Er du vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller ergoterapeut? Og kunne tenke deg å arbeide som fagkonsulent med oss? Du må du lese vidare.
Ønskjer du å arbeide med habilitering i spesialisthelsetenesta?
Spesialisert habilitering Sunnmøre søkjer ein fagleg engasjert medarbeidar i 50 % stilling.
Vi ønskjer oss ein kollega med relevant fagkompetanse, god klinisk vurderingsevne og interesse for tverrfagleg samarbeid. Du bør trivast med komplekse problemstillingar, bidra aktivt i faglege drøftingar og vere oppteken av kunnskapsbasert praksis.
Hos oss får du arbeide med utgreiing, oppfølging, rettleiing og kompetanseoverføring i eit spesialisert og tverrfagleg fagmiljø. Arbeidet er variert og omfattar både poliklinisk og ambulant verksemd, i tett samarbeid med pasientar, pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar.
Spesialisert habilitering Sunnmøre tilbyr tverrfaglege spesialisthelsetenester til vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Vi har ei heilskapleg tilnærming til habiliteringsarbeidet, der medisinske, psykologiske, pedagogiske og sosiale forhold blir sette i samanheng.
Seksjonen vår består av eit tverrfagleg team på 15 årsverk med brei kompetanse innan habiliteringsfeltet. Vi har eit godt arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus på kvalitet, fagutvikling, tverrfagleg samarbeid og kunnskapsdeling. Arbeidet går føre seg både poliklinisk og ambulant, med kontorstad i Ålesund.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for planlegging, koordinering og oppfølging av pasientforløp
Delta i behandlingsforløp med utgreiing, kartlegging, tilrettelegging og behandling Iverksette, evaluere og følgje opp tiltak og behandlingsplanar Utarbeide faglege fråsegner, mellom anna fråsegner til Statsforvaltaren i tråd med kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova Journalføring og dokumentasjon i samsvar med gjeldande krav Pasient- og pårørandeopplæring, rettleiing og rådgjeving Rettleiing, rådgjeving og undervisning til tilsette i kommunale tenester Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Delta i fagutvikling-, kvalitet- og forbetringsarbeid Bidra til nettverks- og kompetansebygging Kvalifikasjonar
- Helse- og sosialfagleg utdanning minimum bachelor, relevant vidareutdanning er ønskjeleg
Yrkeserfaring med målgruppa, kjennskap med kartlegging og tiltaksplanlegging Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd Kunnskap om og erfaring frå oppfølging av Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, om tvang og makt Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg Menn er oppfordra til å søke Personlege eigenskapar
- Du skaper tillit og gode relasjonar til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Du arbeider sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert Du trivast med tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av tenestenivå Du bidreg aktivt med rettleiing, undervisning og kompetansedeling Du er fagleg engasjert og held deg oppdatert innan eige fagområde Du ek initiativ, viser fleksibilitet og handterer komplekse problemstillingar på ein god måte Du søker råd og samarbeid når det er nødvendig Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og bidreg til fagleg og sosial fellesskap i seksjonen Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetting Vi tilbyr
- Eit spennande og meiningsfylt fagområde i kontinuerleg utvikling
Moglegheit til å arbeide i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse Varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg utvikling og kompetanseheving Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollega Aktiv deltaking i fagutvikling, kvalitetsarbeid og kunnskapsdeling Dagarbeid med fleksitidsordning Løn i samsvar med gjeldande overeinskomstar Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning og gode forsikringsordningar Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonAnne Jensen, Seksjonsleder, +47 48090563, anne.jensen@helse-mr.no
ArbeidsstedÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5165189032
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 20.09.2026