jamleg implementerte. 🏥 Medisinsk biokjemi held til i nye og moderne lokale med fullautomatisert analysehall, og er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin. Avdelinga er akkreditert av Norsk akkreditering og har sterkt fokus på kvalitet og fagutvikling. Stillinga er ei dagtidsstilling med 37,5t/uke og arbeid ca. kvar fjerde lørdag. 📞 Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat! 😊 Kva går jobben ut på? • Fagansvarleg ingeniør er fagleg og administrativt underlagd funksjonsleiar, og skal i samarbeid med avdelingsoverlege og funksjonsleiar bidra til å styrkje, vidareutvikle og optimalisere rutinar og prosedyrar innan fagområdet. • Fagansvarleg ingeniør skal, saman med dei andre fagansvarlege, ha spesialkompetanse og hovudansvar for sitt fagområde. • Fagansvarleg kan få delegert oppgåver frå medisinsk ansvarleg og funksjonsleiar, og kan i samarbeid med funksjonsleiar delegere arbeidsoppgåver til anna kvalifisert personale. • Fagansvarleg ingeniør vil delta i prosessar knytte til anskaffing, validering og verifisering av utstyr. • Ordinære driftsoppgåver ved Medisinsk biokjemi vil inngå i arbeidsoppgåvene. • Vedkomande vil samarbeide tett med andre fagansvarlege, avdelingsoverlege og funksjonsleiar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som bioingeniør er eit krav. • Minimum 2 års erfaring innan medisinsk biokjemi. • Erfaring frå fagansvar og det aktuelle fagområdet vil bli vektlagd. • Erfaring med laboratorieautomatisering er ønskjeleg. • Erfaring med større analyseinstrument er ein fordel. • Erfaring med prosedyreskriving er ønskjeleg. • Erfaring med avvikshandtering er ønskjeleg. • Gode IKT-kunnskapar, særleg i Excel, er ønskjeleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar på utfordringar • er engasjert, arbeidsam og tek ansvar • samarbeider godt med andre og har pasienten i fokus • har stor interesse for fagfeltet og ønskje om fagleg utvikling • har høg arbeidskapasitet og evne til å prioritere • trivst i eit aktivt og tidvis travelt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor skal du velje oss? • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst. • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. • Ei sentral rolle i eit fagområde i vekst og utvikling. • Arbeid i moderne lokale med fullautomatisert analysehall. • Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonBenedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5151580703 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Tenesteområde helse og velferd i Klepp kommune søker utadvendte og ansvarsbevisste personar til støttekontaktoppdrag for barn, ungdom eller vaksne med ulike utfordringar. Dette er ikkje ei vanleg utlyst stilling der ein er garantert svar eller avslagsbrev, men ein stad du kan visa du er interessert for oppdrag og kor fagansvarleg for støttekontaktordning og leiar for Miljøtenesta med visse mellomrom er innom og leiter etter nye støttekontaktar. I periodar er behovet for godkjente støttekontaktar større enn andre periodar og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige støttekontaktar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same. Arbeidsoppgåver • En støttekontakt er ein ven, ledsager og motivator for at personer som treng det, skal komme seg ut på fritidsaktiviteter saman med andre • Et oppdrag er oftast på 2-3 timer per veke • Du må ha evne til å gi eit planlagt og gi eit forutsigbart tilbod. Alle oppdrag er individuelt tilpassa • Nokre gonger vert støttekontakttenesta gitt som gruppe tilbod - og det er behov for ein person som kan å lede eit gruppetilbod Kvalifikasjonar • Du er god på kommunikasjon. Du forstår og snakkar godt norsk og har god kjennskap til norsk kultur. Minimum nivå B1 • Vi er opptatt av at oppdraget skal vere meiningsfylt for deg og den du er støttekontakt for. • Opplæring vil bli gitt • Politiattest vert kravd. • Det er ønskeleg med sertifikat og bil. • Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. Personlege eigenskapar • Vi søker personar som er interessert i å jobbe med menneske og som er gode på å skape gode relasjonar • Du ønskjer å bidra til at personar som treng det, skal få ei aktiv og kjekk fritid • Du er kreativ, strukturert og god til å planlegge aktivitetar i samarbeid med tenestemottakar. • Det er ein fordel å ha kjennskap til fritidstilboda i Klepp og omliggjande kommunar. Vi tilbyr • Du vil få eigen rettleiar • Opplæring og rettleiing i oppdraget • Lønn og utgiftsdekning etter gjeldande satsar for Klepp kommune • Ta kontakt med fagansvarleg for tenesta på mobil 47254583 dersom du lurer på noko KontaktinformasjonElin Kristine Trosterud, Fagleder, +47 47254583, elin.kristine.trosterud@klepp.kommune.no ArbeidsstadOlav Hålands Veg 9 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5062479594 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 31.12.2026