Vil du bidra til tryggare og meir kompetente helse- og omsorgstenester i Hallingdal?
Mobilt Ferdigheitsteam arbeider med kompetanseheving for tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene i Ål, Hol, Gol, Hemsedal og Flå. Gjennom praktisk ferdigheitstrening, simulering, undervisning og etisk refleksjon bidreg teamet til å styrkje den kliniske kompetansen og tryggleiken til dei tilsette.
Opplæringa blir gjennomført på arbeidsplassane i kommunane, digitalt og på øvingsposten på Torpomoen. Innhaldet blir tilpassa faglege behov og bestillingar frå kommunane.
Instruktørkompetanse innan førstehjelp eller hjarte-lunge-redning er ein fordel.
Du er trygg og tillitsskapande i møte med ulike menneske og fagmiljø. Du har pedagogisk forståing og evnar å gjere fagstoff praktisk, relevant og engasjerande. Vi ser etter deg som tek initiativ, arbeider sjølvstendig og strukturert og samtidig samarbeider godt med andre. Du må vere fleksibel og trivast med ein variert og utadretta arbeidskvardag.
Relevant praktisk erfaring og personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.
Arbeidsstaden er Hallinghelse på Torpomoen i Ål. Stillinga inneber reiseverksemd mellom Ål, Hol, Gol, Hemsedal og Flå.
Ta gjerne kontakt med oss.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt ål