Det er ledig to vikariat i 100% stilling ved Rabbevågen barnehage med oppstart så snart som mulig og til 31.07.27.
Arbeidsoppgåver
Stillinga som fagarbeider består av arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med Barnehageloven og Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver.
Vi leiter etter deg som kan jobbe i tråd med forventningane under:
Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn. Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa. Bidra til at det enkelte barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe. Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor dei rammene ein har blitt einige om. Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid. Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt. Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Gode norskkunnskapar i tråd med barnehageloven §§ 27 og 28. På grunn av personalgruppas samansetning oppfordrast menn til å søke. Gode IKT kunnskaper til dagleg bruk i prosjektarbeid og dokumentasjon. Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som har evne til å:
Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring. Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen. Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet. Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass. Vere bidragsytar på personalmøter og planleggingsdagar, og ønske personleg utvikling. Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov. Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus. Sette deg personlege mål og vere synleg i gruppa. Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar. Vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff.
Gode pensjonsordningar i KLP. Godt arbeidsmiljø med engasjerte og positive medarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver. Hos oss møter du undrande og aktive barn som sett sitt preg på kvardagen. Ein miljøsertifisert barnehage. Barnehagen ligg rett ved Stafsethneset og er mykje ute på tur i nærmiljøet. Kontaktinformasjon
Marthe Lundemo, Verksemdsleiar, 415 18 135, marthe.lundemo@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Vegsundvegen 62
6020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5165533701
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 15.09.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 06.09.2026