Møre og Romsdal fylkeskommune har mange bruprosjekt i porteføljen dei komande åra. Til prosjektorganisasjonen søker vi prosjekteringsleiar innafor større bruprosjekt som ny Remøybru og ny Steinvågbru. Der vil du inngå i eit team med blant anna prosjektleiar, byggeleiar, kontrollingeniør, prosjekterande og støtteressursar. Du vil rapportere til prosjektleiar.
Stillinga har kontorstad Ålesund.
Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag om lag 50 tilsette med kompetanse innafor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, ny Remøybru og Steinvågbru, tunneloppgradering og ei rekkje andre bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket.
Kvalifikasjonar- Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande).
Vi tilbyr- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
ArbeidsstadBorgundvegen 340
6009 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5171263284
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt ålesund