
Voss herad Område nord · Voss
Fast stilling for sjukepleiar og/eller vernepleiar i inntil 60% stilling på natt, kan aukast til 100% med kombinasjon dag/kveld eller langvakter. Stillinga er ...
Fast stilling for sjukepleiar og/eller vernepleiar i inntil 60% stilling på natt, kan aukast til 100% med kombinasjon dag/kveld eller langvakter.
Stillinga er ledig frå 20.april. Tilsetjing fortløpande.
Om avdelinga
Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum. Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka.
Me tilbyr
Kvalifikasjonar
Sjukepleiar/vernepleiar studentar som er ferdig utdanna våren 2026 oppmodast til å søkje
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer deg som
Arbeidsoppgåver
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med på laget vårt? Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig ei 70 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Vi har også ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på dag/kveld, med arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktivitetar. I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar bli ledig. Skriv i søknaden kva stilling du søkjer. Arbeidsoppgåver • Ulike faglege prosedyrar • Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar • Arbeide etter behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar • Dokumentasjon i Helseplattformen • Praktiske oppgåver i seksjonen • Bruke "Kompetanseportalen" aktivt for å vedlikehalde kompetanse Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg • Må ha gode datakunnskapar • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Du arbeider sjølvstendig • Du er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre • Du bidreg til godt arbeidsmiljø • Du kommuniserar godt både internt og eksternt og kan takle raske omstillingar • Du evner å sette deg inn i nye, digitale løysingar • Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din. Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. KontaktinformasjonEline Gammelsæter, Seksjonsleiar, eline.gammelseter@helse-mr.no ArbeidsstadNøisomhedvegen 12 6416 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5140394326 Stillingsprosent: 70, 100% Fast, Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 16.08.2026
Om Tednebakkane omsorgssenter: Tednebakkane omsorgssenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6–8 pasientar. Vi har òg eit dagtilbod med opp til 12 plassar. Som sjukepleiar/vernepleiar hos oss får du vera med i eit nyetablert sjukepleieteam og kan påverka korleis vi utviklar det. Vi har god fagleg dekning med både sjukepleiarar, vernepleiar, og ergoterapeut. Fleire av sjukepleiarane har spesialkompetanse som blant anna akutt sjukepleie og lindrande behandling. Vi har god legedekning, og legen er på huset måndag til torsdag. Vi har òg vårt eige kjøkken og ei koseleg kantine som serverer varm lunsj på onsdagar og torsdagar. Ønskjer du å bli ein del av det trivelege fellesskapet vårt, er du hjarteleg velkomen til å søkja. Vi har no ledig 100% stilling som sjukepleiar på demensavdeling med oppstart snarast. Arbeidsoppgåver: Være ein del av sjukepleiarteamet Utføre sjukepleiaroppgåver Kartleggje miljøtiltak opp mot bebuar sitt behov Dokumentere i journalsystemet CosDoc Medisinansvar Sjukepleiarkontakt for bebuarar Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga. Kvalifikasjonar: Autorisasjon som sjukepleiar 3. års sjukepleiarstudentar vert oppfordra til å søkje. Vurdering til stilling er under føresetnad av at utdanning vert fullført og autorisasjon føreligg. Eventuell tilsettingsdato vert sett til dato som samsvarar med dette. Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav. Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg Personleg eigenskapar vert vektlagd Personlege eigenskapar: Gode samarbeidsevner. Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team. Godt humør, være open, ærleg og lojal. Være glad i å jobbe med mennesker og engasjement for eldreomsorgen Vi tilbyr: • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer • Interessante utfordringar • Høve til fagleg og personleg utvikling. • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Anna: Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff. Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff. Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. % Vi har årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønskje langvakter med arbeid kvar 4 helg. Ved spørsmål om stillinga kontakt: Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no Avdelingsleiar Kjersti Hammersland Dagestad tlf 92490222 e-post kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Modalen kommune har ledig ein fast stilling på inntil 100 % i pleie- og omsorgstenesta! Er du autorisert sjukepleiar eller vernepleiar? Vi søkjer deg som er interessert i å jobbe i eit tverrfagleg og oversikteleg miljø, med stort bredde i oppgåver og få brukarar. Her får du tid til å bli godt kjent med kvar enkelt og følgje desse tett opp i samarbeid med dyktige kollegaer. Vi søkjer deg som kan bidra til eit godt miljø for både bebuarar, pårørande og kollegaer. Modalstunet er kommunen sin einaste sjukeheim og er både institusjon og base for heimebaserte tenester. Der er i snitt mellom 6 - 10 bebuarar, samt eit aukande tal brukarar som får tenester levert i heimen sin. Hos oss vil ein raskt få god oversikt over- og kontakt med tenestemottakarar både i insitusjonen og heimebuande. Arbeidsteamet rundt pleie- og omsorgstenestene består av dyktige kollegaer som vil ønskje deg velkommen som ein viktig del av arbeidsfellesskapet. Det er ellers korte linjer i organisasjonen vår, då pleie- og omsorgsleiar sit i utvida strategisk leiargruppe saman med rådmann. Arbeidsoppgåver og ansvar • Dagleg heilheitleg oppfølging av både heimebuande og bebuarar på Modalstunet som mottek pleie- og omsorgstenester • Planlegging og evaluering av tenesta • Medansvar for utarbeiding og utvikling av system for å sikre brukarane sine rettar og moglegheiter • Bidra til å styrkje pasientsikringa • Bidra til at tenesta tek i bruk aktuelle digitale verktøy i drifa • Ansvarsoppgåver knytt til fagutvikling i personalgruppa • Delta i årsturnus; todelt turnus med langvaktar, men kan pårekne seg evt. noko natt. Tilpassing av langvaktar og evt. nattevaktar skjer i nærare dialog med deg og hovudtillitsvalde, og det vert jobba for å legge til rette for friperiodar i turnus. Kvalifikasjonskrav • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Sertifikat klasse B, for å kunne levere tenester til heimebuande • Norskkunnskaper min. nivå B1 • Grunnleggjande kompetanse på å ta i bruk digitale verktøy for å kunne planlegge for- og sikre at tenesta bruker desse på rett måte • Gyldig politiattest må leggjast fram før ein tek til i stillinga. • Det er eit føremon at du utviser god tolmod, samarbeidsevner og å kunne vere reflektert over rolla i samhandling og oppfølging av brukarar, pårørande og kollegaer. Personlege eigenskaper vert vektlagt. Våre ynskje om deg Vi ser etter deg som: • er fagleg nyfiken, glad i å drøfte faget ditt og oppteken av å bidra til kvalitetsforbetring i tenesta • er raus, utviser tolmod og er omgjengeleg • er oppeteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø • har høg gjennomføringsevne og ansvarskjensle i ord og handling • er reflektert og opptatt av god samhandling på tvers og bidrar til å få fram det beste i dei møter; både brukarar, pårørande og kollegaer • har eit særleg engasjement for å møte brukarar der dei er, viser omsorg og toleranse, og bidrar til eit positivt engasjement i miljøet. Me tilbyr • Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale • Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitetsutvikling • Pensjonsavtale i KLP • Ekstraordinære goder i Modalen kommune for sjukepleiarar i turnus, jf. gjeldande retningsliner (med forbehald om endringar ved revisjon): • 30 000 kr i lønstilskot per år (full stilling) og direkte plassert i min. lønsansiennitet 10 år. Ved relevant helsefagleg utdanning på min. 60 stp., skal ein få endra sin stillingstittel og løn som spesialsjukepleiar • Butilskot (6000 kr/mnd) eller pendlartilskot (3000 kr/mnd) • 5 ekstra fridagar i året • Tilrettelegging for langvaktar i årsturnus • Nedbetaling av studielån på inntil kr 20 000,- (fell bort dersom ein mottek tilsvarande nasjonal ordning) • Moglegheit for å søkje lokale opplæringsmidlar ved relevant vidareutdanning • Moglegheit for gratis overnatting frå kvelds- til dagvakt på eige rom • Moglegheit for å leige bustad i Modalen dersom du ynskjer å prøvebu her.