Vi søkjer handlekraftige og samfunnsengasjerte politibetjentar til ei variert stilling i Møre og Romsdal politidistrikt!
Dette er ei stilling der du gjennom ein integrert turnus får du ein unik kombinasjon av
I denne stillinga vil du ha ein arbeidsplan som omfattar begge arbeidsområde innanfor same turnusperiode. Stillinga har tredelt turnus, og blir fordelt omlag likt mellom einingane.
Du vil få ei nøkkelrolle både i møte med publikum og i handteringa av kritiske hendingar. Du vil jobbe tett med erfarne kollegaer, bruke moderne teknologi og ta del i fagleg sterke miljø som set beredskap, samhandling og profesjonell dømmekraft høgt.
Vi kan love deg ein variert og aktiv arbeidskvardag med heile politidistriktet som arbeidsfelt! Utanom ei variert og utviklande stilling, byr Ålesund og Sunnmøre på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi ser etter motiverte medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet. Evna til å vere trygg, nærverande og lydhøyr i krevjande situasjonar og dessutan byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Det er også ønskjeleg med
Personlege eigenskapar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt ålesund