
EIU - Reinhald - Region nord, Vestland fylkeskommune · Voss
Eigedoms- og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksj...
Eigedoms- og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er om lag 800 000 m², og utgjer mellom anna vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg og kultur- og administrasjonsbygg. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der kvar reinhaldsleiar har ansvar for 1-4 lokasjonar kvar. Vi trur at kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant dei tilsette.
Vår ledige stilling som Reinhaldsleiar er for tida knytt til lokasjonane Voss vidaregåandeskule, Voss gymnas, Hjeltnes Produksjonsskule og Sogn hage- og jordbruksskule. Vi søkja ein erfaren og engasjert leiar, som kan motivera sine tilsette og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi har arbeid godt med arbeidsmiljøet i eininga og vann i 2024 arbeidsmiljøpris, og dette er vi veldig stolte av. Som reinhaldsleiar vil du vere med på å oppretthalde fokuset på nærværsarbeid i avdelinga. Den som blir tilsett må påberekna litt reise i samband med jobben. Stillinga er ledig frå 01.09.2026.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Det er krav til politiattest. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Vi legg vekt på personleg eigenskapar.
Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Ei spanande stilling med ansvar, utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter. Hjå oss vil du få moglegheit til å vekse både personleg og profesjonelt. Du vil bli ein del av eit svært kompetent leiarteam med eit inkluderande arbeidsmiljø der latteren sit laust. Vi sørgjer for å ha det gøy saman kvar dag!
KontaktinformasjonHanne Hougaard Bisgaard, Områdeleiar, 95789400
ArbeidsstadGymnasvegen 5
5700 Voss
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5151674208
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2026
Eining for reinhald søkjer etter tilkallingsvikar. Vikariat for enkelte perioder i høgare stilling kan bli aktuelt. Vi treng deg som vil bidra til reint og triveleg miljø i kommunale bygg. Arbeidsoppgaver • Dagleg reinhald av kommunale bygg • Sikre gode hygienerutinar • Utføre arbeidet etter gjeldande retningslinjer • Anna reinhaldsarbeid etter behov Kvalifikasjoner • Du er fleksibel, engasjert og pliktoppfyllande • Du har evne til å jobbe sjølvstendig • Du har god arbeidsmoral og nøyaktig utføring av oppgåver Opplæring blir gitt – erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav Søkjar må opplyse om dei har førarkort Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar) Personlige egenskaper • Påliteleg og ansvarsfull • Løysingsorientert og positiv • Gode samarbeidsevner Vi tilbyr Vi tilbyr • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår • Lønn etter hovudtariffavtalen • God opplæring og støtte i arbeidskvardagen Nærare opplysingar kan du få hos reinhaldsleiar Tove Hagen KontaktinformasjonTove Hagen, Reinhaldsleiar, +47 41515352, tove.hagen@aseral.kommune.no ArbeidsstedBordalsbakken 10 4540 Åseral Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5152784462 Stillingsprosent: 20% Annet Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du vere med å skape gode og trivelege miljø i kommunale bygg? Reinhald er meir enn å berre vaske! Å gjere reint krev kunnskap, teknikk og ikkje minst evne til å vurdere kor vidt ei flate er rein eller ikkje. Riktig utført reinhald skapar eit godt arbeids- og innemiljø, og er ein viktig del av å førebyggja sjukdom og hindre spreiing av smitte. Tysnes kommune søker no etter ein dedikert og påliteleg reinhaldsoperatør/reinhaldsmedarbeidar til reinhaldsavdelinga vår, som består av 11 tilsette inkludert leiar. Stillinga vil inngå i eit team av reinhaldsoperatørar/reinhaldarar som har ansvar for dagleg og periodisk reinhald på kommunale bygg. Som reinhaldar må du rekna med å veksla mellom oppdraga på dei ulike bygga. Dette vert koordinert av reinhaldsleiar. Stillinga er 80 % fast og har arbeidstid på 7,5 timar per dag, innanfor tidsrommet kl. 06–17 på kvardagar. Arbeidstida kan organiserast i ulike vakter innanfor dette tidsrommet. Arbeidsoppgåver • Utføre dagleg og periodisk reinhald i samsvar med planar og behov • Bruke IT‑verktøy for dokumentering • Arbeide etter hygieniske og miljømessige krav og retningsliner • Følge rutinar for HMT • Kunne veksle mellom oppdrag på ulike bygg Kvalifikasjonar • Fagbrev som reinhaldsoperatør • Relevant og brei reinhaldserfaring innanfor profesjonellt reinhald kan kompensera for manglande fagbrev. • God kjennskap til reinhaldsstandard, ulike reinhaldsmetodar, smittereinhald og bruk/vedlikehald av maskinar og utstyr. • Førarkort klasse B, og mogelegheit til å disponere eigen bil. • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg på minimum B1-nivå. • Grunnleggjande IT-kunnskapar Politiattest må leggast fram ved tilsetjing jf. opplæringslova § 17-11 og barnehagelova § 30. Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: • er serviceinnstilt, positiv og løysingsorientert • jobbar nøyaktig og følgjer rutinar • tek ansvar for eige arbeid og kvaliteten på jobben du gjer • trivst med fysisk arbeid • har god samarbeidsevne, er omgjengeleg og likar varierte utfordringar Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Kvifor skal du jobba hos oss? Høyres det gjevande ut å arbeida på ein plass med eit inspirerande og viktig samfunnsmandat? Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss får du sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg stimulerande og hyggeleg miljø. Stillinga er som reinhaldar, med lønsplassering i kapittel 4 (0–16 års ansiennitet). Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar, og enkelte år òg lokalt. Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg og mogelegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen. Informasjon til søkar Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte. Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Vi trenger ringevikarar for miljøservicearbeidare Vi er 47 medarbeidarar i reinhaldsavdelinga og utfører reinhald på institusjonar, skular og i barnehagar. Vi ynskjer no å knytta til å oss ringevikarar som kan steppa inn ved feriar, sjukdom og lignande. Me arbeider etter innemiljøstandarden med arbeidstid på dagtid frå kl 0600 og utover. Arbeidstida kan endrast etter behov frå arbeidsgjevar. Me fylgjer ikkje skuleruta. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jf. strafferegisterlovar. Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju. ArbeidsoppgåverDagleg reinhald, både manuelt og med maskinar.KvalifikasjonarFagbrev er ønskjeleg Grunna organisering med rullering må den som vert tilsett har sertifikat og disponera eigen bil Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språksnivå tilsvarande B1 Gode IT-kunnskapar Personlege eigenskapar Du har interesse for og ønskje om konstant læring og utvikling Du er positiv, fleksibel og serviceinnstilt Evne til å arbeida sjølvstendig og målretta Vi legg vekt på kommunikasjon og samhandling God orden og ryddigheit Vi oppfordrar alle til å søkja elektronisk på webcruiter. Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utenlandske attester oversatte til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet. Vi tilbyr Lønn etter gjeldande tariff Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår KontaktinformasjonHanne Marie Bøe Netland, Reinhaldsleiar, +47 90922510 ArbeidsstadBedriftsvegen 4 4353 Klepp Stasjon Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5052865490 Stillingsprosent: 10% Anna Startdato: 05.01.2026 Søknadsfrist: 31.12.2026